lørdag, juli 23, 2016

Vestover


Så bar det vestover igjen. Den årlege sommarturen til Halsnøy. Med fly til Stord denne gong. Enkelt og raskt. Ganske rimeleg òg (kvifor har me ikkje tenkt på det før?). Men den eine kofferten klarte dei å rota vekk på Gardermoen. Den tok seg ein svipp til Split i Kroatia. Og innan me hadde kome tilbake igjen, var den framleis ikkje å oppdriva (Godt gjort, Gardermoen!). 
Og tida me hadde avsett til turen viste seg å vera i knappaste laget. Innan nokre dagar skulle me treffa vener og kjente. Berre på ein liten tur til Sæbøvik traff eg opptil fleire vener frå barndom og ungdomstid. Og alle utbraut at "jøss, det var lenge sidan". Det er i slike stunder ein oppdagar kva som ein gong har vore. Og det var fine slektningar, kaffi og kaker, åttiårsmarkering, og søskenbarntreff, selskap, mange i familie og slekt, meir kaffi, gode kaker, vaflar, gode middagar, og smil og prat, og mange gjorde dagane velluka ved å stå på, medan me haldt oss meir i bakgrunnen og tok egoistisk for oss av gode kaker og gode middagar. Og innimellom måtte me som er vant til stille austlandsskogar stikka av ein liten tur for å koma sterkare tilbake.
Men den blå sjøen som omkransa øya og alle ferjeturane var like blå som før. Og alle var glade og nøgde innan me returnerte...sjølv om kofferten framleis var borte.

fredag, juli 08, 2016

Direktesendt elbiltur til fjells


Ved Lifjell, aust for Øyer.


Fredag 8.7. drog familien på ein liten elbiltur frå Eidsvoll til fjellstroka ved Øyer nord for Lillehammer.
Me; kona, sonen vår på seks og eg skulle vitja ei venninne med dotter på tre på hytta deira for helga. Og samstundes fekk eg testa litt forskjellig i forhold til elbilferie.
Det var første gong kona var med på ein litt lenger ferietur med elbil. I fjor drog sonen og eg heilt til Vestlandet med den vesle elbilen. Så me to hadde noko meir erfaring.

Helgeturen til Øyer blei derimot ikkje ein veldig utfordrande tur, sånn elbilmessig. Avstanden var på omlag femten mil. Elbilen, ein Citroen C-Zero har ei rekkevidde på omlag ti mil og det er godt med hurtigladarar oppover.
Men dette blei særleg ei testing av nettbasert kringkasting. Turen blei kringkasta her på reisebloggen med mobilkamera via Bambuser. I tillegg blei posisjonen vår kringkasta via Glympse.
Så dermed kunne ein følgja oss oppover E6 og under ladepausar gjennom bilete, småprating, og på kart. Dersom dette fungerte bra, kunne det bli aktuelt å gjera noko liknande på meir utfordrande turar seinare.

Ei lita utfordring som eg oppdaga med slik direktesending er irriterande knirkelydar som forplantar seg til mobiltelefonen. Ei anna viktigare utfordring, er at direktesendinga fell ut av og til, særleg når me køyrer inn i tunnelar. Dermed må me starta ei ny sending og eventuelle sjåarar må gjenoppretta nettsida. Bambuser fungerer elles ikkje i nettlesarar som Safari, så vidt eg kan sjå, men bra i Chrome. Og så må me finna ei ordning slik at det fungerer på smarttelefonar og nettbrett. Glympse sin kartposisjon såg ut til å fungera bra.


Men nok om det.
Turen starta eit stykke sør for Eidsvoll i fint, vekslande solskinn. Inn på motorvegen på E6 ved Minnesund la me oss bak ein trailer og "putra" i 80-90 for å spara straum. Då trailaren svinga av, gjekk det noko fortare med oss. Eg klarer ikkje heilt å synleggjera meg som ei "sinke" i trafikken når fartsgrensa er 110.
GPS-en viste oss vegen til Grønn Kontakt sin hurtigladar på Hamar. I tillegg er det mange sakteladarar på kjøpesenteret der. Så me tok den vanlege halvtimen med hurtiglading og blei ståande ein time ekstra på saktelading.

