onsdag, august 28, 2013

Ut på elbiltur, aldri....


Me skaffa oss ein elbil i vinter. Ein Citroen C-Zero. Det er fantastisk. Ikkje meir bompengeavgifter. Mellom 50 øre og 2 kr. per mil i straumutgifter i garasjen heime. Den daglege pendlinga til jobb og butikk passar elbilen heilt fint. Mange stader kan me lada gratis. Og det er ein fryd når den seglar stille avgarde.
Samstundes kan det vera vel spanande i forhold til om me kjem oss fram og tilbake på ein lenger tur. Særleg om vinteren når varmevifta må stå på. Ikkje meir enn sju mil kan me ha å gå på innan det er tomt.
Men det må erfarast. Så eg drog ut på ein "Nordpol-ekspedisjon" ein vinterdag. Skulle ta ein litt lenger tur enn vanleg til Kongsvinger eit ærend. Datamaskinen skulle leverast på reparasjon. Og samstundes tenkte eg å bruka ein del av dagen på biblioteket i Kongsvinger for å studera litt. Dessutan ville eg gjerne sjekka ut litt korleis det står til med ladestasjonane på vegen.

Eg la inn nokre mellomstopp i reiseplanen for å vera sikker på å ha nok straum.
Ved rådhuset på Skarnes skal det vera seks ladepunkt. Fann fram. Men nestan alle parkeringsplassane var opptatt av feilparkerte, fossile bilar. Eg mistenker at desse faktisk òg tilhøyrer tilsette ved rådhuset, for like ved sida var det reserverte plassar for kommunalt tilsette. Eg klarte så vidt å pressa meg i mellom to svære fossile drog, og fekk satt på lading. Biblioteket var ikkje ope før kl. 13 den dagen. Men kantina var fin. Tok ein kaffekopp og studerte litt i ein time.
Så bar det vidare til Kongsvinger. Der skulle det vera to ladepunkt ved Coop Extra...Nepp. Begge punkta var tatt i bruk av ei smultringevogn! Nå kunne det bli kritisk å koma seg heim igjen. Eg byrja ikkje noko diskusjon med smultringeselgaren, og køyrde opp til datamaskin-verkstaden. Der var det ein del elektriske kontaktar tiltenkt motorvarmarar, men smekkfullt med bilar. Klarte igjen å pressa meg inn og setja på lading, og avtalte å få stå der. Så då var det å spasera til biblioteket og studera igjen.
På veg tilbake stoppa eg ved idrettsplassen ved Oppakermoen. Godt med plass og seks ladepunkt å velgja mellom. Satte i tillegg på kupevarmar og tok ein times pause. Og så heim.

Erfaring:
Mange slike ladepunkt for elbilar er sikkert lite i bruk i område der det er få elbilar, og blir etterkvart brukt til andre formål. Eg sendte epost til både Sør Odal Kommune og Coop og klaga litt over forholda.
Coop var raske med å beklaga og sørga for å rydda opp i forholdet. Sør Odal kommune svarte aldri på henvendinga.
Sjølv om plassane evt. er lite i bruk nå, er det viktig å ha dei klare til det dei skal brukast til, for det vil koma fleire elbilar etterkvart. Og det er ein god reklameverdi å få ry på seg som ein fin "elbilstoppestad". Elbilistane som tar ladepause kan då nytta høvet til å sjå kva staden og forretningane elles har å by på.