torsdag, juli 18, 2024

Eit skeivt blikk på Roma

 


Det var uti mai månad. Den travlaste tida i året. Når lommeboka er på det tynnaste. Eg hadde sagt meg viljug til å bli med ein gjeng til Roma. Eg angra litt. Det var mykje å tenkje på rundt denne tida. Jobb. Ein familie som skulle markere fleire store hendingar. Og som hadde forventningar til sommarferien. Var det då noko plass til å brått sleppe alt rundt seg og ta ein tur til Roma?
-Ta det med ro, sa både kona og sonen, slik dei alltid gjorde. -Nyt turen. Dette blir jo stort.



Den var grei. Eg innretta kroppen så godt eg kunne til eit avbrekk. Snudde ryggen til jobb og familieansvar. Kledde meg i caps, shorts, ei t-skjorte, sandalar og ein sekk med det nødvendige. Og prøvde å rette fokuset mot det som venta.
Eg såg ut flyvindauget. Månen kikka fram over flyvingen. Eg prøvde å lese ei bok. Den handla om ein fyr som vokta ei norsk ferieøy, men som elles var åleine på øya om vinteren. Etter kvart tok romanen heilt av, der forteljarstemma var forskjellige ville dyr, til lands, til havs og i lufta, til og med bakteriar som fortærte råttent kjøtt. Eg la boka frå meg. Tok opp eit notehefte frå reisesekken. Prøvde å øve. Oppdaga at sangstemma mi ikkje kunna høyrast av andre passasjerar i suset frå flyet. I alle fall så lenge eg ikkje tok alt for hardt i. Flyet nærma seg målet. Eg såg ut. Det var litt gråare i Italia, samanlikna med den tidlegvarme forsommaren i Noreg.

Eit kor frå bygdenoreg var altså på veg for å synge, for det meste italiensk/latinspråklege verk, i Roma. Temmeleg mange variantar av Ave Maria, blant anna. Eg var èin av desse koristane. Eg tenkte undervegs at eit norsk kor som syng latinsk i Roma, at det var som å selje sand i Sahara. Og eit norsk kor frå distriktet? I musikkhovudstaden Roma? Endåtil i Pantheon, eit berømt byggverk frå romartida, der folk må stå timar i kø for å kanskje kome inn. Der skulle me syngje. Seinare i San Carlos al Corso, ei anna berømt kyrkje i den italienske hovudstaden. Korleis hadde me klart å få innpass der? Nokon hadde kontaktar, og hadde ordna avtalar. Det kunne vere difor. Eller, det kunne jo òg skuldast at me er eit svært bra kor som passar perfekt inn i Pantheon. Det kunne vere difor òg. Eller det kunne vera ein kombinasjon av alt dette. Det er òg mogleg. I eit norsk amatørkor er det svært vanskeleg å finne heilt sikre svar på slike spørsmål. Uansett; der skulle me altså. 

Dei fleste i koret hadde dratt i forvegen, med eit tidlegare fly. Eg hadde feilberekna litt i planlegginga og kom vel seint fram. Flyet landa. Eg gjekk inn i den italienske flyterminalen seint på ettermiddagen, og registrerte at terminalen var stor, at det var mange menneske der og at det meste såg annleis ut. Naturleg nok. Eit skilt peika mot exit. Det var berre å gå mot det ukjende. 
Men i eit slikt kor er det nokon som styrer og ordnar. Nokon hadde ordna bestilling av ein drosje til meg og eit par andre etternølarar. Den eine etternølaren sendte melding om at flyet hans var forseinka. To av oss nådde fram til utgongen på flyplassen. Italiensk støy overalt. Ei mengd menneske stod med lappar med namn på. Men me kunne ikkje finne våre namn. Me gjekk fram og tilbake. Men der, ved eit gjerde hang det eit namn som me kjende. Ein eldre mann kom ilande til. Han smilte og viste vegen med handflata. Ut, forbi trafikk, lufta var varm og fuktig, det hadde byrja å mørkna, ting var annleis, inn i ein luksuriøs Mercedes, fort avgarde på ein motorveg. Sjåføren byrja å spørje om adressa. Me var nå ikkje heilt skråsikre, staden var visst ikkje heilt kjent, det skulle vera eit tidlegare kloster omgjort til hotell, me prøvde å kommunisere på vårt lingua franca, på engelsk. Det gjekk berre sånn passe. Sjåføren ringte til nokon, snakka fort på italiensk, sjekka på mobilkartet sitt. Ja, nei, var me nå eigentleg i den rette drosjen? Kunne me stole på denne sjåføren? Kva om han køyrde oss til ei bakgate og rana oss? Det var nå slikt me tenkte ein slik mørk kveld i Roma. Så var me brått der. -Du er ein god sjåfør, sa eg letta, då me stod ved ei gammal brusteinslagt, smal gate. Mørkt. Gamle bygningar omkring. Men kor var dette hotellet? Ingen skilt. Sjåføren peika opp mot ein stor port på eit hus. Det dura i låsen til porten. Me gjekk med usikre steg inn, kom til ei gammal nonne bak ein skranke. Ho snakka ikkje engelsk. Og sat og såg på ein italiensk såpeopera på tv-en. Såpeoperaen handla om nonner. Ting var annleis. Men me var framme.


Dagen etter stod det norske koret på gata utanfor nonneklosteret, alle kledde i svart. Me skulle gå i samla flokk til Pantheon. Det var opp og ned fleire smale, brusteinslagte og gamle gater. Omkring oss var det ein jamn straum av italienarar og turistar. Så masse folk. Den vesle flokken med svartkledde nordmenn peika seg sikkert ut i mengda. Framme ved Pantheon var det ei lett oppjaga stemning. Nokon i koret hadde ikkje kome fram ennå. Dirigenten såg litt stressa rundt seg. På plassen utanfor Pantheon stod ein kø av menneske på fleire hundre meter. Berre nokon av dei ville klare å kome seg inn. Resten måtte stå utanfor og prøve å få med seg forestillinga. Der me skulle syngje. -Kom igjen, kom igjen, ropte brått dirigenten. Nokon vinka til oss, nokre sperringar opna seg, koret gjekk andektige, frå plassen utanfor og inn i ein svær kuppel med ein stor, rund opning i taket. 


Eit italiensk korps småspelte der inne. Klangen av korps og småprating frå diverse menneske flaut omkring i kuppelen. Nokon gjekk hektisk fram og tilbake. Me skulle sitje der. Nei, me skulle heller sitje der, bak korpset. Koret flytta seg her og der. Og så gå og synge der. Beskjedar blei sendt opp og ned. Ein italienar med baryton og flott uniform snudde seg bak til oss og blunka kjekt og sjølvsikkert. Spurte kor me kom frå. -Aaaah, Norvegia... Eg tenkte at han måtte vere prototypen på ein italiensk sjarmør. Og tok meg i å truleg vere litt forutinntatt. Ein flokk menn framfor oss kledde på seg nokre raude og kvite drakter. -Så rare draktar. Er det eit anna kor, kviskra ei svartkledd, norsk kordame. -Nei, dei er prestar, svarte ei anna, meir lokalkjend. Det var altså berre eitt kor som skulle syngje i Pantheon. Og det var oss. Me øvde litt medan publikum blei slept inn. Ein av prestane kikka på oss og smilte litt. Syntes han det høyrdest rart ut med eit amatørblandakor frå den ytterste provinsen i nord, midt i Pantheon? Ikkje godt å vite.


Så byrja det. Nokre prestar (eg satsar på at dei var prestar) messa. Vårt kor gjekk fram og song. Me deltok i andre deler av messa. Me reiste oss og satte oss og reiste oss igjen og deltok så godt me kunne under den katolske seremonien. Mot slutten kom høgdepunktet. Kilovis med roseblad dala ned gjennom opninga i taket under messinga. Publikum ropte i begeistring. Me hadde fått streng beskjed om at me ikkje måtte fotografere dette. Men prestane framfor oss drog opp mobiltelefonar frå kjortlane sine og fotograferte i veg. Så det gjorde me òg.
Forestillinga var over. Den eine presten gjekk fram til oss og takka varmt. Han hadde fått denne eine sjangsen i livet til å delta på denne årlege forestillinga og var overlukkeleg. Publikum tok selfiar medan dei kasta roseblad frå golvet opp i lufta. Me hasta i veg til neste konsert. Gjekk på smale, brusteinslagte gater i ein straum av italienarar og turistar. Der var spansketrappa. Bilete. Vidare. 


Øving. Dirigenten ein smule stressa. Her gjaldt det endå meir å vise seg frå sitt beste. Den andre konserten starta. Klangen i kyrkja segla omkring. Publikum var truleg ein del turistar som kom og gjekk litt inn og ut av kyrkja. Så var det over. Smil og takk. Ut i trange gater igjen. Me kjempa oss veg gjennom ein flaum av nye italienarar og turistar. På veg til ein restaurant. Dei lokalkjende i koret viste veg. Dei kjende dei som dreiv restauranten. Hadde ordna avtale. Eg gjekk berre bakerst. Har alltid opplevd det som kjekt at andre viser veg i slike gater, medan eg berre kan surre i baktroppen. Me satte oss ved eit langbord ute langs fortauet. Mengder med italienarar og turistar gjekk forbi på gata. Ein god og rund servitør smilte varmt. Mi avgrensa reiseerfaring er at alle servitørar sør for Alpane har slike varme smil. Som gir ei kjensle av at me er livslange bestevener. Eg fekk eit indre bilete av oss koristar som deltakarar i den italienske storfamilien som sit rundt langbordet og kosar seg med maten til "mamma". Den kjensla steig etter kvart som eg tømte eit og anna vinglas. 


