Viser innlegg med etiketten biltur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten biltur. Vis alle innlegg

torsdag, juli 25, 2024

Møte med aquafolket på eit svensk slott

 


Bilferie i Sverige. Det gir ei kjensle av noko ukjent. Som kan vere fint når ein drar på ein liten bilferie. Teslaen var pakka og klar. Frå det indre austland er det ikkje lange vegen. Men straks ein kryssar grensa, der vegmerkinga er kvit i staden for gul, og ein ser reklameplakatar langs grøftene, så har ein dratt inn i noko ukjent.

Mor, far og fjortenåring var på veg. Me stoppa ved supermarknaden i Charlottenberg. Det er ikkje godt å seie om det er billegare å handle mat der i desse dagar. Av gammal vane gjorde me det uansett, saman med alle andre nordmenn som er like vanestyrte. Supermarknaden der er svær, og har så mykje å velje i. Så ulikt keisame, norske matforretningar.

Så drog me lenger innover i det ukjente. Det skulle ikkje bli så lang køyretur, men lang nok. Vegen veksla mellom tofelts og firefelts. Eg syntes ikkje den organiseringa var nokon god ide. Straks det gjekk over til firefelts, akselererte eg for å kome meg forbi treige campingbilar. Og ga ekstra på for å køyre forbi flest mogleg før det gjekk over i tofelts veg igjen. Det blei noko stressande og ustabilt over heile greia. Eg roa ned då me kom mot Vänern, ein innsjø som er så stor at vasshorisonten møter himmelen i det fjerne. Større enn Mjøsa, med andre ord. Berre ved å reise over til Sverige oppdagar me at alt er større enn oss sjølve.

Me hadde tinga ei lita hytte på ein campingplass ved Kristinehamn. Det var ein kafeteria på campingplassen, ein minigolfbane, ein tennisbane, kort veg til ei lita strand ved innsjøen, gangavstand til eit bassenganlegg med sklier og slikt. Og menneska snakka svensk (naturleg nok). Alt i alt nok til å gi feriekjensle til både gamle og unge.

Men Kristinehamn var ikkje den heilt store plassen. Og campingplassen var som campingplassar flest. Det var avgrensa med matrettar på kafeteriaen. Om kveldane var det musikkunderhaldning i eit partytelt der. Eg låg på senga i den vesle hytta og høyrde ein overivrig og ustødig bassist. Ein slik som vil meir enn ein bassist eigentleg bør ville. Repertoaret var kjent. "Meet me in Stockholm Bay". "Have you ever seen the rain". "Oh, Lord, won`t you buy me, a Mercedes Benz." Det svenske publikumet song med, kunne eg høyre. Det kunne likegodt ha vore i kva som helst lita bygd i Noreg. Det er noko med musikksmaken i dei skandinaviske distrikta. Overalt er det slike band som aldri døyr ut. Det regna litt utanfor den vesle hytta. Me kjeda oss litt. Kva skulle me elles finne på desse dagane? Dei hadde eit Picasso-monument som dei var tydeleg stolte over. Picasso hadde sjølv aldri vore i Kristinehamn. Han hadde berre laga ein liten modell som etterpå blei satt opp i større format, leia av den norske kunstnaren Carl Nesjar. 


Det var nok til at det trakk turistar, og at Kristinehamn plasserte seg på kartet. Ein "Picasso-restaurant" like ved drog nytte av det heile. Me såg på monumentet, tok bilete og åt kvar vår dyre rekesalat på restauranten. Men så? Turen var ikkje meir planlagt enn at me måtte improvisere litt undervegs. Kva skulle me sjå på i dag? Kanskje eit slott? Google Maps peika ut Ørebro slott, omlag ti mil lenger inn i landet.

Straks me nærma oss Ørebro, merka me det. Ein større, svensk by var det me trengte. Me kom inn til sentrum og klarte å finne ein parkeringsplass. Bysentrum var gammal, høgreist og ærverdig. Slottet var stort og imponerande med ei vollgrav rundt. Det dokumenterte at svensk historie er mektigare enn norske husmannsplassar. 

Pulsen gjekk raskare i byen. Det var meir å sjå. Artig kunst rundt omkring. Ein gammal statue på ein høg sokkel var for sommaren kledd i kjole og maske. Det var sikkert ein grunn til det, som me ikkje fann bryet med å finne ut av. Det var i alle fall ei blanding av nytt og gammalt der. Artig. Langs vollgrava stod ein svær firkant med forskjellige høgtalarar.




Inne i slottet var det utstillingar. Og det var der me fekk den store opplevinga. Aquanauts var ein menneskeliknande art som levde i nokre bortgøymde vatn i Sverige. To søstre på 1800-talet vart ein dag brått borte. Forsvinninga blei knytt til at søstrene skal ha kome i kontakt med Aquanauts. To kjolar var utstilt og skal ha tilhøyrd dei to. Ein hovudskalle med eit slags skjell skal vera ein dokumentasjon på eksistensen til Aquanauts. Statuar og bilete av menneskeliknande kroppar dekka av skjell stod oppstilt rundt omkring, akkompagnert av lyssetting og musikk. Ein film med bilete frå 1800-talet skal vise møtet mellom søstrene og dette mystiske folket. 


