Sjå òg: Lektrisk - I vesterled med Tesla, om korleis det gjekk å køyre elektrisk frå aust til vest.
Sommaren 2021 i vest:
Bading, kajakk, krabbeteine, fjelltur til brevatn...Mest av alt liggje og dorme på eit svaberg, høyre sjø og båtar, medan ein varm bris ruskar litt i kroppen. I ein butikk kunne eg høyre ein bestefar og soneson som var på vitjing. -Ka ska me ha, spurte bestefaren. Sonesonen ramsa opp noko. -Ja, då e da bare å pitla, sa bestefaren. Slikt høyrer ein ikkje mange andre stader. Ferieturen enda med litt vestlandsregn til slutt.
Video frå Halsnøy, Valen og Blådalen i Kvinnherad.