Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg

fredag, august 09, 2024

Oslo by ein morgon i august


 Framleis i feriemodus kom eit ærend om å dra til Oslo, denne forunderlege by, ein tidleg morgon i august. Då ærendet var gjort unna, kom valet: Dra rett heim igjen, eller bli litt til i byen?

Eg tok bussen frå Sagene tilbake mot Jernbanetorget. Dei andre busspassasjerane var stille og såg alvorleg ned i mobiltelefonar eller lytta med glasaktige auge til noko i øyreproppane sine. Denne fjerne, reserverte og rolege stemninga som ein finn i bussar i Oslo. Den passa meg fint. Eg såg ut på skiftande bygningar og folk. Ein hage segla forbi. Det var sikkert ting å sjå i denne bydelen viss eg stoppa litt. Men kroppen blei inntil vidare sitjande i bussen.

Eg vandra langs Jernbanetorget, bort frå Oslo S. Gjekk innom ein kiosk og kjøpte ein kaffe, satte meg på ein benk i skuggen av nokre eiketre. Byrja å skrive på ein tekst. Det lukta katteskit eller noko under benken. Gamle murbygningar. Raude og gule. Det var framleis ganske tidleg på dagen, sånn feriemessig. Pulsen i byen var roleg og litt avventande. Det hadde kome eit litt kjøleg drag i lufta. Eit lite varsel om haust. Men bortanfor eiketrea byrja sola å steike mot asfalten. Skugge og kjøleg luft passa meg best. Nokre blå trikkar dunka dovent forbi. Ein flokk med ungdomar trilla koffertane sine bortover fortauet. Ei dame i gul refleksvest leia dei framover. Kvinner i ulike aldrar sykla forbi i flagrande kjolar. Brått stod det fire bein frå ein diger hest rett framfor benken min. Eg myste opp. Ei politikvinne oppå hesten kikka ned på meg. Ho ville sikkert sjekke litt kven eg var for ein. «Hei», sa eg. Ho smilte venleg og lot hesten skritte vidare på harde brusteinar. Ein mann satte seg ved benken min. «Hei», sa han. «Hei», svarte eg. Så sa me ikkje meir. Sat på kvar vår kant av benken. Han såg i telefonen. Det same gjorde eg, medan eg skreiv vidare på teksten min.

Eg kunne ha stoppa der. Men ei historie tar eigentleg aldri slutt. Og eg må vedgå at det var fleire lag i denne historia. For eg hadde òg kontakta eldstesonen. Eg tenkte fyrst at han var alt for travel denne tida. Men så sendte eg ei melding likevel. Ikkje så dumt. Han kunne avsetje ein halvtime til lunsj. Og eg kunne i mellomtida vente ved å sitje på ein benk, kikke på bylivet og skrive ein tekst. 

Endå ein mann, han var truleg kameraten til han ved sida av meg, kom bort til benken. Dei to helsa varmt og snakka fort og engasjert. Eg trur det var på arabisk. Det oppstod eit brått, kulturelt taktskifte. Sola varma meir. Gatene blei fylt med fleire menneske. Ein ambulanse hylte forbi. To brannbiler hylte den andre vegen. Sånn kvardagsleg hyling i ein relativt stor by, som hadde vakna for alvor. Dei to ved benken snakka energisk og venleg. Han ved sida reiste seg, lot kameraten få setje seg på benken og blei sjølv ståande. Av respekt satte han seg ikkje i midten, for nær meg. Av same type respekt reiste eg meg så dei to fekk ha benken i fred, sa «ha det bra» til dei og fekk eit «ha det bra» tilbake. Så lot eg beina byrje vandringa mot Deichman. Eg gjekk opp i tredje etasje og satte meg på ein mjuk stol med panoramautsikt mot hamna. Skreiv vidare på teksten. To andre menn sat i området, like i nærleiken av kvarandre. Utan at eg var heilt sikker, såg det ut som at han eine hadde ein muslimsk kufi på hovudet, og han andre ein jødisk kipa. Dei sat ein meter frå kvarandre. Han eine litt bak. Begge fredeleg opptatt med å lese i kvar si bok. Det ga meg eit lite håp. Kanskje det er det som skal til. Å sørge for gode nok rammer for fredeleg sameksistens. Som på Deichman.