Så gjorde dette norske, framleis svartkledde koret det som alle norske kor gjer, når me sit rundt eit langbord med mat og vin. Me byrja å synge. Og det var då den største opplevinga kom. Flaumen av italienarar og turistar i gata stopp brått opp. Det stimla med menneske opp langs langbordet vårt. Fleire og fleire kom til. Då songen var over, braut det ut jubel og applaus frå hundrevis av menneske rundt oss (me opplevde i alle fall at det måtte vere hundrevis). Ei jente ved nabobordet takka varmt og sa at ho kjende det som ei ære å få oppleve musikken. Me sat litt blyge, litt bedugga, men mest fjetra over det heile. Servitøren smilte varmt medan han kom rundt med lekre, italienske rettar, sikkert laga av "mamma" inne på kjøkkenet. Vin blei fylt i glasa. Me byrja å synge igjen. Flaumen av turistar stoppa opp igjen. Og slik gjekk nå kvelden.

Det blei ein dag til rekreasjon. Koret hadde delt seg opp i mindre grupper som vandra omkring, utan å tenke på synging. Eg gjekk med dei lokalkjende. Det kjendest tryggast. Ikkje trengte eg å tenkje på kor eg skulle gå denne gongen heller. Eg berre gjekk etter dei som visste kor me skulle gå. Eg shoppa litt til dei heime på ein marknad. Ei gammal, skranten kone tigga. Men ingen av oss såg ho. Ingen andre såg ho heller. Dessutan har eg ikkje kontantar, tenkte eg. Ei av dei lokalkjende norske koristane stoppa brått ved ei lita dame som selde sjølvlaga smykker og liknande på gata. Den lokalkjende koristen kjende nokon som kjende denne dama. Eg hadde sjølv garantert berre gått forbi utan å sjå ho òg. Men dette var altså ei av mange millionar menneske i denne byen som hadde si livshistorie. Me gjekk vidare. Det vart tid til ein siste runde på ein uterestaurant. Utan song. Månen blinka svakt der oppe.


