onsdag, august 03, 2016

Bamse, son (6) og far på fire mils sykkeltur i austlandske skogar - og forsøk på direktekringkasting



Vatn og sjokoladepause. Og ein ekstra klem til tolmodige Bamse.


Oppdatert: 

5.8.: Slik gjekk turen.
8.8.: Fleire bilete og videoar.

Det var ein ide eg hadde hatt lenge; å kunna sykla omlag fire mil gjennom skogen, frå huset i Frilset sør for Eidsvoll til hytta i Trautskogen i Nord Odal. Og det saman med sonen på seks år og Bamse. Eg har sykla denne ruta åleine fleire gonger. Og det burde kunna gå med sonen òg, med ekstra tid og overnatting i telt på vegen. Han brukar ein "påhengssykkel" som er festa bakpå min sykkel. Og i tillegg har me ei gammal barnesykkelvogn der me kunne få plass til bagasje.
Det siste transportmiddelet var litt gammalt og slitent. Eine dekket var punktert og full i hol. Eg lappa etter beste evne, men framleis lakk det litt. Siste dagen før avreise kjøpte eg ein ny slange.
Me hadde ein liten prøvetur dagen før. Og eg merka at det var veldig tungt med alle doningane i oppoverbakkane. Endå tyngre skulle det bli med all bagasjen på plass. Girwiren til framgiret på sykkelen var gåent. Vanlegvis brukte eg ikkje det giret, men nå kunne det bli nødvendig. Så det vart innkjøp av ny wire òg.
Me hadde pakka og førebudd oss i lang tid. Sonen var utolmodig. Så eg tenkte eg kunne fiksa slange og girwire på vegen, viss eg fann det nødvendig.

Ein annan ting eg hadde veldig lyst til, var å kringkasta dette direkte til eit enormt stort publikum her i Reisetankar. både med bilete via Bambuser og kartposisjon i Glympse. Så eg leita etter ei festeanordning til sykkelhjelm og mobiltelefon. Men det var ikkje lett å finna. Det beste eg fann, var ei lommegreie for telefonen til å ha rundt kroppen. Denne festa og teipa eg rundt hjelmen...og akkurat det gjekk til helsike. Dei fleste direktevideoane viste nokre rotete greier der eg fikla og streva med å leggja telefonen inn i lomma. I tillegg vart det ein femti minuttars video som viste grøftekantane langs riksvegen.

Så var det tryggleiken. Kona var på tur i England. så ho kunne ikkje hjelpa oss viss det vart naud. Så dermed kontakta eg nokre vener om å vera "tryggleikskontaktar" og halda eit auge med oss via all direktekringkastinga på reisebloggen. Det var ikkje eigentleg den store risikoen. Ruta er godt trafikkert med syklistar og fotgjengarar. Og på fleire av skogsvegane kan ein køyra fram med bil. Det er meir kjensla av å gå inn i det ukjente, ut av tryggleikssona vår, men framleis vita at nokon følgjer med.

Alt klart til tur.

Så var me endeleg klare for tur. Bamse, sonen og eg. Ein siste sjekk ved busskuret på Frilset, og så ut på vegen.
-Juhuuu, ropte seksåringen der bak. Han trødde ivrig i veg på påhengssykkelen sin. Det var lova overskya på dagen og regn på ettermiddagen. Men sola skein.
Dei første oppoverbakkane merka eg at det vart tungt. Eg pusta og peste. -Du må hjelpa og trø, ropte eg til han bak. -Jada, sa han, og trødde litt. Men i dei brattaste bakkane ved Styri (det var merkeleg kor bratt desse bakkane hadde blitt) fann eg ut at det berre var å hoppa av og trilla. -Du må gå litt, sa eg til seksåringen. -Elles blir det for tungt. Han hoppa motvillig av og spaserte på sida. Det var uansett temmeleg tungt å trilla alt saman oppover òg. Men det gjekk.
Etter omlag femten kilometer, eit stykke langs Østsidavegen mot Minnesund tok me ein pause i ei busslomme. Me åt nokre bananer, kvikklunsj og drakk litt vatn. Det er utruleg kor godt slikt er på ein sykkeltur.

Første pause.

Så vidare. Endeleg tok me inn på den mest spanande del av turen; inn på skogsvegen. Ein god del av denne ruta er del av Rondanestien og Pilgrimsstien mot Trondheim. Det knitra i hjula på grusvegen. Fuglane sang. Ein liten bekk klukka på sida. Bamse sat i sekken min og kikka bak på seksåringen. Bamse var nok den mest stille og tolmodige av oss alle. Ny pause, plukka bringebær, eta sjokolade, drikka vatn og kjøla beina nedi bekken.
Eg såg opp. Det skya til. -Eg trur me må dra vidare før det regnar. -Skal me bada, spurte seksåringen. -Ja, kanskje det, svarte eg. Me skulle til Nord Fløyta, eit fint skogsvatn der det er lagt til rette med badestrand, bord og benker. Me sleit oss oppover dei siste bakkane. Så flata det litt meir ut. Juhuuu, ropte seksåringen kvar gong det gjekk litt nedover. -Nå syklar me downhill!

Nord Fløyta.

Framme ved Nord Fløyta vassa me litt uti vatnet. Det var ikkje lov å setje opp telt inne på plassen, så me fann ein stad litt utanfor i eit skogholt. Sidan det var meldt masse regn ville eg ha med ein større tarp til å ha over det gamle tunnellteltet. Men eg hadde pakka feil. Den store tarpen var ikkje med, berre ein liten og to friluftshengekøyer som me ikkje trengte. Eg danderte så godt eg kunne.

Ein tarp må til som ekstra tak når det regnar som verst. Denne var eigentleg litt for liten, og blei supplert med ei friluftshengekøye.

Kveldsmaten tok me nede i fjæresteinane. Stekte pølser frå stormkjøkkenet og gummibjørnar til dessert. Eg kokte meg litt kaffe. Togg litt på kaffegruten, slik ein gjer ute i villmarka. Det kima i nokre bjeller, og nysgjerrige sauer kikka på oss. Seksåringen syntes dei såg skumle ut.

Kveldsmat i fjæresteinane.

Seksåringen hadde sitt eige kamera og knipsa i veg. Tok ei rekke nærbilete av ræva mi medan eg ordna telt og kveldsmat, og fleire nærbilete av mitt slitne, gamle froskeandlet. Han lo høgt då han såg på bileta. -Du ser gammal og rar ut, sa han. Han sprang omkring. Fann endå fleire av sine eigne, kreative vinklingar i forhold til mine keisame vaksenbilete.





Alle foto: Seksåringen

Det mørkna. På tide å leggja oss til i teltet. Seksåringen fekk lov å liggje i soveposen med ipad. Eg fekk lov å kikka i telefonen. Berre at det var ikkje så mykje å sjå. På denne staden var det ikkje noko mobilnett og ikkje noko mobildekning i det heile tatt. Me fekk ikkje sendt nokon beroligande meldingar til kone og tryggleikskontaktar. Det er rart med det; kor avhengige me har gjort oss av mobilnett og kontakt. Og kor utrygt det kan kjennast å vera utan. Me låg heilt isolerte og åleine i denne verda. Vel, ikkje heilt åleine. Nokre tyske ungdommar hadde installert seg litt bortanfor. Og sauene vandra omkring. Det sang i bjellene deira. -Uff, sa seksåringen. Eg fortalte ei lita historie om dei snille sauene. -Ja, nå er det betre, sa seksåringen. Dei tyske ungdommane hylte i yr ungdomsglede der borte. I klangen frå skogen kunne det høyrast ut som om det var skogshuldra som hylte. -Åh, kva var det, sa seksåringen. -Berre dei tyske turistane, sa eg, og håpte at eg hadde rett.
Utpå natta høyrde eg dei første regndropane. Så kom det meir. Og endå meir. Eg satsa på at tarpen over teltet gjorde jobben sin. Madrassane hadde for lite luft. Og skogbotnen under oss var i overkant skeiv. Ryggen min verka. Og eg høyrde på regnet.
Men tarpen gjorde jobben. Teltet var meir eller mindre tørt på morgonen. Me låg i teltet og høyrde endå meir på regnet. Bamse låg tolmodig på ryggen og såg opp i taket. Me ordna oss litt frukost. Brødskive med makrell i tomat.

Bamse låg tolmodig og venta på at noko skulle skje. Foto: Seksåringen

Veret letta. Me gjorde oss klare til å dra vidare. Seksåringen ville ned og vassa i vatnet litt. Eg såg bort på utstyret. Det eine hjulet på sykkelvogna var heilt flatt. Eg pumpa i luft. Og lufta berre seig ut igjen. På tide å ta fram den nye slangen og skifta...pokker. Eg hadde gløymt å pakka den slangen og girwiren. Det låg igjen heime. Fram med lappesaker. Ikkje søren om eg fekk den slangen tett. Ny lapp. Og endå ein ny. Slangen var morken og hadde fullt med lappar frå før. Seksåringen kom tilbake frå vatnet der han hadde vassa. Han gret. -Me må be om hjelp. Nokon må køyre oss! -Nei då, sa eg stolt. -Dette går bra. -Eg frys, sa han. Eg såg bort på han. -Men du er jo dyvåt! Eg fann fram nye klede til han. Tok på han litt ekstra. Over oss trua det med å koma meir regn. Tilbake til sykkelslangen. Eg tok den med ned til vatnet for å sjekka om det framleis var lekkasje. Nei, nå såg det jammen tett ut.

Kanskje på tide å skifta denne slangen.

Fort alt på plass. Og av garde. -Juhuu, ropte seksåringen då det gjekk litt nedover.
Oppe på ein høgde stod ein trestatue av eit lite troll. Eg håpte i alle fall at det var ein trestatue. Seksåringen krevde at me stoppa så han fekk tatt eit bilete.

Eit tretroll må knipsast...

...og slik blei resultatet.

Eg hadde bestemt meg for å endre kursen. I staden for å ta ein lang, lang oppoverbakke i retning Ottsjøen, drog me rett fram mot Lysjøen og så vidare mot fylkesvegen som kom opp frå e6 mot Trautskogen. Då kunne me sykla heile vegen på skogs og bilvegar, og unngå smale stiar med den store sykkelvogna.
Me sleit oss opp ein bakke og kunne endeleg få kontakt med verda. Det tikka inn med meldingar frå dei som lurte på korleis det gjekk. Ein kamerat hadde til og med tatt ein tur med bilen for å sjå etter oss. Men han var ved Ottsjøen slik eg hadde meldt tidlegare, og etter kvart var me begge utan mobilnett igjen, og ute av stand til å finna kvarandre. Eg sjekka hjulet på sykkelvogna. Ein del luft hadde gått ut igjen. Eg pumpa i og håpte på det beste. Dessutan hadde eg mista ein pose med klede til seksåringen. Men regneklede og anna viktig var på plass. Eg sikra bagasjen betre.
Me passerte eit idyllisk hytteområde, ei seter og Lysjøen. Og fann eit skilt om at vegen vidare var stengt. -Det gjeld sikkert berre for bilar, sa eg og fortsatte. Så trilla og sleit me oss oppover igjen. -Du må gå av.  -Eg er sliten, sa han. -Me burde ikkje dratt på denne turen med sykkel. Oppe på toppen var vegen stengt av eit lass med steinar. Eg sleit sykkelvogna forbi. Nede i dalen kunne me høyra anleggsarbeid. Seksåringen fekk nærast panikk og trudde at me ville hamne i fengsel fordi me ikkje hadde lov til å vera der. Me trilla nedover medan den slitne seksåringen gret. Jo. Anleggsmaskinar dreiv og utbetra vegen. Sikkert til eit hyttefelt. Me måtte ut på ein gjørmete anleggsveg. -Å, nei!! Gjørme, ropte seksåringen og gret endå høgare. Det var dråpen. Men heldigvis hadde han støvlar på. Ein anleggsmaskin stoppa arbeidet då me passerte. Men anleggsarbeidaren vinka venleg til oss.
Så var me nede ved fylkesvegen, ein trafikkert grusveg som leia oss dei siste kilometrane til hytta. Seksåringen klaga ved kvar einaste vesle oppoverbakke. Eg likte det heller ikkje, kjende blodsmak i munnen og var redd for at låra mine skulle knekka kva tid som helst.
Så kom me til den siste nedoverbakken til hytta. Me susa nedover. -Åiåiåi, juhuuuu, ropte seksåringen. -Dette er skikkeleg downhill!
Den siste bakken opp til hytta lot eg sykkel vera sykkel og sykkelvogn vera sykkelvogn. Eg orka ikkje trilla noko av det ein meter til. Me spaserte opp til den velsigna hytta som venta på oss. Sola skein opp. Me låste opp døra og snusa inn den luksusen som ei hytte kan gi etter ein slik tur.
Eg såg på seksåringen. -Du har vore flink, sa eg. -Tenk så mykje som du har gått og sykla. Det er ikkje mange seksåringar som klarer det. -Nei, sa han og sprang lukkeleg omkring og leika på den velkjende hytteverandaen.
Til slutt tok eg fram mobiltelefonen til litt avsluttande direktefilming. Berre så det i alle fall skulle bli litt vellukka direktekringkasting av turen.

Dagen etter tok me ein tur frå hytta til nærbutikken. Det blei ein ganske lang tur det òg, og temmeleg tungt i bakkane tilbake mot hytta. Men guten der bak småsang og trødde heile vegen. Me var blitt meir samstemte, som èin maskin på eit vis. Det kjendest godt.

(Og eit par dagar seinare, etter ein liten biltur på deler av ruta fann eg til og med igjen posen med barneklede. Takk til dei som hengte den opp på eit vegskilt.)

Ruta blei omlag slik: 
-Frilset - RV177, Nesvegen - Styri,
-vidare langs RV177, Østsidavegen mot Minnesund,
-så tok me av ved Habberstadvangvegen,
-så til skogs oppover til Nord Fløyta og overnatting,
-i staden for å dra mot Ottsjøen, tok me til Lysjøen,
-vidare til FV 228 som går opp frå E6, mot Trautskogen
-Og til hytta i Trautskogen.


For dei som har ei særskilt interesse for grøftekantane langs RV 177, kan de her sjå ein 50 minuttars video av emnet.


På ein høgde, dagen etter overnatting fekk me endeleg mobilkontakt igjen og kunne kringkasta litt.

Den aller siste direktevideoen frå endemålet, hytta er litt meir presentabel.

Glympse har forhåpentlegvis gitt litt direkteinformasjon om kor me var, undervegs på turen.

Google er ikkje heilt oppdatert på karta sine, og ikkje klar over at det er skogsveg heilt fram. Men turen gjekk i alle fall denne vegen.

...og fortsatte her.