Eg traff aldri eldstesonen den dagen. Han hadde oppgitt ei adresse til ein lunsjkafè, eg plotta den inn i Google Maps og byrja å gå. Men av ein eller annan grunn var ikkje Google Maps og eg samstemte akkurat då. Eg sveitta i veg, mellom trafikk og hektisk bystøy, sola steika, lunsjvarmt, langt forbi Grünerløkka, heilt feil veg, innan det berre var å avlyse avtalen med ein lett oppgitt eldsteson. Men det er eigentleg ei anna historie.


mandag, august 05, 2024

Plassen ved havet


 På ein tur i vest er det så mykje ein gjerne skulle hatt tid til, så mange stader ein gjerne skulle dratt innom. Som regel rekk ein berre litt av noko, innan plikter kallar ein tilbake mot aust. Før den årlege vestlandsturen tenkjer eg gjerne at eigentleg er det meir enn nok å gjere i aust. Når eg så har kome i vest, skulle eg gjerne gjort meir der.

Fjortenåringen var som alltid med. Han hadde i alle fall sine ynskje, og fungerer som ein god rettleiar når mitt fokus svirrar her og der. Blant anna ynskte han å ta ein tur til Utsira. Denne vesle øya som ligg langt uti havet. Ei øy der veret kan skifte brått mellom storm og stille, kald tåke og varm sol. Øya med slekt på alle kantar. Ei barndomsøy der me vitja ei bestemor og andre slekter kvar sommar for mange, mange år sidan. No er bestemora borte. Ting har endra seg og mine vitjingar har vore sjeldne. Men eit par dagar denne sommaren skulle me klare.

Fjortenåringen frå det indre austland blei litt svimmel under den timelange båtturen ut i frisk havbris. Men han la seg ned på benken og stod han fint av. Det såg ut til at me var heldige med veret. Øya bada i sol. Bilen køyrde på land, opp langs ein smal veg som neppe var tiltenkt biltrafikk då den blei bygd. Inn langs eit steingjerde og fram til eit gammalt, kvitt hus med gamle minne. Dei fleste husa på Utsira er kvite og av gammal årgang. Dei er som regel bygd litt nede i terrenget, i le bak eit berg, verna mot kraftige vindar. Lukta av lyng og hav slo mot oss då me opna bildøra. Nakne bergrabbar låg omkring der dei alltid har lege. Nokre sauer breka i det fjerne.

Eit viktig ynskje frå den unge sonen var å få fiske. Han hadde ennå ikkje opplevd gleda ved å kjenne det nappe i ei fiskestong. Me gjekk utover gamle, smale og attgrodde stiar mellom bergknausar, sauemøkk og myr. Kom fram til eit barndoms berg ved sjøen. Sola glitra i vatnet. Havdønningane slo roleg, men ujamnt mot berget. -Ver forsiktig. Her er det sterk straum, sa eg til austlandsguten. Me stod i berre shorts og kasta uti slukane. Åh, det var lenge sidan. Sola og varmen tilsa at det ikkje skulle bli noko særleg med fisk. Men dønningane lova noko anna. Med eitt rykka det til hos sonen. Han ropte ut, sveiva inn. I enden hang ein fin lyr. Han jubla då fisken var trygt på land. 

