tirsdag, august 08, 2023

Å treffa gamle kjende og å eta på buffet

 

Luksus på Kielferja

Nokre gonger kjem reisene tett på. Det kan ta på.

Når det elles i livet er sjeldan at ein får bu og eta på hotell, og det brått kjem ein periode med mange seminar og andre aktivitetar som foregår på hotell... så blir ein gjerne litt overvelda, særleg av maten. Dei fleste hotell byr nemleg på buffet. Ein overflod av diverse mat som får fram det verste i mennesket, inkludert meg sjølv. Gløymd er alle tankar om klimaomsyn og bærekraft. For kor mykje av all denne maten blir eigentleg kasta når det står slik framme? Nei, det tenkjer eg ikkje på medan eg står med ein tallerken og speidar som ein ulv rundt meg. I konkurranse med alle andre hotellgjester gjeld det å karre til seg. Dèt ser godt ut, og dèt ser godt ut. Eg lempar opp alt for mykje. Klarer berre ikkje å stoppe.

Ei anna side ved slike reiser er at ein kan treffe på gamle kjende, både tilfeldig og litt meir planlagt. Medan ein går og gulpar litt for mykje røykelaks, kan det brått dukke opp ein gammal kjenning som høyrer til ei fjern historie.

Til Drammen

For min del starta det med ein togtur til Drammen ein grå novemberdag. Den turen der eg kasta meg ut av toget litt for tidleg og blei ståande på Lier. Eit innlegg på Facebook om hendinga førte til ein kommentar på det sosiale mediet: -Viss du kjem deg til Drammen, kan eg by på ein kopp kaffe.

Som sagt, så gjort. Etter eit seminar og ein overdådig lunsjbuffet, rusla eg over gata, leita meg fram til eit kontor, der han tok smilande imot med utstrekt hand. Den karen hadde eg ikkje sett sidan me gjekk på vidaregåande på Husnes i 1983. No stod han der med tittel og fin i tøyet. Eg hadde sikkert endra meg ein del eg òg. Samstundes hadde han framleis det guteaktige glimtet i auga. På den tida, på vidaregåande, var han og eg usamde om det meste. Om kor det var best; innover fjorden eller utover mot øya. Om viktige politiske saker. Me var veldig politisk engasjerte på den tida. Diskusjonane var heftige, men godlynde. Me hadde debattime i norsk kvar veke. Argumenta skaut fram og tilbake, særleg mellom han og meg. Me hamna på eit skulelag i volleyball saman, drog til Bergen for å spele, drog ut på byen på kvelden, og hamna i diskusjonar med kvar einaste bergansar me traff langs våte, mørke brusteinsgater. Eg trur temaet då var relasjonen mellom bergensarar og omland. Det var eit under at me ikkje blei slått ned. Me byrja begge karrieren på vidaregåande som ihuga fråhaldsfolk. Her skulle ingen av oss la seg forgifte av alkohol og det som verre var. Det var det einaste me var samde om. Men russetida nærma seg, og til slutt sklei me over i andre enden, begge to. Slik at diskusjonane våre blei meir abstrakte på eit vis, men like engasjerande. Etter vidaregåande trur eg at både han og eg sklei like langt ut til sida, politisk. Berre at me truleg gjekk motsatt veg, igjen. Uansett; då me satte oss ned ved eit bord i ei kantine med to kaffekoppar, var all usemja borte og berre det godlynde att. Me oppdaterte kvarandre om noko av det som hadde skjedd dei siste førti åra på kvar vår kant. Me utveksla det me visste om andre i klassen. Praten gjekk lett. Det var så mykje å høyre om, så mykje å fortelje. Men eg hadde ei heimreise å tenkje på. Og han hadde ofra vel mykje av jobbtida si.

-Me burde gjere dette oftare, sa han. -Det bør ikkje gå nye førti år innan me kan sitje slik og mimre. Eg kjende at eg var samd i det. Det er berre at det kjennest så enkelt i augneblinken. Likevel kan det lett skli bort i nye førti år (då er me omlag hundre år).

Det dukka opp eit og anna seminar igjen. På hotell. Med buffet. Og det tok seg for alvor opp utover våren og forsommaren.

Til Tromsø

Turen gjekk til Tromsø i månadsskiftet mai, juni. Eg såg fram til å dra så langt nord. Litt bort frå varmt austlandsklima og til noko heilt annleis. Tjue år av livet mitt høyrde til på omlag dei same breiddegradene, men langt, langt mot aust, i Vadsø. Opptil fleire gonger var eg i Tromsø og studerte. Eg pendla ei tid, 78 mil i ein liten Mazda 323 mellom heimstad og studiestad. Den bilen hadde dårleg isolasjon og varmeapparat, kan me seie. Eg haldt på å fryse av meg ballane midtvinters på Finnmarksvidda, i den vesle bilen. Slikt er ganske vanleg i området. Og nå hadde det allereie gått fjorten år sidan eg forlot dei breiddegradene. Tida går. 

Så stod eg igjen i ei kald og våt Tromsø-gate. Det blei tid til litt guida tur omkring, medan kaldt regn stod vassrett i andletet på oss. På veg til ein av dei vidgjetne pubane gjekk det over i snø. På ein fiskerestaurant kunne me sjå ut gjennom eit panoramavindauge mot ein fjord og eit fjell. Det var like underhaldande som eit akvarium. Det veksla mellom blå himmel og snøstorm om ein annan.

På veg til pub med eksotisk junisnø i lufta

Men mykje av tida gjekk føre seg inne på eit lukka seminarrom. På eit veldig fint og fancy hotell. Og det var buffet til frukost. Og buffet til til lunsj. Og... vel for å vere ærleg "vanleg" reustaurantmat til middag. Men altså, buffetane: Under frukostane byrja det med pølser, egg, og bacon. Så litt brødmat med røykelaks. Så muligens litt frukostblanding. Til slutt avrunding med søte kaker og croissant...Så seminar, høyre diverse folk som snakka, snakke litt sjølv, småprat med nokon i småpausar, dei hadde noko småmat ute i gangen... og DER var me i gong med lunsjen, ja. Det gjaldt å krige seg fram til varmmaten, til steik og kyllinglår, eventuelt godta å byrje med kalde fiskerettar og salatar. Og avslutte med søte dessertar....

Eg kjende at det tok på dette. Kroppen byrja å seie frå at dette var i meste laget. Men programmet varte frå morgon til kveld. Eg tenkte at det ikkje var vits i å kontakte kjende i byen, sidan programmet var så tett. Men så. Midt i ein tur med seminarfolk i sosialt samvær skråstrek studie av lokale tradisjonar, altså frå ein pub til til ein annan, medan snøen piska i nakken, kunne eg i sidesynet skimte eit strålande andlet som stod limt opp til vindauget på ein utestad. Det var eksen, gitt. -Hei, sa eg og ga ein klem. -Kven er det du er ute og går med, spurte ho. Me møttest litt seinare på kvelden. Eg bestilte raudvin på utestaden. Innehavaren ville forklare inngåande det spesielle med vinen som han anbefalte. -Køyr på, sa eg. Eksen og eg fekk utveksla sist nytt frå kvar våre kantar. Om kvar våre slekter og familiar, om gamle kjende, særleg der borte i nordaust. Det var mykje me prøvde å rekke over i praten. Medan dagens buffetsteik og søte kaker romstrerte i magen min.

Til Lillestrøm

Eg hadde ikkje før kome meg heim, innan turen gjekk til Lillestrøm. Til eit seminar på eit hotell. Med lunsjbuffet. Meir er det ikkje å fortelje om Lillestrøm.

Til Kiel

Så var det klart for tur med Kielferja til Tyskland og tilbake. Det skulle vere tre dagar med seminar ombord på ferja. Eg skulle snakke litt der til ei forsamling. -Joda, eg har viktige ting å fortelje, sa eg og klikka på ein powerpoint. Og hadde allereie fortært litt for mykje frå ein lunsjbuffet. Arrangøren hadde funne ut at det var lurast å bestille buffet til alle deltakarane på heile turen, for då kunne folk få ete det dei ville. Så det var buffet til frukost, lunsj og middag. Herrejemini...

Me fekk oss eit par timar i Kiel. Eg fann meg ein kompis på seminaret. Me rusla litt rundt utan å vite kor me var. Fann ein park. Og ein stad å drikke litt lokal øl. Innan me måtte tilbake til båten og seminaret. Om kvelden, på turen nordover mot Oslo var det stor ståhei. Glade menneske rundt borda. Spandable kelnarar med mange vinflasker. Blant anna.

Eksempel på tysk øl i Kiel

Til Arendal

Det gjekk over i delvis ferie. Eg syng i eit kor. Koret hadde veldig lyst til å ta ein tur til Arendal og synge der. Me skulle bu på hotell. De kan jo gjette kva mat dei serverte der. 

I det området var det ein gammal kjenning. Og denne gong tok eg kontakt og førebudde eit møte. Nokre tiår tilbake sat han og familien i ein flyktningeleir saman med hundre tusen andre menneske. Han har ikkje fortalt så mykje om forholda i Kongo som han flykta frå, og korleis det var i den flyktningeleiren i nabolandet. Berre at det var farleg der. Familien hans var blant nokre få og heldige som blei innvilga opphaldsløyve i eit anna land. -Gud er god mot oss, sa han. Vener og kjende blei spreidt rundt i verda. Nokre til Australia. Nokre til Canada. Og nokre familiar til den vesle, norske byen Vadsø, lengst oppe i nordaust. Eg hadde akkurat starta eit musikkprosjekt i den byen. Ville koble saman nordiske folketonar med musikk frå andre deler av verda. Via ein kontakt søkte eg etter ein som kunne spele og og synge tradisjonelle, kongolesiske sangar. Ein kveld kom han inn i øvingslokalet. Ein liten og stille mann stod der i ein stor, blå skuterdress, medan vinterstormen herja utanfor. Han var alltid litt stille medan dei norske musikarane skravla. Kom alltid litt stille inn då me møttest.

Så fann me kvarandre ute på ei gate i Arendal ein søndag i juni. Det hadde gått sytten år sidan sist. I Arendal hadde det skifta frå sol til varmt regn. -Hei, bror, sa han, og ga ein klem. Me satte oss ved eit bord, litt borte frå ei samling med koristar. Praten mellom oss var som før. Med lengre pausar innimellom som passa oss begge. Men me fekk utveksla kva som hadde skjedd sidan sist. Han flytta frå Vadsø til Sørlandet. Eg nokre år seinare lenger aust. Det var jo ein del som hadde skjedd. -Det er godt å treffast, sa han. Eg skulle ta tog heim igjen. Han fylgde meg eit stykke. -Me må ta eit bilete, meinte han. Eg brukar sjeldan å ta selfiar. Endå sjeldnare å publisere dei. Men eg gjer eit unntak her.

Til Son spa

Ferien tok til for alvor. Kona og eg hadde blitt einige tidlegare på året om at me skulle gje kvarandre ei oppleving i geburtsdagsgåve, i staden for å kjøpe ting. Med alderen blir det berre meir og meir ting som samlar støv i huset. Så i staden tinga me eit opphald på Son spa. Det blei det nok lite støv av, ja. Eg låg på ein benk medan årets jobbstress blei knadd vekk frå ryggen. Kona var i eit anna rom og fekk andletsmassasje. Me møttest etterpå i kvar vår slåbrok, fann nokre basseng, symde fram og tilbake, medan meditativ musikk flaut rundt omkring. Så satte me oss på hotellrommet for å nyte noko musserande, for å køyre oss opp til restauranten seinare på kvelden. Med alderen har musserande fått ein stadig sterkare verknad på meg. Me tømde ei flaske. Det stod ei til på bordet. -Me treng kanskje ikkje endå ei flaske, foreslo kona. -Jodå, sa eg og henta den fram. -Du bør kanskje opne den på badet, så du ikkje øydelegg noko i dette rommet, meinte ho. -Nei, nei, dette har eg gjort før, svarte eg. Popp, sa det. Musserande har etter kvart fått ein verknad ved at den legg seg som eit slør rundt hovudet mitt. Eit slør der all form for kritisk tenkning forsvinn. Me gjekk ned i restauranten. Maten var tinga og betalt på førehand, så dette skulle gå bra. -Skal det vere noko vin til maten, spurte kelnaren. -Ja, kva vil du anbefale, spurte me lett. -Til forretten vil eg anbefale denne kvitvinen, sa han. -Køyr på, sa me. -Smakte maten? -Ja, ja, veldig bra. Til hovudretten anbefalte han ein raudvin. Og til dessert endå noko vingreier. Sløret rundt hovudet mitt hadde blitt tyngre. På veg ut av restauranten såg kelnaren litt bekymra bort på oss. Åja, skal me betalte for noko? Eg signerte på ei rekning, før me gjekk opp på rommet, mette og sløve.

Den natta fekk eg ikkje sove. Ein kombinasjon av alder, alkohol, mat og vestlandsk opphav gjorde at eg byrja å tenkje. -Kva var det eigentleg den rekninga var for? Hadde me ikkje betalt for mat og alt på førehand? Hadde me betalt to gonger for den maten? Var me blitt lurte? Kva var summen igjen? 950 kroner, trur eg. Pluss at eg kjekt hadde lagt på noko driks slik at rekninga vart tusen kroner. Var det alkoholen som hadde kosta tusen kroner? Me drakk jo berre nokre veldig små glas med vin til maten. Det var tre rettar, og vin til kvar av rettane. Me var to. Det blei seks veldig små glas med vin. Ja, pluss noko kaffe. Eg prøvde å rekne ut, kva er tusen kroner delt på seks glas med vin...og kaffen... Det må ha vore noko i nærleiken av 150 kroner per glas, og to koppar kaffe må ha kosta femti, og...ja, og så så femti i driks. Kva kostar eit glas med øl desse dagar, berre for å samanlikne, det kostar vel hundre kroner, ja, det er vel det det kostar nå for tida, 150 for eit glas med vin, særleg slik vin som kelnaren foreslo, eller... Slik låg eg og såg opp i taket nestan heile natta. Eg vart letta då klokka ringte om morgonen. Me gjekk ned til restauranten igjen. Der hadde dei frukostbuffet.

Til Ramme gård

Me ville oppleve litt meir før me vende heim. Google Maps foreslo Ramme gård. Så me køyrde dit. -Kva kostar dette då, for to? -Tusen kroner. -Åja. Det er ein park med eksotiske planter og statuar. Veldig unorsk og ei kjensle av å vere i det sentrale Europa, i ein fransk hage. Ein guide leia oss omkring på smale stiar. Eg fekk lyst å reise til Europa.

Ramme gård

Til Lillehammer...og Tretten

Den neste veka hadde svigerfamilien invitert oss til å vere med og bu på eit flott luksushotell på Lillehammer. Alt inkludert. Slikt kan me ikkje seie nei til. Hotellet serverte buffet. Frukostbuffet og middagsbuffet. Og det blei arrangert treff blant andre i svigerslekta. Ein 93-åring sat mild og sterk ved bordet. Han er den siste som er att frå den generasjonen. Dagen etter drog me i fellesskap litt lenger nord, til bygda Tretten. Namnet skal staden ha fått fordi det berre var tretten menneske som overlevde svartedauden der. Ein kafè var laga etter amerikansk tradisjon. Bakenden av ein gammal, amerikansk bil stod montert i veggen. Me køyrde over ei smal bru, oppover ein svingete veg. Stoppa litt ved huset der kona hadde vakse opp som barn. Vidare opp til eit "Pippi-hus" som vekte gamle minne. Me køyrde over ei høgde, med skog, gardar og jorde. Ned langs ein dal me aldri hadde køyrd viss det ikkje var for akkurat denne turen. Tilbake til Lillehammer, til hoppbakken frå vinter-OL, til hotellet, der sonen og eg kasta oss ut i eit lite basseng. Innan det var tid for å vende mot restauranten, til buffet.

Langs gamle minne ved Tretten

Til Halsnøy

Ein skulle kanskje tru at det var den sommaren. Men så var det på tide med far og son-tur til Vestlandet og Halsnøy. Dei hadde ikkje direkte buffet der, men det kan likne. Der borte stod dei på, tok imot sommargjester, slekt og hundar, med opptil fem måltid om dagen. Frukost, "midtmat", middag, kaffemat og kvelds. Det er det normale på Vestlandet (vel, eg overdriv kanskje litt). Det blei å få til det årlege treffet med slekt og kjenningar. Me gjekk turar langs minnerike stiar frå barndomen. Eg prøvde å formidle noko av det til min eigen son. Me hoppa i sjøen når veret tillot det. Og slike ting. 

Til Molde...isj

På seinsommaren, i overgangen mellom ferie og ny jobbtid,  blir det tid til eit studenttreff og andre koblingar, i nordvest. Skal me sjå..., det er over tretti år sidan me studerte saman. Fem av oss budde i eit kollektiv, eit gammalt hus i Volda. Kollektivet var eit sentralt punkt for festlege aktivitetar blant studentane. I det heile er det særleg dei festlege aktivitetane som sit igjen frå den tida. Og bandet mellom oss i kollektivet er framleis sterkt. Me har ikkje så mykje kontakt i det daglege. Men for nokre år sidan hadde me eit mimretreff i Oslo. Det var som å ramle tilbake, til dei same faktene, den same latteren, slik det var før. Det blir nok kjekt å treffast igjen. Og heilt sikkert mykje god mat.

 

Ingen kommentarer: