torsdag, oktober 06, 2016

Haustferie i ei gammal teknohytte


Me drog til ei blanding av gammalt og nytt. Tradisjon og teknologi. Urgamal laftekasse og elektriske løysingar. Det er ei blanding eg likar; Det enkle kombinert med det...ja, moderne og fornuftige. 

Son og far drog ein tur til hytta nokre klare haustferiedagar. Me rasa oppover E6 i 110 med den vesle elbilen. Sidan det berre er fire mil, kan me koste på oss det. Og innbille alle andre trafikantar at det er ingen problem å køyre i 110 med ein slik elbil. Det kjennest moderne og komfortabelt å susa oppover den splitter nye motorvegen langs Mjøsa med den stille elbilen.
Så tok me av og klatra opp frå dalen på ein nybygd, asfaltert, smal og svingete veg. Nye hyttefelt med utsikt mot Mjøsa blinka langs vegen. Me drog vidare innover. Skogen blei tettare. Vegen gjekk over til å vera ein holete grusveg. Meir og meir vekk frå sivilisasjonen. Inn på ein endå smalare og holete skogsveg.
Så var me der. Hytta ynskte oss velkomen. Me satte elbilen til lading. Hytta har jo straum, sjølvsagt. Og kan gi det elbilen treng for å koma seg heim igjen. Elbilen susa nøgd og lova å vera klar til neste dag. Inne satte me på varme. Frå ei varmepumpe. Om vinteren kan me til og med ringa den varm. Me satte mat inn i kjøleskåpet. Hytta har derimot ikkje innlagt vatn. Så drikkevatn tar me med oss. Det stod ute på trappa og haldt seg haustkjøleg. Oppvasken løyser me enkelt. Tar den berre med oss i bilen til oppvaskmaskinen heime. Doen er akkurat slik eg likar det; Ein slik komposteringssak. Ein gong i fjern framtid skal det heile, saman med matavfallet bli til jord. "Av jord har du kome..." Vaskinga? Ein litan utslagsvask. 
Det einaste eg saknar, er solceller på taket. Og ei badstu. Då ville kombinasjonen av modernitet og tradisjon blitt komplett. 
Bak hytta har eg samla ein del ved frå gamle tørrgraner som me har fått av snille skogseigarar. Eg putta litt ved inn i to gamle svartomnar som hjalp til med å få opp varmen. Gammalt og nytt. Hand i hånd.
Og så er det så godt når to mannfolk som oss drar på hyttetur, at me kan slenga rundt oss og rota så mykje me vil. Ingen ser det. Ingen bryr seg.


Så var det å setja seg og berre glo på utsikten. Og fyra litt opp i ei bålpanne. Og elles gjere minst mogleg. Berre lytta til kor stille det kan vera på ein slik plass. Berre litt fuglesang. Litt sus i trea. Litt knitring frå veden i bålpanna. Ingen menneskelege eller maskinelle lydar. Stort sett.


Inne i hytta varma det seg etter kvart opp. Sonen fann fram gamle leiker. Sat lenge og teikna og øvde seg på bokstavar på ei tavle. "Kva står det her", spurte han, og skogglo kvar gong eg las dei rare orda hans. Eller han fann fram ipaden. Internett har me jo. Og på kvelden såg me film. Harry Potter. Det passa så fint. Ein god balanse mellom gammalt og nytt.