Etter tre lyrar og litt solbrente skuldre, vandra me tilbake. Bade var det neste ynskjet hans. Me kom ned til ei lita vik. Sjøen var rolegare der. Men åtvaringar frå barndomen tilsa at me skulle vere forsiktige. Det opne havet stod rett inn. Og havet skal ein passe seg for, sa dei vaksne før i tida. Dessutan kunne det vere kaldt så langt ute. Me såg ut. Vatnet var klart som glas. Det er ikkje lenger sjølvsagt desse dagar. Ein tett tareskog duva i dønningane. Me prøvde oss forsiktig ned til vasskanten. Ei stor kløft i berget gjorde det mogleg å kome ut i vatnet. Det var djupt utpå der. Tareskogen måtte stå fleire meter, trudde me. Mørkt og spanande. Noko ukjent der nede. Nestan skummelt. Me skauv kroppane uti. Nei, ikkje så kaldt. Friskt. Sjøen kjendest rein og salt. Me fornemma at vatnet var… ja, levande. Dønningane leika svakt rundt oss. Taren kila under beina. Me kom oss opp på berget igjen. Lot sola tørke kroppane. Kjende eit litt kjøleg drag. Me pusta ut. Det var som å bli fødd på ny. Eller, som ein ekstatisk vaksendåp. Utan at eg har noko erfaring med det. Men noko slikt. Dette var sjølve Plassen. Plassen vår. Oasen vår. Ein stad som stod i ein perfekt harmoni med oss. Dette eine punktet i universet som var eitt med oss. Sjølve Nirvana.

Ja. Det var nå berre ei lita ferieoppleving denne sommaren.



tirsdag, august 08, 2023

Å treffa gamle kjende og å eta på buffet

 

Luksus på Kielferja

Nokre gonger kjem reisene tett på. Det kan ta på.

Når det elles i livet er sjeldan at ein får bu og eta på hotell, og det brått kjem ein periode med mange seminar og andre aktivitetar som foregår på hotell... så blir ein gjerne litt overvelda, særleg av maten. Dei fleste hotell byr nemleg på buffet. Ein overflod av diverse mat som får fram det verste i mennesket, inkludert meg sjølv. Gløymd er alle tankar om klimaomsyn og bærekraft. For kor mykje av all denne maten blir eigentleg kasta når det står slik framme? Nei, det tenkjer eg ikkje på medan eg står med ein tallerken og speidar som ein ulv rundt meg. I konkurranse med alle andre hotellgjester gjeld det å karre til seg. Dèt ser godt ut, og dèt ser godt ut. Eg lempar opp alt for mykje. Klarer berre ikkje å stoppe.

Ei anna side ved slike reiser er at ein kan treffe på gamle kjende, både tilfeldig og litt meir planlagt. Medan ein går og gulpar litt for mykje røykelaks, kan det brått dukke opp ein gammal kjenning som høyrer til ei fjern historie.

Til Drammen

For min del starta det med ein togtur til Drammen ein grå novemberdag. Den turen der eg kasta meg ut av toget litt for tidleg og blei ståande på Lier. Eit innlegg på Facebook om hendinga førte til ein kommentar på det sosiale mediet: -Viss du kjem deg til Drammen, kan eg by på ein kopp kaffe.

