søndag, juli 20, 2025

Kompisar på motorsykkeltur

 Anbefalingar til underhaldning:

Det er noko eige å følgje med kompisar på tur, f.eks. Lars Monsen m.fl. på seilkajakk langs nordlandskysten eller Team Bachstad i liten tuk-tuk i Asia.

Særleg spanande er det å vere med kompisar på motorsykkel.
I år har me følgd Long Way Home https://tv.apple.com/no/show/long-way-home/umc.cmc.26p8x4co2wl0ztetek4gmkf6r
Ewan Mcgregor og Charley Boorman på to gamle motorsyklar gjennom Europa, blant anna opp langs norskekysten. Dette er to typar som dei fleste kunne ynskje seg som kompisar. Dei har fleire slike seriar, som Long Way Down, ned gjennom Afrika, Long Way Round, gjennom Aust Europa, Russland og USA, og Long Way Up, med to elektrike motorsyklar gjennom Sør Amerika.

Ein annan globetrottar på motorsykkel, med noko mindre budsjett enn Mcgregor og Boorman, er youtubaren og tyskaren Marc Travels. https://www.youtube.com/@MarcTravels
Har har køyrd med ein elektrisk motorsykkel, ein Zero, frå Tyskland, gjennom bl.a. Iran, Pakistan, India og Thailand, delvis åleine og delvis saman med andre motorsyklistar han har truffe på vegen. Akkurat nå har han avbrote turen i Asia, for å køyre den finskproduserte (men enno ikkje masseproduserte), elektriske motorsykkelen Verge omkring i Europa, i augneblinken i Irland. Med berre to kamera, eit på styret og eit på hjelmen, fangar han opp stort og smått på vegen, og gjer oss sofaslitarar avhengig av å følgje med.

Ingen kommentarer: