fredag, juni 10, 2022

Whisky borte og whisky heime

Det er nestan så ein har gløymd korleis det er å reise. Med pandemi og diverse andre omstende har tida rast forbi. Brått vakna eg i ein ny dimensjon, på ein skybar, med ein whisky i handa.

Var så heldig å få tatt ein tur til Bodø her om dagen. Opp om morgonen, rusle ti minutt bort til hovudvegen, ti minutt med buss, ti minutt med tog (billett via app på telefonen), inn på Gardermoen. Likar å reise lett, så hadde med meg berre ein liten reisesekk. Men korleis skulle eg sjekke inn? Såpass skjøna eg at eg ikkje trong å gå bort til eit menneske for å få noko ombordstigningspapirgreier. Eg gjekk bort til ein av desse innsjekkingsmaskinane som stod oppstilt...og oppdaga at, jøss, eg kan jo berre sjekke inn på telefonen! Og så er alt på plass der, liksom. Dagen i forvegen hadde eg forresten stelt meg slik til at lommeboka var utilgjengeleg (ingen fare, den ligg trygt). Var det eit problem på turen? Neidå, alt kunne betalast med telefonen.

Fram til tryggleikskontrollen. Bak i køen høyrde eg ein mann fortelje at han alltid reiste lett, med berre pc, tannkost, ekstra sokkar, skjorte og boxershorts. Jøss, tenkte eg. Ein bror. Så var det opp med telefonen og "pip" så var eg klar. Kikka på oppslagstavla. Bodø, til gate nr... Eg vandra bort og satte meg til å vente. Så kom stemma som sa at "Norwegian er nå klar for ombordstigning til...", vent, Norwegian? Eg skal jo reise med SAS! Eg sat på heilt feil plass. Eg skunda meg bort til ei ny tavle, fann ein ny gate, småsprang, det var ganske langt til den andre...

Og det gjekk bra. Opp i lufta, telefonen i flymodus, fjell og skyer utanfor, servering av halvsur flykaffe, lese i ei bok. Eg trudde eg skulle leggje den vesle sekken under mitt eige sete. Men fekk beskjed frå beina til ei bak at den måtte nok under setet framfor meg. Jajaja, ingen problem.

Inn på flyplassen, den vesle sekken på ryggen, ingen venting på bagasje, kjøpe ein minitube med tannkrem, og så gå. I Bodø er det berre èin kilometer frå flyplassen til sentrum. Fascinerande. Og det var godt å gå litt. Passerte diverse hus, Bodø sin fotballstadion. For fyrste gong på lenge var eg nord for polarsirkelen. Hadde kome meg halvvegs opp i landet. Syntes nestan eg fornemma lukta av lyng.

Hotellet var stort, moderne og fancy. Bort til hotellskranken. Fann fram reservasjonen på telefonen. Betalte med telefonen. Om eg kunne vise legitimasjon? Ingen problem. Sertifikat på telefonen. Ganske bra utsikt frå tiande etasje. Hundre meter nedanfor hotellet var kaia med fiskebåtar, sjø (sjølvsagt) og kystlandskap. I Bodø har dei ordna seg slik at utsikten langs kaia er stengt av høge, moderne hotell og andre bygningar. Så viss ein verkeleg vil sjå noko, må ein opp i øvste etasje i ein av dei. Sola kom fram, folk yra ut på uteserveringsstader midt i veka. Me var ein gjeng som fann oss sjølve på ein restaurant og bar i toppetasjen på eit hotell. Fiskerettar blei prioritert. 

Til slutt setje oss ute med ein whisky og sjå på midnattssola. Og ta skrytebilete av situasjonen med..., JA! Eg har fått ordna meg ein ny mobiltelefon! Eg måtte berre få sagt det til slutt.

Då me reiste sørover igjen, var det på veg til å regne i Bodø. Heime snudde det til sol og varme. Helga kom. På tide å setje seg ut på verandaen og kikke på solnedgangen. Med ein whisky. Og ta eit nytt skrytebilete. Med den nye telefonen.