Tankar frå ei reise

Tankar rundt reiseskildringar frå fjern og nær

onsdag, august 12, 2009

Å flytta

(Frå bloggen Innerst i skogen)

Så køyrde me. Utan å sjå oss tilbake. Utan å kjenna etter. Svinga til venstre. Og køyrde. Lenger og lenger vekk.
-Eg synes eg kjenner eit spark, sa ho.
Eg kikka i spegelen. Den grå fjorden der bak var allereie borte. Snøføyk virvla opp bak tilhengaren på bilen. Motoren summa jamnt. Dekka buldra over ein og annan issvull. Det var grått og overskya. Ljoset viste at det var sein vinter og ettermiddag. Eg såg framover, slik eg burde gjera. Lier med snø og spredt fjellbjørk. Ei islagt elv som snoa seg gjennom landskapet.
Ein stad der framme blinka det. Eg sakka på farten. Vegen var sperra av to redningsbilar. Ute i grøfta låg ein trailer. Redningsbilane prøvde å dra den opp, men klarte det ikkje. Det stansa fleire bilar bak oss. Ei kvinne gjekk fram og gjorde teikn til at eg skulle rulla ned vindauget.
-Det er nok glatt her, sa ho.
-Jo, sa eg.
Det var slik dei gjorde her. Snakka med framande som om me var gamle kjente.
-Dette kan ta tid. Eg trur eg vil snu og køyra den andre vegen.
Ho nikka og gjekk tilbake. Starta bilen og snudde. Eg kunne sjå at ho var ein røynd sjåfør. Men eg ville venta og sjå. Kanskje dei i redningsbilane tok ein pause snart og slapp oss forbi. To tynnkledde unge gutar gjekk ut av ein buss og fram ved sida av bilen vår. Dei gjekk eit skritt. Og så eit kort og prøvande. Og så eit lite skritt til slik at dei stod framfor bilen vår. Dei smilte til kvarandre. Hadde sikkert fått beskjed om å ikkje gå lenger. Og så gjorde dei det. Gjennomførte sin eigen, vesle protest mot autoritetane.
Det byrja å skje noko. Wairane blei løsna. Svart røyk spydde ut frå redningsbilane då dei ga gass. Så flytta dei seg. Slapp oss forbi.
Det byrja å mørkna. Me kryssa ei bru. Og brått fann me oss utanfor landet. Og inne i eit nytt. Til meir snø. Og endå meir skog.
Ho såg ned på magen. Smilte. Såg bort på meg.
-Kan me ikkje berre stansa for kvelden? Eg er sliten.
Eg såg på klokka. Sju. Men ei kvinne måtte lydast i ein situasjon som denne. Me kom ut av skogen og til ein tettstad. Eg blinka inn til eit hotell. Fann ein stad der det var plass til både bilen og tilhengaren. Skrudde av motoren. Opna døra og gjekk svimmel ut. Kjende den kalde innlandslufta.

lørdag, august 30, 2008

Reise i nære strok

Det går an å dra rundt i det nære. Og oppleva minst like mykje. Me tok på oss turistbrillene og køyrde til Syltefjord og til han klokkemannen, som lagar klokker og anna av lokal stein. Han har haldt på i mange år nå. Framleis den same. Inne i lokalet sitt, laga av drivtømmer. Trolsk stemning med klokkelydar ute i vinden og eit lite "vatnfall" inne. Og som gode turistar handla mykje hos han.

Vidare til Kjølnes Fyr og overnatting. Fekk servert lokal boknafisk og overnatta i brudesuiten i fyret. Det var jo ei slags forsinka bryllupsreise, dette.


Neste morgon frukost og lang og god prat med innehavaren, Esther. Og to franske journalistar frå Le Figaro som var overvelda over skilnaden mellom Paris og Kjølnes.



Inn til Berlevåg og glaskunstnaren Daniela. Ho held på å utvider i nye lokale. Blir sikkert bra. Handla hos henne òg.


Tilbake igjen. Sandfjorden med sitt magiske landskap.

Og til Kongsfjord, der dei har slått seg opp dei siste åra med flott antikvitetsbutikk, kunst med meir.

Fin tur i det nære.

søndag, desember 30, 2007

Du grønne glitrende tre, goddag.


Har tatt ein liten romjulstur. Dratt frå snø og mørketid til regn og grøne bakkar, til barndomsøya. Får treft sonen min, foreldre, slekt og diverse.
Medan me sat ved kaffebordet, såg eg brått dette vesle noteheftet. Nokre kornettnotar med julesangar. Og tankane flaug straks langt bak i tid.
Då eg sat og dingla med beina, spelte og vræla på ein kornett i skulekorpset på ein julekonsert i kyrkja.
Kornetten min var dyr og fin. Men det dumme med den var at den hadde så stort hol i munnstykket. Dermed var det vanskelegare å koma opp i dei høgaste tonane. Den hadde visst ein fin og rund tone, men det hjalp ikkje i eit korps kor det viktigaste av alt var å koma opp i høge tonar.
I barndommen skjøna eg ikkje denne samanhengen. Trudde berre at eg var for dårleg til å spela. Synd i grunnen at eg ikkje forstod det før godt opp i vaksen alder.
"Du grønne, glitrende tre (goddag)" var ein av dei som eg stadig streva med. Den første, høge e-en gjekk greit. Men så kom det ein til. Den vart tynn. Så hoppa det jammen opp i ein f. Og mot slutten var leppene mine så slitne at til og med d-ane gjekk over i forferdelege vræl.
Det var trompet eg skulle hatt. Den har som regel mindre hol i munnstykket. Og det var sannsynlegvis difor eg vart så dødsens forelska i ei (eldre) jente i korpset som spela trompet. Ho kunne nemleg utan problem støta ut tonar i g og a Gud veit kva. Så når me sat på nokre benker på kvar side av alterringen, iført mørkeraude uniformar og med instrumenta i fanget, og venta på å få spela (eg grua meg), så blei eg sitjande og nidstirra på denne jenta. Då var eg så ung at eg ikkje skjøna at slik stirring kunne bli lagt merke til. Det blei det. Ho og alle venninnene hennar som sat ved sida av henne (dei var alle forferdeleg store, sånn i min målestokk)byrja å stirra tilbake, kviskra til kvarandre og knisa. All framtid kjendest som øydelagt. Og verre vart det då me gjekk fram og satte oss på stolane for å spela julesangane. Eg vifta med beina. Dirigenten heva takstokken. Så byrja me på "Du grønne glitrende tre. Goddag."

lørdag, desember 01, 2007

På tur med gps-en


Har tatt ein tur sørpå. Vore i Oslo på filmanalysekurs på Universitetet med sambuar og kollega. Rart å vera på gamle tomter. Og det må vera minst eitt nytt, stort hus som ikkje var der sist på Universitetet. Flotta oss på hotell. Leita etter ei bok. Kom innom ein bruktbutikk i Hegdehaugsvegen, som var overlessa med gamle bøker. Og mest imponerande var det at innehavaren hadde full oversikt. Og kunne straks fortelja at boka eg såg etter, hadde han ikkje (Dag Skogheim; Sulis).
Men me kjenner nokon på Deichmanske. Og der var den. Forsåvidt berre på lån.

Samstundes har eg kjøpt meg ein ny duppedings. Ein liten blinkande boks som er ein gps. Den koblar seg til mobilen min, og så kan eg finna fram overalt.
I Vadsø er det forsåvidt ikkje så mykje bruk for den. Er jo godt kjent der frå før. Og det går enten den eine vegen eller den andre i den byen.
Men så skulle me liksom finna Deichmanske i Oslo. Me stod midt i sentrum. Eg plundra med mobil og gps. -Ring henne og finn ut kva adressa til biblioteket er. Eg meinte bestemt å høyra at det var Arne Garborgsvei 4. Så gjekk me. Mobil og gps viste veg. Til høgre. Og venstre. Og rett fram. Me gjekk og gjekk. Og kom aldri fram. For adressa var visst feil. Var på veg rett ut av byen.
Eg drog seinare på kvelden til Stavanger. Vitjar sonen min som går på skule der. Dessutan bur bror min der. Han ringte meg og tilbaud å henta meg på flyplassen.
Det var jo fint. Det var seint på kvelden og eg var trøtt. Men det dumme var at eg hadde gleda meg til å bruka gps-en frå Stavanger sentrum og til hybelen til sonen min.
Så nå får eg jo aldri brukt denne gps-en!

lørdag, mai 12, 2007

Fuglesang om morgonen


Vakna opp morgonen til denne lyden.
Har tatt ein helgetur til Halsnøy, barndommens øy, sidan eg først på desse trakter. På grunn av store avstandar blir det som regel ikkje meir enn toppen ein gong i året det skjer.
Og når eg har reist frå iskald kuling og snø i Vadsø og kjem hit, blir det unekteleg eit kraftig natursjokk.
For ikkje å snakka om å vakna til lyden av vakker fuglesang.


Kjendisane og eg



Har vore ein tur i Bergen og kikka. Samling blant medielærarar først. Og så Nordiske Mediedagar. Diverse spanande seminar. Blant anna frå BBC som fortalte om korleis dei laga naturprogram og historiske dokudrama.