Ein av statuane sat stille og såg på filmen. Fjortenåringen satte seg litt ved sida. Me blei forført inn i eit anna univers. 


Kva var sant og ikkje sant? At det skal ha eksistert ein mytisk art i svenske vatn med det vitskaplege namnet Homo Aquatis, rista me av oss som ikkje anna enn ein myte. Me sleit oss ut av den hypnotiske stemninga då me kom ut i borggarden på slottet. Men kva var det med den hovudskallen? Blei det verkeleg funne ein deformert hovudskalle ein gong? Og var nokre av dei bileta historiske og korrekte? Kanskje deler av historia var sann? Som forsvinninga til dei to søstrene?

Kona og eg var framleis som i transe då me snakka om utstillinga. Me var begge begeistra over stemninga, kombinasjon av historie, lyssetting og ikkje minst musikken. Den var komponert av ein som heiter Lasse Sander. Men eg fann ingenting av han på nett, ikkje på Youtube, ikkje på Apple Music, ikkje på Spotify, ikkje ein gong på SoundCloud. Musikken til akkurat denne utstillinga kunne eg heller ikkje finne. Det var noko mystisk med heile greia.

Fjortenåringen var ikkje like begeistra. Han ville berre dra tilbake. Me satte oss i teslaen og byrja å køyre. Eit kraftig skylag la seg over det flate landskapet langs motorvegen. Lyn flerra over himmelen. Det opna seg eit kraftig regnfall. Trafikken senka farten, medan regnet hamra på bilrutene.  

Vel, så vidt me skjøna, og med alle atterhald, kom me fram til at alt var oppdikta. Ingenting av dette skal ha eksistert eller ha noko originalt opphav, verken Aquanauts, filmklipp eller dei to søstrene. Det gjorde oss ikkje mindre begeistra. Ivrig diskuterte me evna til historieforteljing, korleis dei klarte å skape ei stemning og å forføre publikum inn i ei mytisk verd.

Det lyste opp dagen etter til sol og varme på campingplassen. På tide å vende heim. Me måtte ta omsyn til fjortenåringen og legge inn litt meir futt og fart. Det blei tid til å køyre gocart. Og me la vegen om Sunne Sommarland med badesklier, plasking og litt soling blant svenske og norske familiar. Så opp til Tesla superlading og ein is i Torsby. Vestover i det austlege, med aude skogar, kryssing av ei grense og inn i det velkjende, med gul vegmerking.

lørdag, mars 04, 2017

Tomt batteri


Så skjedde det med meg òg. Det er vel slikt som må opplevast ein eller annan gong for ein elbilentusiast. Slik at entusiasmen blir satt skikkeleg på prøve. Og alt som skjer i livet er jo ei erfaring. På ein måte.

Eg drog frå hytta med elbilen ein mørk laurdagskveld. Hadde vore der oppe for å rydda ut litt. Ta med nokre saker. Bilen hadde stått og lada litt ved hytta. Ting såg bra ut.
Det byrja å snø. Ganske tett. Nede på E6 ved Mjøsa stoppa det brått opp. Ei trafikkulykke i ein tunnel stengte heile vegen. Ei lang rekke med bilar stod i ro og pusta. Eg såg på rekkeviddeteljaren. Det såg greitt ut, men eg skrudde av varmen av og til for å vera sikker. Ein ambulanse ulte bak oss. Me flytta oss slik at den kom seg fram mellom dei to rekkene på motorvegen.
Så endeleg var det litt rørsle. Sakte blei rekkene dirigert over i motsatt køyrebane for å koma seg fram. Inne i tunnelen stod ambulansen og eit bilvrak. Det hadde visst gått forholdsvis bra med dei som krasja.
Eg svinga av ved Minnesund og bort til Kiwi for å handla litt for helga. Der er det ein hurtigladar. Men rekkeviddeteljaren sa tre mil, og det var to mil heim. Så dette gjekk nok bra. Tenkte eg. Eg flotta meg til og med med litt varme på den gamle austsidavegen. Og eg hadde etterkvart god erfaring med å køyra med lite batteri. Visste akkurat kor mykje eg hadde å gå på. Trudde eg.
Det snøa endå tettare. Snøen saug seg fast i dekka. Eg såg på rekkeviddeteljaren. Og skrudde av varmen. Ved Eidsvoll blei eg uroleg. Øh. fem kilometer på teljaren. Over ei mil heim. Køyrde ein lenger oppoverbakke. 2 km på teljaren. Ei mil å køyra.

Det er slike augneblink kor det kjennest som om tida står stille. At alt har fryst fast på eit vis. Berre bilen som seglar stille bortover i eit ingemannsland. Medan rekkeviddetljaren seier at det er...null igjen på batteriet. Då eg nærma meg bygda heime, byrja bilen å sakke på farten, ned til femti kilometer i timen. Den hadde gått over i såkalla "krabbemodus" for å spare på siste batterirest. Eg svinga inn på grusvegen. Ein kilometer til huset. Dette måtte gå bra. I krabbemodus skulle eg ha omlag fem kilometer. Men bilen gjekk endå saktare. 20 km/t. Så endå saktare. 5 km/t. Så......stoppa den.
Eg hadde ein kilometer igjen. Men bilen var ferdig.

Eg kikka ut. Tett snøver. Lette snøfnugg prikka på frontruta. Det måtte ha vore all snøen som ga dekka motstand og som gjorde rekkevidda dårlegare. Det måtte vere noko slikt. Eg fekk sendt ein sms heim. Så vidt. "Står fast. tomt batteri". Det var berre tre prosent igjen på mobilbatteriet. Snart var det òg tomt. Kva kunne eg gjera då?
Men det var kanskje ei råd. Like ved stod eit hus. Det var lys der inne. Eg såg ein stikkontakt ved utedøra. Og eg hadde som alltid med meg nok ledning i tilfelle naud.
Eg ringte på.
Snøfnugg smelta i nakken min.
Så opna døra forsiktig. Ut stakk hovudet til ei eldre, lita og skremt kvinne.
"Hei", sa eg kjekt. "Eg har ein elbil som har gått tom for straum..." "Hæ", sa ho.
"Eg har ein elbil som har gått tom for straum, og så lurte eg på om eg kan låne litt straum frå kontakten din her, slik at eg kjem meg heim".
Ho såg på meg.
"Nei, nei", sa ho. "Nei, nei, nei".
"Men eg er heilt tom..."
"Du får køyre lenger opp i bygda og få hjelp der", sa ho.
"Men eg kan ikkje køyre vidare. Det er heilt tomt".
"Nei, nei", sa ho. Og lukka døra fort.

Nei, tenkte eg. Det er jo forståeleg. Ei eldre kvinne som sikkert bur åleine. Og her kom ein langhåra vestlending på seine, mørke kvelden og spurte etter straum.
Eg gjekk tilbake til bilen og plukka opp telefonen. Det var ein prosent igjen på mobilbatteriet. Eg ringte Falken. Kom meg gjennom, sjølv om det sikkert var mange som ringte dei akkurat nå. Fekk avtalt ei redning. Det ville gå ein time, sa dei. Batteriet på telefonen min er snart òg tomt, fekk eg sagt før eg la på.

Så sat eg og venta i den kalde bilen. Det snøa om mogleg endå tettare. Heldigvis stod bilen slik til at andre bilar eventuelt kunne koma seg forbi.
Dette er ein aude stad. Så det hadde ikkje vore noko trafikk på denne vegen medan det haldt på. Eg kunne sjå gjennom ei glipe i snøen at den eldre kvinna kikka ut på meg frå stovevindauget sitt. Ho var sikkert redd der ho budde åleine i huset. Eg sat òg åleine, i bilen, og var...berre sur.
Så. Med eitt såg eg lysa til ein bil som kom imot. Den stansa ved sida av meg. Eg opna døra og kikka ut.
"Er du klar over at du har skremt opp heile bygda", sa ei stemme.
Det var ein eg kjende. Han flirte. Det viste seg at den eldre kvinna hadde ringt og alarmert ei ho kjende. Som hadde ringt til han (som eg òg kjende). Og han hadde tatt med seg både kone og barn for å sjå kva som stod på. Litt spaning ei sein helg. Han gjekk inn og snakka med den gamle kvinna i huset. "Då er det berre å strekka ledning så du får lada", sa han.
Han inviterte meg inn i dieselbilen sin. Den var irriterande varm og god. Familien der inne smilte og lo. Telefonen min var tom for straum. Eg fekk lånt ein av dei. Fekk ringt og avlyst redningsbil frå Falken. Naboen ville diskutere om ikkje hydrogenteknologien var framtida for bilismen. "Ja, eg har ikkje akkurat gode argument for elbil nå", sa eg. "Men eg har ikkje heilt tru på hydrogenteknologi, nei". Så snakka me meir om det. Og anna. Ei god stund. Den vesle guten deira hadde sovna i barnesetet. "Det gjer ingenting", sa dei. Dei insisterte på at eg kunne sitja i bilen deira til min var køyrbar. Det tok ein time. I ein irriterande god og varm dieselbil.
Så var det endeleg liv i min. Den rulla framover. Naboane køyrde bak meg heilt til eg var heime. Eg klarte neppe å overtyde dei om å kjøpe elbil med det første.
Eg fekk bilen inn i garasjen. Den susa overlukkeleg då ladekabelen blei plugga i og ga meir næring. Så gjekk eg inn til den ventande familien. Medan snøen kom endå tettare der ute.

Meir om elbil:
http://lektrisk.blogspot.no