Eit stykke inne i skogen bak huset vårt er denne kulpen, tilrettelagt for bading og rekreasjon. Namnet er ikkje fullt så idyllisk; "Mærrahølet". Kvifor, har eg ikkje brukt tid på å finne ut av. Kanskje dreiv folk og vaska arbeidshestane sine i kulpen etter lange dagar med tømmer ein gong for lenge sidan. Eller noko slikt. Vatnet er ikkje akkurat så klart. Brunt mudder, typisk for skogsvatn, gjer sikten dårleg. Men det vesle vatnet, omkransa av tett skog, er ein liten oase i den dirrande, indre austnorske sommarvarmen.
Det skal ikkje så mykje til for å gjera dagen vellukka. Og ein treng ikkje dra så langt. Berre litt innover i skogen bak huset. For å prøva badevatnet litt. Og liggja på plattingen. La sola varma våte kroppar. Høyra på vinden i lauvtrea, fuglar som syng og yre sommarungar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar