Oslo, 30.6.25
Kjende meg gretten. Det er gjerne då ein tiltrekk seg noko meir grettent. Ein tur til Oslo hjelper ikkje nødvendigvis på. I alle fall ikkje for ein litt gretten, litt forutinntatt mann frå landet med svart kaps og grått skjegg. Og med eit mysande, litt bistert uttrykk.
Tidlegare på morgonen hadde eg kjøpt ein kaffe på 7-eleven for å nyte den ute i ein park. Kaffen var lunken. Så vart eg svolten. Lunsjtid. Kor skulle eg gå? Eg fann den fyrste og, trudde eg, beste kafèen. Ein kunne ikkje sitje ute i sola der. -Nei, tyvärr inte, sa ei jente bak skranken. Så måtte eg vente i ein kø. Nokon før meg hadde bestilt cappucino eller noko slikt. Den einslege svenske jenta bak skranken stod og mekka på drikken. Ho gjorde så godt ho kunne, stakkar. Men det varte og rakk.
Eg fekk til slutt kjøpt ein chiabatta, ein kaffe og ei bolle. Fyfader, det var dyrt, ja. Og tørt som papir. Bolla var dekka av noko flytande sukkergreier som klistra seg på fingrane.
Eg gjekk ut for å nyte sol og sjø. Det vrimla av turistar. Mange tok selfiar av seg og Operaen.
Ein mann sat og ropte nede ved vasskanten. Ei ru og rusten røyst. Det var ein gammal mann i ei gul t-skjorte. Ein av Oslo sine slitne, gamle menn. "Go home! Go home! Dere er horer!" Det sat ganske mange menneske omkring der. Men absolutt ingen såg ut til å leggje merke til den gamle mannen sine fornærmingar. Berre småprata og liksom koste seg i sola. Eg kunne ha tenkt noko på om det var fare for tryggleiken til folk der. Eller om det var farleg for den gamle, dehydrerte mannen å sitje slik ute i sola. Men eg liksom reiste meg og vandra vidare, utan at det var heilt mål og meining med det.