Som sagt, så gjort. Etter eit seminar og ein overdådig lunsjbuffet, rusla eg over gata, leita meg fram til eit kontor, der han tok smilande imot med utstrekt hand. Den karen hadde eg ikkje sett sidan me gjekk på vidaregåande på Husnes i 1983. No stod han der med tittel og fin i tøyet. Eg hadde sikkert endra meg ein del eg òg. Samstundes hadde han framleis det guteaktige glimtet i auga. På den tida, på vidaregåande, var han og eg usamde om det meste. Om kor det var best; innover fjorden eller utover mot øya. Om viktige politiske saker. Me var veldig politisk engasjerte på den tida. Diskusjonane var heftige, men godlynde. Me hadde debattime i norsk kvar veke. Argumenta skaut fram og tilbake, særleg mellom han og meg. Me hamna på eit skulelag i volleyball saman, drog til Bergen for å spele, drog ut på byen på kvelden, og hamna i diskusjonar med kvar einaste bergansar me traff langs våte, mørke brusteinsgater. Eg trur temaet då var relasjonen mellom bergensarar og omland. Det var eit under at me ikkje blei slått ned. Me byrja begge karrieren på vidaregåande som ihuga fråhaldsfolk. Her skulle ingen av oss la seg forgifte av alkohol og det som verre var. Det var det einaste me var samde om. Men russetida nærma seg, og til slutt sklei me over i andre enden, begge to. Slik at diskusjonane våre blei meir abstrakte på eit vis, men like engasjerande. Etter vidaregåande trur eg at både han og eg sklei like langt ut til sida, politisk. Berre at me truleg gjekk motsatt veg, igjen. Uansett; då me satte oss ned ved eit bord i ei kantine med to kaffekoppar, var all usemja borte og berre det godlynde att. Me oppdaterte kvarandre om noko av det som hadde skjedd dei siste førti åra på kvar vår kant. Me utveksla det me visste om andre i klassen. Praten gjekk lett. Det var så mykje å høyre om, så mykje å fortelje. Men eg hadde ei heimreise å tenkje på. Og han hadde ofra vel mykje av jobbtida si.

-Me burde gjere dette oftare, sa han. -Det bør ikkje gå nye førti år innan me kan sitje slik og mimre. Eg kjende at eg var samd i det. Det er berre at det kjennest så enkelt i augneblinken. Likevel kan det lett skli bort i nye førti år (då er me omlag hundre år).

Det dukka opp eit og anna seminar igjen. På hotell. Med buffet. Og det tok seg for alvor opp utover våren og forsommaren.

Til Tromsø

Turen gjekk til Tromsø i månadsskiftet mai, juni. Eg såg fram til å dra så langt nord. Litt bort frå varmt austlandsklima og til noko heilt annleis. Tjue år av livet mitt høyrde til på omlag dei same breiddegradene, men langt, langt mot aust, i Vadsø. Opptil fleire gonger var eg i Tromsø og studerte. Eg pendla ei tid, 78 mil i ein liten Mazda 323 mellom heimstad og studiestad. Den bilen hadde dårleg isolasjon og varmeapparat, kan me seie. Eg haldt på å fryse av meg ballane midtvinters på Finnmarksvidda, i den vesle bilen. Slikt er ganske vanleg i området. Og nå hadde det allereie gått fjorten år sidan eg forlot dei breiddegradene. Tida går. 

Så stod eg igjen i ei kald og våt Tromsø-gate. Det blei tid til litt guida tur omkring, medan kaldt regn stod vassrett i andletet på oss. På veg til ein av dei vidgjetne pubane gjekk det over i snø. På ein fiskerestaurant kunne me sjå ut gjennom eit panoramavindauge mot ein fjord og eit fjell. Det var like underhaldande som eit akvarium. Det veksla mellom blå himmel og snøstorm om ein annan.

På veg til pub med eksotisk junisnø i lufta

Men mykje av tida gjekk føre seg inne på eit lukka seminarrom. På eit veldig fint og fancy hotell. Og det var buffet til frukost. Og buffet til til lunsj. Og... vel for å vere ærleg "vanleg" reustaurantmat til middag. Men altså, buffetane: Under frukostane byrja det med pølser, egg, og bacon. Så litt brødmat med røykelaks. Så muligens litt frukostblanding. Til slutt avrunding med søte kaker og croissant...Så seminar, høyre diverse folk som snakka, snakke litt sjølv, småprat med nokon i småpausar, dei hadde noko småmat ute i gangen... og DER var me i gong med lunsjen, ja. Det gjaldt å krige seg fram til varmmaten, til steik og kyllinglår, eventuelt godta å byrje med kalde fiskerettar og salatar. Og avslutte med søte dessertar....

Eg kjende at det tok på dette. Kroppen byrja å seie frå at dette var i meste laget. Men programmet varte frå morgon til kveld. Eg tenkte at det ikkje var vits i å kontakte kjende i byen, sidan programmet var så tett. Men så. Midt i ein tur med seminarfolk i sosialt samvær skråstrek studie av lokale tradisjonar, altså frå ein pub til til ein annan, medan snøen piska i nakken, kunne eg i sidesynet skimte eit strålande andlet som stod limt opp til vindauget på ein utestad. Det var eksen, gitt. -Hei, sa eg og ga ein klem. -Kven er det du er ute og går med, spurte ho. Me møttest litt seinare på kvelden. Eg bestilte raudvin på utestaden. Innehavaren ville forklare inngåande det spesielle med vinen som han anbefalte. -Køyr på, sa eg. Eksen og eg fekk utveksla sist nytt frå kvar våre kantar. Om kvar våre slekter og familiar, om gamle kjende, særleg der borte i nordaust. Det var mykje me prøvde å rekke over i praten. Medan dagens buffetsteik og søte kaker romstrerte i magen min.

Til Lillestrøm

Eg hadde ikkje før kome meg heim, innan turen gjekk til Lillestrøm. Til eit seminar på eit hotell. Med lunsjbuffet. Meir er det ikkje å fortelje om Lillestrøm.

Til Kiel

Så var det klart for tur med Kielferja til Tyskland og tilbake. Det skulle vere tre dagar med seminar ombord på ferja. Eg skulle snakke litt der til ei forsamling. -Joda, eg har viktige ting å fortelje, sa eg og klikka på ein powerpoint. Og hadde allereie fortært litt for mykje frå ein lunsjbuffet. Arrangøren hadde funne ut at det var lurast å bestille buffet til alle deltakarane på heile turen, for då kunne folk få ete det dei ville. Så det var buffet til frukost, lunsj og middag. Herrejemini...

Me fekk oss eit par timar i Kiel. Eg fann meg ein kompis på seminaret. Me rusla litt rundt utan å vite kor me var. Fann ein park. Og ein stad å drikke litt lokal øl. Innan me måtte tilbake til båten og seminaret. Om kvelden, på turen nordover mot Oslo var det stor ståhei. Glade menneske rundt borda. Spandable kelnarar med mange vinflasker. Blant anna.

Eksempel på tysk øl i Kiel

Til Arendal

Det gjekk over i delvis ferie. Eg syng i eit kor. Koret hadde veldig lyst til å ta ein tur til Arendal og synge der. Me skulle bu på hotell. De kan jo gjette kva mat dei serverte der. 

I det området var det ein gammal kjenning. Og denne gong tok eg kontakt og førebudde eit møte. Nokre tiår tilbake sat han og familien i ein flyktningeleir saman med hundre tusen andre menneske. Han har ikkje fortalt så mykje om forholda i Kongo som han flykta frå, og korleis det var i den flyktningeleiren i nabolandet. Berre at det var farleg der. Familien hans var blant nokre få og heldige som blei innvilga opphaldsløyve i eit anna land. -Gud er god mot oss, sa han. Vener og kjende blei spreidt rundt i verda. Nokre til Australia. Nokre til Canada. Og nokre familiar til den vesle, norske byen Vadsø, lengst oppe i nordaust. Eg hadde akkurat starta eit musikkprosjekt i den byen. Ville koble saman nordiske folketonar med musikk frå andre deler av verda. Via ein kontakt søkte eg etter ein som kunne spele og og synge tradisjonelle, kongolesiske sangar. Ein kveld kom han inn i øvingslokalet. Ein liten og stille mann stod der i ein stor, blå skuterdress, medan vinterstormen herja utanfor. Han var alltid litt stille medan dei norske musikarane skravla. Kom alltid litt stille inn då me møttest.

