onsdag, desember 28, 2016

Bortkomen i jula


Den gode julestemninga; kva er det? Det handlar ikkje om å reise, men å bli heime det meste av tida, i det lune reiret. Glade er me alle for å ikkje ha reist vestover med fare for å møta ein storm og det som verre er. I staden er det å fyra opp i omnen. Å laga ein lun uteplass i hagen. Fyra opp i ein omn der. Ta imot ein sjølvstendig son frå byen. Ta berre ein liten tur til slekt og vener, som spanderer kaffe, konjakk og kubanarar og meir enn det. Kanskje ein liten tur til hytta der det blir fyrt opp endå meir i omnar og utebål. Men alt innanfor ein omkrets me kan kalle heime.
Ein blir bortkomen av å reisa for langt i jula. Tryggleiken i det vante høyrer til det å feire jul.

På Facebook har jula vore eit heitt tema i det siste. Ikkje akkurat julefred. Folk Flest fyrer seg sjølv opp over at norsk kultur og norske juletradisjonar visstnok står i fare for å døy ut. Elevar på ein skule skal visstnok ikkje ha fått lov til å syngja "Deilig er jorden" etter opprinneleg tekst. For å ta omsyn til andre trusretningar og kulturar. Visstnok. "Nå har det gått for langt. Hva blir det neste? Skal vi alle gå rundt juletreet i burka?" osv. Det er berre tull. Ingen i dette hylekoret sjekkar fakta. Ingen av dei bryr seg med å lesa eller referera til kva som eigentleg har skjedd. Ingen skjønar kor lite såkalla norsk kultur det er i juletradisjonane våre (og kva er eigentleg "norsk kultur"?). Ingen tenkjer over kva jula eigentleg handlar om; å ha ei fredeleg tid, å gi og få og å leva i harmoni med folk rundt oss.
Nokon har heldigvis tatt tak. Enkelte norske familiar har invitert unge asylsøkarar heim til seg, for å la dei ta del i litt julefeiring. Det er jo det det handlar om; å invitere, ikkje sitje og hyle og skrike.


Og eg? Eg prøvde å la hylekor vera hylekor. Og eg satte opp eit leikety på ynskjelista mi i år. Ei drone. Har alltid vore fascinert av dette. Å innbille seg at ein kan fly ved hjelp av ei drone. Så dermed kjøpte kona ei drone til meg. "Jaaa" ropte eg då eg opna gåva under treet.
Utpå kvelden, etter at julematen var fortært og gåvene var pakka opp, såg eg på ein film som eg hadde lasta ned. "The Martian". Det handla om ein mann som blei etterlaten på planeten Mars. Dei andre måtte forlata han på grunn av ein storm. Så der stod han igjen, åleine og måtte prøva å berga seg så godt han kunne.
Neste dag ville eg prøva den nye drona. Det var litt vind i lufta. Stormen i vest hadde kome austover til oss som små, lette pust. Men det skulle vel drona klare. Hm. Det var noko som ikkje stemte. Ikkje noko liv. Eg trykka på nokre knappar. Vrei på nokre hendlar. Men ingenting skjedde. Eg skrudde litt her og der. Brått susa det i den. Og med eitt skaut den rett til vers. Høgt til vers. Og drog i retning naboen. "Å, pokker" utbraut eg og skrudde febrilsk på nokre hendlar. Klarte å trykke på ein "kom heim" knapp, meinte eg. Drona skrådde over og small rett i toppen av eit tre. Ei høg, høg osp som stod borte hos naboen. Der hang drona og blinka med raude og grøne lys. Kom seg verken opp eller ned. I eit anfall av panikk sprang eg inn i skogen og bort til treet. Prøvde å klatre opp. Ein hund inne i eit hus gøydde faretruande av lydane eg laga. Men det var fånyttes. Det var for lite greiner å klatre i. Og ospa var høg. Veldig høg.

Så nå heng drona der oppe. Korleis i all verda skal ein få ned ei drone som heng slik oppe i eit høgt tre?
Eg måtte til slutt inn og vedgå synda mi. Den store gåva hadde vart i akkurat eitt minutt, innan den måtte forlatast som ein marsbuar, åleine og kald.
Så det var nå mi oppleving. God jul.