På ein bilferie er det alltid kimar til familiekonfliktar som det er greitt for oss å testa ut. Ei kime er jo sjølve elbilen, og det potensielt usikre med lading. Dessutan sparer me på aircondition nettopp på grunn av rekkevidda. Men kona var glad og imponert over kor lett det var med ladinga. Dessutan var det fint med pausar, syntes ho. Ei anna kime til konflikt er min iver etter å testa ut slike tekniske ting som direktesendingar og liknande. Dermed må me jo tenkja litt meir over kva me seier i bilen. Men det gjekk òg bra (trur eg).
Den viktigaste kimen til konflikt på ein ferietur er vel korleis ein skal bruka pengar. Generelt er det vel slik at kvinner gjerne vil bruka ein del, medan menn vil spara (eg trur i alle fall at all forsking viser det). For min del har eg satt alle sparefunksjonar på hundre prosent, fordi me sparer til ein Tesla Model 3. Kona derimot, vil gjerne at me skal unna oss litt meir i slike ferietider, og kjenner ei kløe berre eg seier ordet "spara" med min skarre-r.
Så då me stod og lada utanfor kjøpesenteret, var det i gong.
-Eg er svolten, sa ho.
Eg kjende at det murra i venstre bakbein.
-Kan me ikkje berre kjøpa oss noko mat her inne, spurte ho.
-Men me har jo med oss mat. Kan me ikkje berre skjæra oss ei brødskive, spurte eg.
Ho pusta. -Nei, eg har lyst på noko anna.
-Jaja, berre dra de, sa eg.
Ho løsna lukkeleg bilbeltet og tok ut sonen vår. Litt seinare kom dei tilbake med hamburgarar og påmmfri.
-Skal du ha noko, spurte ho.
-Nei, svarte eg.

 

Ut på vegen igjen, forbi Brumundal.
-Oi sjå, der står ein Tesla Model X, ropte eg, då me passerte ein Tesla-forretning.
Vegen var fengslande trygg med rekkverk til motgåande køyrebane. Me passerte Lillehammer. Sola skein. Så var me på Øyer og fann fram til Fortum sin hurtigladar ved Kiwi. Meir handling.
Me romstrerte oss fram til vegen opp til hytta. Det var ein bratt, sju kilometers veg rett til fjells. Venninna som venta ved hytta køyrer ein liten Toyota som kan slita litt oppover denne bratte vegen. Men elbilen vår freste oppover utan problem. Me priste elmotoren og den fine utsikten nedover dalen
(alt me hadde sagt på turen, var samstundes blitt kringkasta på bloggen).




Vel framme til hytta blei me ynskt velkomen av venninne med dotter. Eg skrudde av kringkastinga for denne gong. Me satte oss i solveggen med ein øl. Ungane sprang lukkelege omkring. Me kikka oss rundt. Lukta på fjellet kunne minna litt om Finnmark. Utover dalen kunne me sjå ei mengd med hytter ved Hafjell. Mange av dei svære som palass. Som ein diger by. Hytta til venninna var derimot spartansk, gammal og fin. Utan straum. Me måtte finna andre løysingar for lading av elbil og mobiltelefonar.



Neste dag skulle me på utflukt. Til Hunderfossen Familiepark. Det kosta ein tusenlapp, og eg ville helst spara den. -Spar-ra, herma kona mi. Men det var råd. For ei anna venninne hadde spandert på oss dei billettane.
Utanfor inngangen såg eg meg omkring. Det skulle vera ein ladeplass her. Som var gratis. -Kan me ikkje berre gå inn med ein gong, sa kona. -Eg vil berre finna den ladeplassen, svarte eg. -Ein elbil som står parkert utan å lada er bortkasta.
Eg leita og leita på den svære parkeringsplassen. Til slutt fekk eg spurt meg fram til hotellet lenger nede. Plugga i elbilen. Gratis. Juhu!
Inne på Hunderfossen sprang ungane til små leikeapparat som dei like godt kunne ha funne på ein (gratis) parkeringsplass. Inn i eit slott og sjå på gamle eventyrfigurar. Minstejenta blei redd og gret.


Me hoppa i bassenget. Men veret veksla mellom overskya, sol og regn, og det blei kaldt.
I alle fall: Me hadde tatt med oss nistemat (sparte litt der). Og der var det noko som eg òg likte: Små, elektriske bilar som sonen og eg kunna køyra i.