Så fann me kvarandre ute på ei gate i Arendal ein søndag i juni. Det hadde gått sytten år sidan sist. I Arendal hadde det skifta frå sol til varmt regn. -Hei, bror, sa han, og ga ein klem. Me satte oss ved eit bord, litt borte frå ei samling med koristar. Praten mellom oss var som før. Med lengre pausar innimellom som passa oss begge. Men me fekk utveksla kva som hadde skjedd sidan sist. Han flytta frå Vadsø til Sørlandet. Eg nokre år seinare lenger aust. Det var jo ein del som hadde skjedd. -Det er godt å treffast, sa han. Eg skulle ta tog heim igjen. Han fylgde meg eit stykke. -Me må ta eit bilete, meinte han. Eg brukar sjeldan å ta selfiar. Endå sjeldnare å publisere dei. Men eg gjer eit unntak her.

Til Son spa

Ferien tok til for alvor. Kona og eg hadde blitt einige tidlegare på året om at me skulle gje kvarandre ei oppleving i geburtsdagsgåve, i staden for å kjøpe ting. Med alderen blir det berre meir og meir ting som samlar støv i huset. Så i staden tinga me eit opphald på Son spa. Det blei det nok lite støv av, ja. Eg låg på ein benk medan årets jobbstress blei knadd vekk frå ryggen. Kona var i eit anna rom og fekk andletsmassasje. Me møttest etterpå i kvar vår slåbrok, fann nokre basseng, symde fram og tilbake, medan meditativ musikk flaut rundt omkring. Så satte me oss på hotellrommet for å nyte noko musserande, for å køyre oss opp til restauranten seinare på kvelden. Med alderen har musserande fått ein stadig sterkare verknad på meg. Me tømde ei flaske. Det stod ei til på bordet. -Me treng kanskje ikkje endå ei flaske, foreslo kona. -Jodå, sa eg og henta den fram. -Du bør kanskje opne den på badet, så du ikkje øydelegg noko i dette rommet, meinte ho. -Nei, nei, dette har eg gjort før, svarte eg. Popp, sa det. Musserande har etter kvart fått ein verknad ved at den legg seg som eit slør rundt hovudet mitt. Eit slør der all form for kritisk tenkning forsvinn. Me gjekk ned i restauranten. Maten var tinga og betalt på førehand, så dette skulle gå bra. -Skal det vere noko vin til maten, spurte kelnaren. -Ja, kva vil du anbefale, spurte me lett. -Til forretten vil eg anbefale denne kvitvinen, sa han. -Køyr på, sa me. -Smakte maten? -Ja, ja, veldig bra. Til hovudretten anbefalte han ein raudvin. Og til dessert endå noko vingreier. Sløret rundt hovudet mitt hadde blitt tyngre. På veg ut av restauranten såg kelnaren litt bekymra bort på oss. Åja, skal me betale for noko? Eg signerte på ei rekning, før me gjekk opp på rommet, mette og sløve.

Den natta fekk eg ikkje sove. Ein kombinasjon av alder, alkohol, mat og vestlandsk opphav gjorde at eg byrja å tenkje. -Kva var det eigentleg den rekninga var for? Hadde me ikkje betalt for mat og alt på førehand? Hadde me betalt to gonger for den maten? Var me blitt lurte? Kva var summen igjen på den siste rekninga? 950 kroner, trur eg. Pluss at eg kjekt hadde lagt på noko driks slik at rekninga vart tusen kroner. Var det alkoholen som hadde kosta tusen kroner? Me drakk jo berre nokre veldig små glas med vin til maten. Det var tre rettar, og vin til kvar av rettane. Me var to. Det blei seks veldig små glas med vin. Ja, pluss noko kaffe. Eg prøvde å rekne ut, kva er tusen kroner delt på seks glas med vin...og kaffen... Det må ha vore noko i nærleiken av 150 kroner per glas, og to koppar kaffe må ha kosta femti, og...ja, og så så femti i driks. Kva kostar eit glas med øl desse dagar, berre for å samanlikne, det kostar vel hundre kroner, ja, det er vel det det kostar nå for tida, 150 for eit glas med vin, særleg slik vin som kelnaren foreslo, eller... Slik låg eg og såg opp i taket nestan heile natta. Eg vart letta då klokka ringte om morgonen. Me gjekk ned til restauranten igjen. Der hadde dei frukostbuffet.

