Togkaos og bonde på tur er dårleg kombo.
Eit tog står fast, forseinkingar og skifte på Oslo S. Så rullar det nye i veg.
Eg ser opp på tavla då toget stansar. «Drammen» står det. Å, jøss, er eg framme, tenkjer eg, og går ut på perrongen. Men dette ser nå merkeleg øde og lite «drammensk» ut.
Ein togkonduktør står eit stykke nede på perrongen.
-Er dette Drammen, ropar eg.
-Ja, ropar ho tilbake.
Ho har på ein slik fin, grøn Vy-poncho, tilpassa haustveret.
Ei kvinne endå lenger nede på perrongen ser forvirra rundt seg.
-Unnskyld, er dette Drammen, ropar ho.
-Ja, svarer konduktøren.
Så går ho inn på toget og drar vidare.
Eg har det med å stole på autoritetar. Særleg slike skråsikre med grøne ponchoar. Men her var det øde, ja. Stille og øde. Eg ser bort på eit skilt. «Lier» står det der.