Eg kjende utpå tidleg kveld at eg ikkje klarte meir. Ein gammal skrott som bur med berre fem naboar langt inne i ein norsk skog måtte til slutt trekke seg tilbake. Dessutan skulle eg heim dagen etter, ganske tidleg. Og jobb og kvardag venta. Men denne gong måtte eg finne ut av heimvegen på eiga hand. Det var på tide å bli sjølvstendig på denne turen. Eg gjekk ned i resepsjonen på klosterhotellet. Kunne dei ordne bestilling av ein drosje til flyplassen neste dag? -Nei, frå i morgon tidleg er det streik blant drosjesjåførane. Åh... Men ho i resepsjonen skulle sjekke litt. Ba meg om å kome tilbake om ein halvtime. Eg satte meg på rommet. Nøyaktig ein halvtime seinare gjekk eg ned i resepsjonen igjen. Men der sat berre ho gamle nonna. Ho som berre snakka italiensk. Ho sat og såg på ein italiensk såpeopera om nonner. Eg klarte å forstå at den yngre, engelsktalande jenta var tilbake om fem minutt. Eg venta i fem minutt. Men ho jenta kom ikkje. Det gjekk ti minutt. Femten minutt. Tjue minutt. Den gamle nonna kikka bort på meg innimellom. Men eg trur at spenningskurven i den såpeoperaen var stigande. Eg kjende meg dum, der eg sat. Det var berre ein råd. Google Maps. Det gjekk både bussar og tog til flyplassen, stod det der. Det gjaldt berre å finne fram til dei rette. Eg gjekk ut på gata. Inn i ei daglegvareforretning. Ein mann bak disken stod og krangla med ein annan. Krangelen steig i styrke. Eg venta tolmodig. Til slutt gjekk han andre. Han bak disken såg fjernt ned i disken. Eg stod framfor han. Venta litt. Ingen reaksjon. -Scusi, sa eg til slutt. Det var eit av få italienske ord eg kunne. Fekk spurt kor eg kunne kjøpe bussbillettar. Han vakna litt til. Peika ut vegen til ein kiosk nedi gata. Bussbilletten var ein slik standardbillett som kunne brukast i alle retningar i eit område. Eg gjekk tilbake til nonnehotellet. Den gamle nonna sat der framleis. Ho nikka litt fjernt og snudde seg tilbake mot fjernsynet. På rommet var det murveggar. Tre trappetrinn frå garderobe og ned til der senga var. Litt rar inndeling av rommet. Tru kva dette rommet blei brukt til før det blei hotell. Sikkert ein del Ave Maria. Eg satte på ein TV med tusenvis av italienske kanalar. Ein masse støyande tv-show. Eg skrudde av igjen. Henta fram Google Maps igjen. Repeterte og repeterte kva buss og tog eg burde ta. Sikkert lurt å reise i god tid, å stå opp tidleg. Eg slo av lysa og la meg. Såg opp på murtaket høgt der oppe. La merke til alle lydane som kunne høyrast på eit slikt nonneklosterhotell. Blant anna ein slik dunkelyd innimellom. Nokon ville kanskje kome. Hm... Med eitt dura det i telefonen på nattbordet. Det var ho jenta i resepsjonen. Nei, det var nok ingen drosjar neste morgon. Best å ta buss. -Ja, det går bra. Eg har kontroll, laug eg.
Den natta sov eg ikkje så godt. Det må eg vedgå. Det var veldig masse lydar. Og slik dunking. Kva om nokon kom? Og dei bussane og toga, korleis var det med dei? Dessutan var det meldt masse regn den neste dagen. Kva om det blei flaum og uvær? Og eg hadde ikkje så mykje meir enn caps, t-skjorte, shorts og sandalar å reise med. 
Men ingen kom. Då mobilklokka ringte, veldig tidleg, var eg litt i ørske. Men alt var pakka og klart. Telefon, pass, bussbillett. Eg sjekka at alt var på plass. Ingen frukost på nonneklosterhotellet. Eg hadde stått opp alt for tidleg til det. Ut i gata. Det regna litt på bare armar og bein. Men capsen var god å ha. Og det var varmt. Eg sjekka Google Maps og bussnummeret på ein haldeplass. Ein buss stoppa, eg gjekk inn. Berre eg og ein annan passasjer. Tidleg om morgonen. Eg sjekka Google Maps og stoppeplass ved togstasjonen. Sjekka og sjekka. Inn på togstasjonen. Lite folk. Tidleg om morgonen. Kjøpe billett. Finne rett spor. Det var faktisk ikkje så vanskeleg. Inn på toget. Litt meir folk. Interiøret på toget minna om eit eller anna europeisk barne-tv-program i masse forskjellige fargar. Inn på den store flyplassen. Der måtte eg vente i fleire timar. Eg hadde dratt veldig tidleg. Tok meg god tid med kaffen på ein kafè. Såg og såg på ein stor skjerm som fortalte når eg kunne gå fram til flyet eg skulle ta. Norwegian. Det kjendest litt trygt at det var dei eg skulle reise med. Men flyet skulle til Stockholm. Det var forseinka. Det tok si tid før me kunne gå ombord og før det taksa ut på rullebanen. Eg skulle vidare med eit nytt fly frå Sverige til Oslo. Men ville dette flyet nå fram i tide? Eg satte meg i flyet. Tok fram boka. Forteljarstemma var framleis ein bakterie som fråtsa i råttent kjøtt. Eg såg på klokka. Dei kunne vel umogleg klare å nå tidsnok fram slik at eg fekk tatt neste fly til Oslo? Eg påkalla ei flyvertinne og gjorde merksam på problemet. Ho skulle kome tilbake til meg med informasjon, sa ho. Men det gjorde ho ikkje. Tida gjekk. Kva om eg blei ståande fast i Stockholm? Det var jobb neste dag. Etter kvart kunne eg høyre rundt meg at det var fleire nordmenn med det same behovet. Då flyet kretsa over den svenske flyplassen sa ei stemme over høgtalarane at flyet ville parkere like ved det andre Oslo-flyet, og at det berre var å springe over i terminalen. "Pling plong" sa det, og stressa nordmenn reiste seg fort opp, henta ned bagasje, medan høflege svenskar sat og venta. Me sprang inn på flyplassen, og blei dirigert inn på nytt fly. Det var ikkje verst organisert Norwegian, tenkte eg. Eg satte meg ned i det nye (flyet). Korleis var det med dei bakteriane, tenkte eg. Eg kikka ned i reisesekken min for å finne boka. Men fader. Ho var gløymt igjen på det forrige flyet. Då fekk eg aldri vite korleis det gjekk.
På togstasjonen ved Gardermoen var det solfylt og ettermiddagsvarmt. Toget gjekk punktleg til stasjonen på Eidsvoll. Utanfor stasjonen sat kona i bilen og venta.
-Fin tur, spurte ho.
-Ja, det vil eg sei, svarte eg.

  
  





3 kommentarer:

Anonym sa...

På hytta på Sjusjøen. Har kosa meg med å lese, godt og fint skrevet. Gode minner kommer til meg her denne fine sommerkvelder. Sjåast i slutten av august.

Anonym sa...

Så flott skrevet Halvard!🌺👍🏽🎶

Anonym sa...

Levende og lett fortalt, Halvard! Mye gjenkjennbart! Heldige vi som er med i kor😊