Og nokre hoppande froskar. Og nokre hurramegrundt-karusellar. Eigentleg var det jo berre å ta for seg av flest mogleg aktivitetar når billettane var spanderte. Ungane var overmette av inntrykk. Lo og gret om ein annan. Det var vanskeleg å halda dei innan rekkevidde i folkemengda medan dei pilte av stad til nye aktivitetar.
Me kom oss ut. Eg gjekk ned til elbilen som var fullada (juhu).

Dagen etter køyrde me innover fjellet. Plaska litt i eit kaldt fjellvatn. Landskapet var flatt og ganske skoglaust. Det ga moglegheiter for overblikk og å pusta litt meir. Minna litt om Finnmark. Men overalt var det hytter. Og folk bak kvar ei tue. Nestan som i ein by.


Mette av fjelluft, god hyttemat og godt samvær pakka me saman. Elbilen lada ved hjelp av motorbremsen nedover den bratte fjellvegen. Fekk to ekstra strekar på batterimålaren (juhu). Venninna køyrde rett heim i fossilbilen sin. Me stansa ved hurtigladaren. Som var opptatt. Vidare til Lillehammer. Plugga i Grønn Kontakt. Rett ved sida hadde Fortum to ladestolpar. Ein annan stad stod det to parkeringsplassar med sakteladarar. Alt såg ut til å vera forholdsvis ledig, sjølv om det var søndags ettermiddag og mykje trafikk.
Ein lang kø med bilar snirkla forbi. Det var ein slik drive in McDonalds der. -Eg er svolten, sa kona. -Skal du h...-nei, sa eg.
Nedover mot Hamar. Kona og sonen mumsa lukkeleg på fastfood i bilen. Ho lurte eit par påmmfri i munnen min medan eg køyrde. Inn til den same Grønn Kontakt-ladaren på Hamar. Kjøpesenteret var stengt. Eg satte meg ved eit bord og skar meg eit par brødskiver medan bilen lada.
Så siste etappen. Passerte hurtigladaren på Espa. Det skulle gå bra.
-Det går bra å køyra forbi hurtigladaren til Fortum/Kiwi òg, sa eg då me kom til Minnesund.
-Nei, kan me ikkje lada her for å vera sikre, sa kona.
-Nei då, me treng litt spenning til slutt, sa eg diktatorisk.
Det var ein del av erfaringa eg ville ta med meg; korleis bilen reagerte på å ha lite igjen på batteriet. Då me hadde fem kilometer igjen til huset, stod det på null. Det er alltid ei spesielle kjensle; å leva i eit slags nullpunkt der bilen køyrer vidare. På null. Inn på grusvegen mot huset lyste skilpadde-ikonet på dashbordet opp. Teiknet på at absolutt siste rest er igjen på batteriet. Men så var me framme. Det gjekk bra.

(Fleire, noko langdryge direktesendte videoklipp kan sjåast på Bambuser.)




søndag, juli 03, 2016

Sykkelhengar i sol og regn




Me drog ut på den lengste turen så langt med installasjonen vår, seksåringen og eg. Ein ekstra barnesykkel som blir festa i min sykkel. Det låg an til ei mil på landevegen i variert ver, frå sol til styrtregn. På med klamme regnklede. Og refleksvestar for å gjere oss mest mogleg synlege i trafikken.

Seksåringen har etter kvart blitt vant til doningen. Men det har gått i korte turar på grusvegen nær heimen.

Så nå var det ut på landevegen. Sola steikte den eine augneblinken. Den neste ausa det ned. Bilistane såg at det var ein liten kar bak meg, og tok det roleg i forbikøyringane. Og seksåringen trødde ivrig i veg. Var reine hjelpemotoren der bak. Og han smånynna og sang heile vegen.
På vegen møtte me ein annan syklist med eit barn i ei sykkelvogn. Me helste smilande til kvarandre.
Framme ved Eidsvoll bar det inn på biblioteket. Kikke i nokre barnebøker. Låna nokre filmar og ei lydbok (Kjartan Fløgstad; Grense Jakobselv). Setja oss i kafèen med is, vaflar og kaffe. Lesa litt i spanande blad som står i hylla.
Ute skein sola. Me hadde håp og gjekk ut. Men der styrta det ned igjen. Så på med klamme regnklede, refleksvestar og trø i veg. Seksåringen nynna og sang heile vegen heim.