Jada.
Det vart ein tur på sykkel igjen. Dette enkle og gode framkomstmiddelet som har hjulpe meg fram her og der. Med far og son til hytta i sommar. På elbiloppdrag med eldste son tidleg i haust. Frå hytte til jobb, inkludert overnatting i skogen seint på hausten.
Denne gong skulle den hjelpe meg på veg til jobb, etterpå til eit julebord og til slutt til eit seminar. Alt den same helga. Ei regntung novemberhelg.
Først ei mil tidleg ein fredags morgon på jobb.
Så frå jobb den regntunge og mørke ettermiddagen. Omlag fjorten kilometer frå Eidsvoll til Letohallen Hotell. Sykkellykta var montert på hovudet under hjelmen. Sekken viste seg å vera tung. Regnkleda gjorde kroppen klam etter kort tid. Langs ein flat landeveg. Ingen menneske å sjå. Duskregnet gjorde landskapet ekstra mørkt og folketomt. Vegen var ukjent. Eg rota meg bort her og der. Plukka opp smarttelefonen. Leita med kart og gps.
Så brua over E6. Biltrafikken blei meir alvorleg. Minna meg om at eg ikkje høyrde heilt til der med sykkelen, medan eg smaug meg gjennom rundkøyringane. Og så opna hotellet seg. Eg trilla sykkel og meg sjølv, innhylla i grøne regnklede og gule refleksvestar, inn på hotellet. Fekk parkert sykkelen innandørs.
Hotellrommet ynskte meg velkomen. Endeleg kunne eg vrenga av meg det tunge skalet med tøy. Lot meg omfamne av dusjen.
Når det er sjeldan at ein bur på hotell. Så er det visse ting ein set ekstra pris på. Noko av det finaste er å slenga seg ned i hotellsenga. Pusta ut. Og kikka på tv. Kanskje ta ein øl, viss ein har (det hadde eg).
På naborommet høyrde eg glade rop. Andre som gjorde seg klare til julebordet.
Me gjekk ned. Kom til blide, fine og pynta menneske. Oppstemte andlet og gløgg i hendene. Inn til restauranten. Endeleg den første lukta av jul. Ribbe og pinnekjøtt. Og masse anna. Og multekrem og karamellpudding til dessert. Og endå meir blide menneske. Kroppen blei tung og god. Eige husorkester som serverte tonar frå femti og sekstitalet. Slik det høyrer til på eit julebord. Folk som dansa. Eller sat rundt borda og prata venleg. Nokon av oss prata om litteratur. Blant anna. "Har du lest den boka?" "Enn den?" (sjølv likar eg best å snakke om den eg har lest, og hoppe fort over den eg ikkje har lest).
"Jobbklokka" vekte meg tidleg neste morgon i det stille hotellrommet. Utanfor vindauget gjekk det sakte over i grått. Eg satte på tv-en. Såg på nyhende frå BBC. Plukka opp telefonen, opna Facebook og kikka på kva andre hadde gjort så langt i helga.
Noko anna som er ekstra fint med hotell, er frukosten. Nokre få gjester sat stille ved borda. Tilsette segla omkring, plukka opp brukte tallerknar. Eg fann fort fram til bacon og eggerøre. Kaffe og juice. Alt det ein kunne unne seg når ein først var på eit hotell. Nokre av julebordsgjestene dukka etter kvart opp. Prata roleg, men like venleg.
Eg trilla sykkelen ut av hotellet. Sykkeltøyet var på igjen. Sekken nestan like tung. Det var grått, men lyst og lett. Mildt, men kjøleg. Eg susa nedover mot Dal. Som er ein... ja, dal. Ein gammal, gulmalt togstasjon og gamle togskinner skar gjennom. Eg kjøpte billett frå ein automat. Men toget gjekk ikkje. Utbetring av skinnene eller noko slikt. Ein buss overtok. Sykkelen blei lempa inn i bagasjerommet. Bussen passerte slake jorde og nymalte gardsbruk. Til Jessheim. Eg rulla sykkelen inn på toget. Sjekka at den ikkje stod i vegen for nokon inne i togvogna. Tempoet gjekk opp etter kvart som me nærma oss storbyen. Eg trilla gjennom den travle folkemengda på Oslo S. På plassen utanfor steig tonane frå eit rumensk trekkspel. Narkomane på Karl Johan selde aviser. Folk hasta framover. Nokon skrådde inn i forretningar. Sykkelen min gjorde som alt og alle; snirkla seg forbi alt og alle. Inntil me kom fram til Eldorado Bokhandel.
Jøss! For ein stad! Som eit stort bibliotek. Runde veggar. Ein kunne gå seg vill i bøker og trange gangar. Unge menn med hipsterskjegg (trur eg det heiter) stod med andleta ned i bøkene. Unge kvinner leita sakte gjennom bokreolane. Inn på eit toalett og skifta igjen. Til svart skjorte som passar til både julebord og seminar.
Så var det seminaret. Indieforfattarseminar. Samling av skrivande som gir ut bøker på eiga hand. Fri frå forlaga sine tyranniske (viss me tar litt i), tronge rammer.
Blide andlet ynskte velkomen. Inkluderande, milde auge. Temaet var marknadsføring av eigne bøker. Korleis ein kunne få opp salet i Amazon. Få opp merksemda i Google. Utnytte crowdfunding. Og nyhendebrev.
Jøss! Det går an. Folk får det til. Ei ny tid med nye moglegheiter. Eg kjende det bobla. Så samla nokre seg mot ein ny stad for å eta. Ny prat rundt bordet. Nye kjente. Så mykje nytt å læra.
Inntil det rulla heimover. I mørke bygater. Og i duskregn. Ikledd grøne regnklede og gule refleksvestar. Inn på toget. Passa på så sykkelen ikkje stod i vegen. Skifta til resten av sykkelkleda inne på togtoalettet. Ut på perrongen ved Eidsvoll. Den siste mila på den mørke landevegen.
Det var blitt laurdags kveld. Eg opna døra inn til huset. Det lukta pizza der inne. Yngste sonen stod i trappa då eg steig inn.
-Eg har savna deg, sa han.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar