mandag, juli 27, 2015

4. Elbil på langtur - Øya der det veks, og gleden ved å reisa gratis på ferje

Før

Og før

Halsnøy er ei øy der det veks. Det verkar som om øybuane kjempar ein intens kamp for å halda voksteren på ein armlengdes avstand.
Så òg ved strandlina ved garden, der det har vorte fullstendig overgrodd. Men det er eigentleg ein fin stad. Ein gong stod det eit lite naust der. Og ein liten steinkai vitnar om tidlegare båtliv. Med ein del rydding i gammalt skrot og vokster, kan det bli ein fin båt og badeplass.
Så dermed har eg brukt ein del av tida på å saga vekk ei mengd med tre. Det blei til slutt ein ikkje ubetydeleg mengde med ved av det heile. Ei gammal eik skal få stå. Svære røter som har forma seg etter stein og terreng vitnar om eit langt, historisk liv. Neste år kjem eg sannsynlegvis tilbake og pussar vekk litt meir av vegetasjonen.

Litt av sju-åtte svære vedhaugar

Og resultatet etter

Framtidig båt og badeplass




Femåringen har sprunge rundt med slektningar og ein nabogut. Øvd seg litt på vestlandsk skarremål og til og med prøvd badevatnet litt.


Ein dag måtte me jo berre ta ein tur med ferja, vestover til Stord. Vitja vener som me kjente i Finnmark, og som artig nok har koblingar til både Vestland og Austland parallelt med vår eigen familie. Og som eit ekstra apropos må denne ferja ha blitt henta frå nord, sidan den heiter Stallovarre.

Stállu er ein mytisk, samisk figur, som ein kan høyra om i mange forteljingar. Ein liten trolliknande figur som gjer mykje ugagn og som det er grunn til å frykta. Várre tyder fjell, så vidt eg veit. Denne ferja er visst ikkje så populær blant kresne, vestlandske ferjereisande. Sjølv synest eg den var fin. Det er den gamle, fine typen med salong oppe og god utsikt.

Og ekstra kjekt var det å ha tatt ein ferjetur med elbilen. Vel og merka med gratis elbil.

Snart vender me nasen austover igjen. Søndag reknar me med å starta opp. Denne gong er turen planlagt over Haukeli. Det blir ladingar i Rosendal, Odda og Røldal. Og så har eg gjort avtale med Haukeli Hotell om litt straum frå dei, innan me satsar på å overnatta/lada ved Seljord Camping. Måndag reknar eg med det blir plankekøyring på siste del av turen.

fredag, juli 24, 2015

3. Elbil på langtur - Andre og avgjerande, elektriske turdag

Det såg ut til at det skulle halda hardt. Eg rekna meg fram til at eg ville ha igjen under ti kilometer på batteriet innan eg nådde fram til Vøringsfossen. Og ti kilometer kunne like gjerne bli til null på kort varsel, avhengig av uforutsette utfordringar. Hjelpa kom muligens frå ein stad som ikkje var så forventa; Ein bubil. Det er noko med at det på eit vis er enklare å leggja seg bak ein bubil som sniglar seg framover, enn å snigla seg framover på eiga hand. Det gjekk i 50 og 60. Og det likte batteriet godt. Det kan godt henda at dette ikkje var så kritisk, eigentleg. Og etter kvart byrja det å gå nedoverbakke. Det likte batteriet veldig godt. Då eg svinga inn til Vøringsfossen, viste batteriteljaren at eg framleis hadde 40 kilometer igjen. Det heile var snudd til strålande optimisme. Vøringsfoss Kafeteria som hadde lova lading, køyrde me forbi. Dei låg litt for langt unna hovudattraksjonen.
Me parkerte, menga oss med hordevis av utanlandske turistar og såg på den imponerande Vøringsfossen.




Ved Fossli Hotell like ved spurte eg for sikkerhets skuld om eg kunne lada litt, medan me var der. Eg kunne ikkje dy meg. Ja, ingen problem, sa dei der. Men der oppdaga eg faktisk eit problem. Dei hadde straum og stikkontakt og alt. Men det såg ut til at dei ikkje hadde nok spenning til å gi bilen straumen. Så eg lurer på om dette kan vera eit problem fleire stader som er langt uti huttaheiti, sjølv om dei er nære vasskrafta.
Men så kom det kjekkaste. Nedover mot Eidfjord var det bratt. Veldig bratt. Og dette likte batteriet veldig, veldig godt. Ved hjelp av regenerering/motorbrems blei det lada i veg, såg det ut til. Vel nede i Eidfjord kunne eg, i følgje rekkeviddemålaren ha køyrd fem mil til (sannsynlegvis på vilkår av at det framleis skulle vera fritt fall).
I Eidfjord var det ein ny hurtigladar frå Grønn Kontakt. Flott og fin. Turistane stirra. Nokre engelskmenn spurte. Eg svara som den elbilambassadøren eg var. Sonen min oppdaga eit slikt lite "tog" som køyrde rundt og viste attraksjonar. Det ville han bli med på. -Nei, me må bli her, medan me ladar, svarte eg. Han byrja å bli lei. -Skal me berre gjera slike vaksenting, spurte han.
Me drog opp til Eidfjord Fjell og Fjord Hotel. Der stod det åtte sakteladarar til disposisjon, slik at me kunne lada opp dei siste 20 prosenta. Ingen andre elbilistar var å sjå, verken ved hurtig eller sakteladarane. Inne på hotellet vrimla det av turistar. Men betjeninga hjalp oss. Fann eit bord til oss og ga rask servering. Fjellaure til middag og eplekake med is til dessert.




 Så på veg til Odda. Når ein har budd lenge nok på austlandet, så gir denne vegstrekka langs Hardangerfjorden eit visst inntrykk. Det var eit tungt, grått skydekke. Stupbratt oppover mot fjellet på sida (korleis klarer folk å bu i eit slikt brattheng?) og ein smal, svingete veg. Eg får rett og slett litt klaustrofobi av denne vegen på mine gamle dagar. Det var ikkje betre av at trafikken stadig blei stoppa av bubilar som hadde problem med å koma seg forbi kvarandre.

Men batteriet likte saktekøyringa godt. Og bilen strutta nærast på veg inn til Odda og neste hurtigladar frå Grønn Kontakt. Her var det òg ein semiladar, flexiladar eller kva det heiter, der eg meiner eg kunne bruka den nye "type 2 til type 1"-ladekabelen min. Men luka opna seg ikkje. Skjønar ikkje kvifor (det skuldast i følje Grønn Kontakt ein øydelagt sikring, som dei retta opp i seinare).


Endeleg kunne sonen min leika litt. Nokre statuar er alltid kjekt å ha. Og like ved fann me Odda Vitensenter ved gamle Odda Smelteverk. Det var rett nok stengt for dagen, men hadde fleire spanande innretningar å utforska på utsida. Men sonen byrja å bli sliten. Og lei av lading. -Skal me til farmor og farfar nå, spurte han. -Ja, nå trur eg at farmor og farfar blir neste stopp, svarte eg.
Me køyrde gjennom den over ti kilometer lange tunnelen under Folgefonna. Det er imponerande at det berre er å laga eit hol tvers gjennom fjellet, under ein isbre, og vips, så er ein på andre sida. Der, på andre sida var vegen, om mogleg endå smalare. Så smal at det må eit trafikklys til for å sleppa berre einvegs trafikk framover. Han bak hadde sovna. Men då me kom til Rosendal blei eg usikker. "Det er kanskje sikrast å lada ved hurtigladaren til Grønn Kontakt her òg", tenkte eg. Han vakna til. Og tolmodet var slutt i baksetet. Han skreik til og klaga over lovnadsbrotet. -Eg vil heim igjen, ropte han. Eg styrta til bagasjerommet, fann ein pose seigemenn og stappa i han. Då stilna det førebels. Me leika litt politi og røvar på parkeringsplassen. Han skreik igjen då hurtigladinga var ferdig og eg ville vidare. Ikkje nok med at eg braut ein lovnad. Men når leiken endeleg var i gong, så braut eg av den òg.

Siste strekka var ein parademarsj. Eg hugsa denne vegen nærast som ein autostrada i barndomen. Det var den ikkje nå lenger, der den svinga seg omkring. Me passerte Husnes. Kom fram til den undersjøiske tunnelen ut til øya. Tenk: I fleire tiår blei det kjempa for fast samband for øybuane. Og så blei det til slutt løyst ved å grava ein tunell under fjorden. Like mykje eit meisterstykke som den under Folgefonna, og utenkjeleg for nokre år tilbake.
Så kom me opp på andre sida. Til øya. Sola skein lite grann. I alle fall opplevde me det slik då me kom ut av den mørke tunellen.  -Kjenner du deg igjen, spurte eg. -Ja, svarte han ivrig. Klokka var rundt åtte på kvelden. Og der var me framme. Hos farmor og farfar.



2. Elbil på langtur - Første elektriske turdag



Femåringen, med ipad, klar for avreise.

Me kom oss i veg i elleve-tida, omlag to timar seinare enn planlagt. Diverse ting klarte me å gløyma å ta med. Men ikkje slik at det var noko krise.
Alvoret sank for alvor (!) inn over oss då me tok avskjed med mor og hustru og segla frå huset ein varm og solfylt dag.



 Bilen var godt lasta. Det var definitivt ikkje plass til andre enn oss to. For å sikra lasta i det vesle bagasjerommet, festa eg ein stropp til isofix-festa og over bagasjen. Det fungerte bra. Andre tunge ting var stuva ned på golvet.



 Då me passerte Nannestad, syntes eg at det allereie var gått ein del ned på batteriet. Det var kanskje dumt å dra ut på e6 frå Eidsvoll Verk og dra på litt for mykje der. Eller kanskje det berre var rekkevidde-panikken som kom. Så gjekk det oppover eit stykke. Rekkevidden blei endå kortare. Men ingen problem. Etter seks mil var me framme med god margin ved Roa og Kiwi-Fortum-hurtigladaren.
Eit tema som ofte er oppe blant elbilistar, er ulempe med å stå i kø ved hurtigladarane. Då eg kom fram, stod det ein Leaf der og lada. Men den stod der berre i ti minutt, innan det var min tur. Og ein del av dei minutta blei brukt til ein hyggjeleg prat med Leaf-eigaren. Det er jo det som er poenget for elbilistane; me kan evna å ta livet meir med ro. Venta når me må venta, og ta ein sosial prat med likesinna. Og med to unntak (Roa inkludert) hadde me ingen "kø-problem" på heile turen. Inne på Kiwi kjøpte me proviant. Blant anna bringebæris som fall i smak hos femåringen.

Hurtiglading og avslapping ved Roa.



Så var det berre to nye mil, innan me køyrde inn på Coop ved Hønefoss, der det er åtte sakteladarar. Det er litt rar parkeringsoppmerking der med berre plass til fire bilar til åtte ladepunkt. I tillegg verkar det som om ein del fossilbilistar har for vane å parkera på hjørnet på ein av plassane. Eg diskuterte med ein av dei, utan at me blei særleg einige. Men det var ingen andre elbilistar som lada der, bortsett frå oss. Me gjekk inn på Coop og provianterte alt me gløymde å proviantera på Kiwi. Så rusla me litt rundt. Det var ikkje mykje å sjå akkurat der. Men femåringen finn glede i dei små ting. Han laga fjes og spegla seg i den nyvaska bilen og hoppa på ei lita stein-statue, eller kva det var.



 Så drog me inn på ein kafè. Femåringen fekk seg ein ny is. Pæreis, denne gongen.



Det var tid for det verkelege alvoret; Riksveg 7 og stigninga oppover mot fjellet. Planen var å ta neste ladestopp ved Sokna og Kiwi-Fortum. Men der stod det ein Nissan Leaf, gitt. Og: Det stod ei feilmelding på ladaren om at ladinga var avbroten. Så vidt eg veit må denne Leaf-eigaren sjølv avslutte ladinga med sms eller ladebrikke. Så eg måtte i tilfelle venta på at Leaf-eigaren kom tilbake, slik at vedkomande kunne oppdaga at det hadde skjedd eit avbrot og så starta ladinga på nytt på bilen sin. Dette med avbrot på Kiwi-Fortum har eg forresten opplevd på Kløfta. Har funne ut at eg må stå og passa på og fleire gonger restarta ladinga. I alle fall: Eg såg på rekkeviddeteljaren i bilen, som lova at det var god margin til neste stopp, Flå. Så eg tok sjansen, starta opp og drog vidare.
Den turen blei ein smule spanande. Rekkeviddeteljaren sank og sank. Ladeikonet byrja å blinka. Teljaren meinte at eg hadde igjen åtte kilometer før batteriet var tomt. Men GPS-en sa det berre var tre kilometer igjen. Og så var me framme. Det var først litt vanskeleg å finna fram. Men bak bankbygget stod den; Hurtigladaren til Grønn Kontakt. Det er første gong eg brukar Grønn Kontakt sin ladar, som eg kom til å bruka stort sett på resten av turen. Og eg har eit positivt inntrykk. Det verkar enkelt og solid. Eg opplevde ingen feilmeldingar eller knoting i Flå. Etter første hurtiglading, tok eg meg tid til ei ekstra topplading, som tok noko over ein halvtime, inntil det stod 94% på batteriet (me elbilistar er veldig glade i å fortelja om slike detaljar). Den siste runden var sikkert ei ganske dyr lading med minuttpris og lite straum inn på batteriet. Men eg ville vera sikker på at eg hadde nok vidare på turen. Og femåringen og eg fekk tid til å leika gjemsel i sommarvarmen.



 Då me runda av i Flå, kom det ein annan langvegsfarande. Ein i VW E-up som skulle til Bergen. Og som noko bekymra konstaterte at det berre var Chademo-kontakt på denne ladaren, som ikkje passa til bilen hans.
Neste moglegheit for meg var Nesbyen. Eg køyrde nonchalant forbi og satsa på den neste. For der, på Gol venta det nemleg noko så gledeleg som ein gratis hurtigladar på Gol Auto. Ingen kø venta meg av den grunn. Ingen andre elbilistar var å sjå i tida då eg hurtiglada.
Siste etappe var til Geilo. Då eg lada på Gol ringte eg til Breies Campinghytter og spurte om eg kunne lada der over natta. Det kunne eg. Eg køyrde like nonchalant forbi hurtigladaren på Ål og kom trygt fram til campingplassen på Geilo. Det var ikkje den finaste campingplassen eg har sett. Men greitt nok. Dei tok 200 kroner for teltplass med straum, sidan bilen skulle ladast. Uheldigvis var det ikkje plass til teltet ved ein av straumboksane, slik at eg ikkje kunne utnytta straumen meir. Eg hadde blant anna med meg ein liten kupèvarmar som kunne ha blitt brukt i teltet. For det var isnande kaldt på Geilo. I staden måtte sommarkleda erstattast kjapt med meir vinterlege tekstilar. Det vesle tomannsteltet frå åttitalet måtte opp (det var det desidert minste teltet på campingplassen) og kveldsmaten fram. Klokka hadde blitt halv åtte då me kom fram. Men femåringen var ikkje trøytt.

   

 Han fann umiddelbart nokre jamnaldrande leikekameratar og sprang lukkeleg omkring medan eg gjorde i stand. Då han først hadde lagt seg, oppå liggeunderlag og saueskinn, godt innpakka i sovepose og teppe, så slokna han fort. Det gjorde eg òg.


Neste morgon vakna me grytidleg, i sekstida. Det gjer ein som regel på ein campingplass. Me høyrde på sus og lydar, på andre campinggjester som vakna like tidleg, strakk på litt støle, men lukkelege kroppar, prøvde å lukka augene og sova litt til, men fann etter kvart ut at det var jo berre å stå opp. Eg hadde framleis ingen straum til diverse i teltet. Så eg fann fram raudspritbrennaren (som òg er frå åttitalet) og kokte meg kaffe og gjorde i stand frukost. Femåringen leika så det ljoma med kameratane sine.
Elbilen stod ferdig lada. Det som venta, var det som gjorde meg mest nervøs. Frå Geilo til Eidfjord var det ni mil. Det var fire hundre høgdemeter til det høgaste. Det var kaldt. Og teljaren indikerte at eg hadde batteri til berre åtte mil, etter erfaringa med stigninga mot Geilo. Eg ringte til Vøringfoss Kafeteria. Dit var det sju mil. Kunne eg lada litt der? Jada. Dei kunne ordna ein kabel ut eit vindauge. Greitt. Det høyrdest litt tryggare ut. Men ute var det kaldt. Det ville gå ut over batteriet. Ein sur vind stod imot. Og store snøklattar viste seg på det tåkefulle fjellet.



tirsdag, juli 21, 2015

1. Elbil på langtur - Frå Eidsvoll til Halsnøy; Går det bra, då?

Så var det klart. Bilen nestan ferdig pakka. Seint på kvelden. Men har eg hugsa på alt? Sikkert ikkje.
Kjenner meg som ein passe nervøs Heyerdahl, som skal ut i det ukjente. Heyerdahl drog ut i ein balsaflåte. Eg og sonen min på fem år skal på langtur med elbil. Frå Eidsvoll i aust og til Halsnøy i Sunnhordland, i vest.
Ein elbil som min, ein Citroen C-Zero har ikkje allverdens rekkevidde. 10-12 mil på sommaren. Men det er bratte stigningar oppover fjellet. Og sikkert ein del kaldare. Og alt det drar ned på rekkevidden.
På ettermiddagen kom eg på at eg trong noko meir. Alt for seint å koma på det. Ein ekstra ladekabel. Ein såkalla "type 2 til type 1". EU krev at type 2 skal bli standard. Og enkelte ladestasjonar passar berre til den. Men korleis skal ein få tak i ein slik kabel, kjapt? Eg leita omkring på internett. Fann firmaet "Grønne Mil". Det var berre å betala i nettbanken og ta ein tur til lageret deira på Dal, så var det i orden.
Teltet vart sjekka i dag. Det vart kjøpt i den pure ungdomstida mi, på ein festival i Uskedal på åttitalet.  Og lenge sidan det sist var brukt. Og...ja, det lukta noko innestengt. Eg opna det opp, vaska det og lufta det. Kjøpte ein såkalla "tarp", ein ekstra duk til å ha over teltet for å halda evt. regn borte. Men kor var det blitt av teltpluggane? Avgårde igjen på ein sportsforretning og kjøpa det. Og samstundes sjekka den nye ladekabelen på senteret på Råholt. Ja, den fungerte bra.
Så var det å pakka igjen. Pakka og pakka. Stuva i veg i den vesle elbilen. Men har eg hugsa alt? Sikkert ikkje.

(Og korleis denne turen gjekk, kan du lesa i dei neste kapitla, oppover i bloggen. Diverse videoar kan sjåast i https://bambuser.com/channel/skogstankar.)