Kjendisar overalt. Nokon kjenner eg. Og nokon helsa eg på. Av typen;

-Nei, hei, er det du? Det var lenge sidan. Kva gjer du på nå? Nei, men me snakkast vel igjen.

Der borte stod ein som seldte ei vannseng til meg ein gong. For 20 år sidan. Kunne ha gått bort og minna han på det. Men lot vera.

Og borti der stod Dorthe Skappel med blåveisen sin. Ho snakka energisk med ei gruppe. Kunne ikkje unngå å høyra kva temaet var då eg rusla forbi; Sjølvsagt om korleis ho fekk blåveisen.

Det var ein ting eg var glad for på denne samlinga. At eg sosialt sett kunne slappa av. Eg slapp å gå kvilelaust omkring å pleia gamle og skaffa nye konktaktar. Eg kunne berre rusla omkring og sjå det heile litt på avstand.

Og ta ein og annan avstikkar bort frå sirkuset, til sjølve Bergen, med kafear og vårluft.

søndag, februar 18, 2007

Boksen i Tromsø


Er av og til i Tromsø for å henta nye impulsar.
Og var i helga på ei spesiell forestilling.
Medan det stod ei framme og fortalte og las, kunne eg høyra nokon bakerst i blant publikum som snakka i telefonen.
Eg blei meir og meir irritert. Tenkja seg til! Endåtil i Tromsø er det nokon som forstyrrer slik! Andre snudde seg og såg undrande bakover.
Så viste det seg at dette høyrde til forestillinga. I ein stor boks kom det ut ei stemme. Til og med latteren til to jenter rulla ut av boksen iblant.
Kva som foregjekk framme på scenen fekk eg ikkje særleg med meg. Men det var jo ein god og nyskapande ide.
Så slo tanken meg; Kvifor har me ikkje slike boksar i Vadsø?

lørdag, januar 20, 2007

Nytt år mellom opera, techno og tiggarar

Me gjekk inn i det nye året i hovudstaden denne gong. Ville flotta oss litt og sjekka inn på Hotel Plaza. I 26. etasje.
Ville oppleva litt kultur. Drog til Munchmuseet.
Stengt.
Kan du tenkja deg. Omtrent alt var stengt den siste dagen i det nye året, fordi det var søndag. Nokre turistar rista skuffa i den låste døra.
Men operaen var klar til å ta imot folk. Med Mozart sin historie om den romerske keisaren Titus. På veg til operaen støtte me stadig på narkomane med pappkrus. Ein av dei såg ut til å ha sete på det same fortauet heile dagen i kulda. Eller kanskje dei veksla på å sitja på forskjellige postar.
I operaen blei me servert champagne.
Ut av operaen støtte stivpynta publikumarar frå Oslos Beste Vestkant på ein gjeng ungdommar som strauma ut av ein buss. Frå bussen dundra det siste nytt innan techno. Ungdommane skråla og sprang bort til ein vegg for å pissa.
Me gjekk inn på ein italiensk restaurant. Kjende lukta av middelhav og livsnytelse.
Skunda oss til slutt tilbake til hotellet. Opp på rommet i 26. Høgt heva over alt bråket der nede. Såg klokka segla mot eit nytt år. Og på rakettane som eksploderte under oss.
Og så var det nye året der.

Det Indre Austland i jula

Drog sørover til det Indre Austland i jula. Til Akershus og Hedmark. Der gamle, amerikanske bilar står rundt kvart hushjørne.
Til juleselskap med ribbe og kaffe. Og lune menneske. Som fortalte om jul i gamle dagar. Då alt var slit og arbeid. Då det største som kunne henda var å få eit par beksømstøvlar i julegåve. Så glad at han sov med støvlane på om natta.
-Me skjønar ikkje kor godt me har det i dag, sa ein av dei. Og kikka ut på bakken som ikkje var dekka av snø.
Dette er menneske som kan den edle kunsten å småsnakka;
-Nå, har du fått i deg mye god julemat i helga?
-Joda, det har da blitt noe, ja.
-Kanskje litt for mye av det gode?
-Joda, det har vel blitt litt mye, også, ja...
og så vidare...
Og ingen stader er julenissen meir ekte enn på Austlandet.Det er som å gjenoppliva alle åra med Snekker Andersen. Men dagen etter då ein onkel kom innom og spurte om julenissen hadde kome, svara fireåringen tørt;
-Ja, det var deg, det.
Ingenting er som før.
Naturen består i stor grad av skog. Innimellom ei og anna gammal hustuft frå eit småbruk i hine hårde dagar.Nokre halvvegs frosne småbekkar. Store kornåkrar som ventar på ny kornsesong. Store, flotte gardsbruk. Med bønder som berre jobbar og jobbar.I motsetnad til oss turistar som berre gjekk korte turar før me åt meir julemat.