lørdag, mars 04, 2017

Tomt batteri


Så skjedde det med meg òg. Det er vel slikt som må opplevast ein eller annan gong for ein elbilentusiast. Slik at entusiasmen blir satt skikkeleg på prøve. Og alt som skjer i livet er jo ei erfaring. På ein måte.

Eg drog frå hytta med elbilen ein mørk laurdagskveld. Hadde vore der oppe for å rydda ut litt. Ta med nokre saker. Bilen hadde stått og lada litt ved hytta. Ting såg bra ut.
Det byrja å snø. Ganske tett. Nede på E6 ved Mjøsa stoppa det brått opp. Ei trafikkulykke i ein tunnel stengte heile vegen. Ei lang rekke med bilar stod i ro og pusta. Eg såg på rekkeviddeteljaren. Det såg greitt ut, men eg skrudde av varmen av og til for å vera sikker. Ein ambulanse ulte bak oss. Me flytta oss slik at den kom seg fram mellom dei to rekkene på motorvegen.
Så endeleg var det litt rørsle. Sakte blei rekkene dirigert over i motsatt køyrebane for å koma seg fram. Inne i tunnelen stod ambulansen og eit bilvrak. Det hadde visst gått forholdsvis bra med dei som krasja.
Eg svinga av ved Minnesund og bort til Kiwi for å handla litt for helga. Der er det ein hurtigladar. Men rekkeviddeteljaren sa tre mil, og det var to mil heim. Så dette gjekk nok bra. Tenkte eg. Eg flotta meg til og med med litt varme på den gamle austsidavegen. Og eg hadde etterkvart god erfaring med å køyra med lite batteri. Visste akkurat kor mykje eg hadde å gå på. Trudde eg.
Det snøa endå tettare. Snøen saug seg fast i dekka. Eg såg på rekkeviddeteljaren. Og skrudde av varmen. Ved Eidsvoll blei eg uroleg. Øh. fem kilometer på teljaren. Over ei mil heim. Køyrde ein lenger oppoverbakke. 2 km på teljaren. Ei mil å køyra.

Det er slike augneblink kor det kjennest som om tida står stille. At alt har fryst fast på eit vis. Berre bilen som seglar stille bortover i eit ingemannsland. Medan rekkeviddetljaren seier at det er...null igjen på batteriet. Då eg nærma meg bygda heime, byrja bilen å sakke på farten, ned til femti kilometer i timen. Den hadde gått over i såkalla "krabbemodus" for å spare på siste batterirest. Eg svinga inn på grusvegen. Ein kilometer til huset. Dette måtte gå bra. I krabbemodus skulle eg ha omlag fem kilometer. Men bilen gjekk endå saktare. 20 km/t. Så endå saktare. 5 km/t. Så......stoppa den.
Eg hadde ein kilometer igjen. Men bilen var ferdig.

Eg kikka ut. Tett snøver. Lette snøfnugg prikka på frontruta. Det måtte ha vore all snøen som ga dekka motstand og som gjorde rekkevidda dårlegare. Det måtte vere noko slikt. Eg fekk sendt ein sms heim. Så vidt. "Står fast. tomt batteri". Det var berre tre prosent igjen på mobilbatteriet. Snart var det òg tomt. Kva kunne eg gjera då?
Men det var kanskje ei råd. Like ved stod eit hus. Det var lys der inne. Eg såg ein stikkontakt ved utedøra. Og eg hadde som alltid med meg nok ledning i tilfelle naud.
Eg ringte på.
Snøfnugg smelta i nakken min.
Så opna døra forsiktig. Ut stakk hovudet til ei eldre, lita og skremt kvinne.
"Hei", sa eg kjekt. "Eg har ein elbil som har gått tom for straum..." "Hæ", sa ho.
"Eg har ein elbil som har gått tom for straum, og så lurte eg på om eg kan låne litt straum frå kontakten din her, slik at eg kjem meg heim".
Ho såg på meg.
"Nei, nei", sa ho. "Nei, nei, nei".
"Men eg er heilt tom..."
"Du får køyre lenger opp i bygda og få hjelp der", sa ho.
"Men eg kan ikkje køyre vidare. Det er heilt tomt".
"Nei, nei", sa ho. Og lukka døra fort.

Nei, tenkte eg. Det er jo forståeleg. Ei eldre kvinne som sikkert bur åleine. Og her kom ein vestlending på seine, mørke kvelden og spurte etter straum.
Eg gjekk tilbake til bilen og plukka opp telefonen. Det var ein prosent igjen på mobilbatteriet. Eg ringte Falken. Kom meg gjennom, sjølve om det sikkert var mange som ringte dei akkurat nå. Fekk avtalt ei redning. Det ville gå ein time, sa dei. Batteriet på telefonen min er snart òg tomt, fekk eg sagt før eg la på.

Så sat eg og venta i den kalde bilen. Det snøa om mogleg endå tettare. Heldigvis stod bilen slik til at andre bilar eventuelt kunne koma seg forbi.
Dette er ein aude stad. Så det hadde ikkje vore noko trafikk på denne vegen medan det haldt på. Eg kunne sjå gjennom ei glipe i snøen at den eldre kvinna kikka ut på meg frå stovevindauget sitt. Ho var sikkert redd der ho budde åleine i huset. Eg sat òg åleine, i bilen, og var...berre sur.
Så. Med eitt såg eg lysa til ein bil som kom imot. Den stansa ved sida av meg. Eg opna døra og kikka ut.
"Er du klar over at du har skremt opp heile bygda", sa ei stemme.
Det var ein eg kjende. Han flirte. Det viste seg at den eldre kvinna hadde ringt og alarmert ei ho kjende. Som hadde ringt til han (som eg òg kjende). Og han hadde tatt med seg både kone og barn for å sjå kva som stod på. Litt spaning ei sein helg. Han gjekk inn og snakka med den gamle kvinna i huset. "Då er det berre å strekka ledning så du får lada", sa han.
Han inviterte meg inn i dieselbilen sin. Den var irriterande varm og god. Familien der inne smilte og lo. Telefonen min var tom for straum. Eg fekk lånt ein av dei. Fekk ringt og avlyst redningsbil frå Falken. Naboen ville diskutere om ikkje hydrogenteknologien var framtida for bilismen. "Ja, eg har ikkje akkurat gode argument for elbil nå", sa eg. "Men eg har ikkje heilt tru på hydrogenteknologi, nei". Så snakka me meir om det. Og anna. Ei god stund. Den vesle guten deira hadde sovna i barnesetet. "Det gjer ingenting", sa dei. Dei insisterte på at eg kunne sitja i bilen deira til min var køyrbar. Det tok ein time. I ein irriterande god og varm dieselbil.
Så var det endeleg liv i min. Den rulla framover. Naboane køyrde bak meg heilt til eg var heime. Eg klarte neppe å overtyde dei om å kjøpe elbil med det første.
Eg fekk bilen inn i garasjen. Den susa overlukkeleg då ladekabelen blei plugga i og ga meir næring. Så gjekk eg inn til den ventande familien. Medan snøen kom endå tettare der ute.

Meir om elbil:
http://lektrisk.blogspot.no