Til Ramme gård

Me ville oppleve litt meir før me vende heim. Google Maps foreslo Ramme gård. Så me køyrde dit. -Kva kostar dette då, for to? -Tusen kroner. -Åja. Det er ein park med eksotiske planter og statuar. Veldig unorsk og ei kjensle av å vere i det sentrale Europa, i ein fransk hage. Ein guide leia oss omkring på smale stiar. Eg fekk lyst til å reise til Europa.

Ramme gård

Til Lillehammer...og Tretten

Den neste veka hadde svigerfamilien invitert oss til å vere med og bu på eit flott luksushotell på Lillehammer. Alt inkludert. Slikt kan me ikkje seie nei til. Hotellet serverte buffet. Frukostbuffet og middagsbuffet. Og det blei arrangert treff blant andre i svigerslekta. Ein 93-åring sat mild og sterk ved bordet. Han er den siste som er att frå den generasjonen. Dagen etter drog me i fellesskap litt lenger nord, til bygda Tretten. Namnet skal staden ha fått fordi det berre var tretten menneske som overlevde svartedauden der. Ein kafè var laga etter amerikansk tradisjon. Bakenden av ein gammal, amerikansk bil stod montert i veggen. Me køyrde over ei smal bru, oppover ein svingete veg. Stoppa litt ved huset der kona hadde vakse opp som barn. Vidare opp til eit "Pippi-hus" som vekte gamle minne. Me køyrde over ei høgde, med skog, gardar og jorde. Ned langs ein dal me aldri hadde køyrd viss det ikkje var for akkurat denne turen. Tilbake til Lillehammer, til hoppbakken frå vinter-OL, til hotellet, der sonen og eg kasta oss ut i eit lite basseng. Innan det var tid for å vende mot restauranten, til buffet.

Langs gamle minne ved Tretten

Til Halsnøy

Ein skulle kanskje tru at det var den sommaren. Men så var det på tide med far og son-tur til Vestlandet og Halsnøy. Dei hadde ikkje direkte buffet der, men det kan likne. Der borte stod dei på, tok imot sommargjester, slekt og hundar, med opptil fem måltid om dagen. Frukost, "midtmat", middag, kaffemat og kvelds. Det er det normale på Vestlandet (vel, eg overdriv kanskje litt). Det blei å få til det årlege treffet med slekt og kjenningar. Me gjekk turar langs minnerike stiar frå barndomen. Eg prøvde å formidle noko av det til min eigen son. Me hoppa i sjøen når veret tillot det. Og slike ting. 

Til Molde...isj

På seinsommaren, i overgangen mellom ferie og ny jobbtid,  blir det tid til eit studenttreff og andre koblingar, i nordvest. Skal me sjå..., det er over tretti år sidan me studerte saman. Fem av oss budde i eit kollektiv, eit gammalt hus i Volda. Kollektivet var eit sentralt punkt for festlege aktivitetar blant studentane. I det heile er det særleg dei festlege aktivitetane som sit igjen frå den tida. Og bandet mellom oss i kollektivet er framleis sterkt. Me har ikkje så mykje kontakt i det daglege. Men for nokre år sidan hadde me eit mimretreff i Oslo. Det var som å ramle tilbake, til dei same faktene, den same latteren, slik det var før. Det blir nok kjekt å treffast igjen. Og heilt sikkert mykje god mat.

 

tirsdag, juli 04, 2023

I India

 

Far: Hei, det er meg...vent litt, eg må ordne noko med lyden her (fikle fikle)...kan du høyre meg?
Son: Ja, eg høyrer deg.
Far: Men kor er det eg høyrer deg då? Vent litt...eg høyrer deg litt, men eg skjønar ikkje kor lyden kjem frå... ÅÅÅÅJA, eg har jo på blåtannøyretelefonane! Vent litt... (fikle fikle). DER JA!
...Ja,... korleis går det?
Son: Jo, der går bra.
Far: Det var mykje lyd rundt deg. Kor er du?
Son: I India.
Far: Hæ? I... er du på ein restaurant?
Son: Nei, i India. I landet India.
Far: I Ind... men kva...
Son: Ja, der gjekk det forresten ei ku forbi.

mandag, juli 03, 2023

Eit møte med Steve Hackett

Gråhåra gubbar ventar på konsert

Eg trur det var i 1977, då eg som trettenåring endeleg fann LP-plata "Spectral Mornings" av Steve Hackett. Det var på den tida me berre hadde èin tv-kanal. Den som stort sett kringkasta allsong for ekstra gamle pensjonistar og basketballresultat frå slitne gymsalar. Brått ein kveld fann denne tv-kanalen det for godt å vise ein konsert med Steve Hackett. Som eksploderte som ein oase i ei trøytt 70-tals stove. I eit hus på ei vestlandsøy med berre grusvegar. Eg tenkte at den plata måtte eg berre få tak i. Men ingen på øya hadde høyrt om verken Hackett eller Genesis. Ikkje var det noko plateforretning der heller, for den del. Familien måtte dra på bilferie ut i Europa for å klare det. I ei plateforretning i Edinburgh stod ho glødande og venta på at eg skulle plukke ho opp.
Det var nærare femti år seinare at eg litt tilfeldig oppdaga at same Hackett skulle ha konsert i Oslo. Nærare femti år seinare har dessutan kropp og hovud endra seg. Ting går ein del seinare. Det har blitt mindre spontanitet, kan me seie. Om eg skal koste på meg ein billett? Njaa, kanskje det er best å spare dei kronene. Truleg har eg det altfor travelt med andre ting på konsertdagen. Og så er eg så sliten for tida. Kanskje best å kvile. Hmjaaa.
-Det er ikkje kvar dag du får sjå og høyre Hackett, sa ein over snittet musikkinteressert bonusson. Han hadde allereie tinga billett.
Og det er enkelte gonger at vanvitet berre tar meg. At eg tar steget over dørstokken. Og tingar ein billett.

16. mai, utpå kvelden sat eg på toget inn til byen. Eg kjende meg sliten. Hadde jobba mykje den dagen. Var dette så lurt, tenkte eg, medan eg såg ut på gamle bygningar inn mot Oslo. Lengta etter sofaen heime og ikkje eit heseblesande Oslo.

Byen var kveldsvarm. Eg gjekk med ein tung sekk med diverse klede, rusta for eventuelt uvær til returen. Sånn for å vera heilt sikker.
Ved konsertlokalet hadde eg alliert meg med både eldsteson og bonusson. For å vera i trygge hender.
Eg tinga øl til oss alle, då me gjekk inn lokalet.
Så braka det laus frå ein endå eldre (han må vel ha passert 70?), men uforskamma, svart og langhåra Hackett.
Han framførte eit sett med eigne låtar, som «Every Day» frå akkurat den plata som eg kjøpte i Edinburgh den gongen. Det kom ein pause og tid til meir øl. Eg kjende at formen var stigande. Ikkje så dumt dette, nei. Det andre settet var for det meste frå Genesis og Foxtrot. Gitaren til Hackett klang framleis som eit stort, himmelsk symfoniorkester.

Eg såg rundt meg. Innimellom enkelte unge, nyfikne andlet var det tydeleg kven som var publikum. Det var befriande å sjå ei mengd med gråhåra gubbar som hadde den same opplevinga, og dei same minnene frå då dei var trettenåringar.
Me stod der forente, alle saman, og song med på «Suppers Ready» («A flower?»).