Viser innlegg med etiketten Tesla. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tesla. Vis alle innlegg

torsdag, juli 25, 2024

Møte med aquafolket på eit svensk slott

 


Bilferie i Sverige. Det gir ei kjensle av noko ukjent. Som kan vere fint når ein drar på ein liten bilferie. Teslaen var pakka og klar. Frå det indre austland er det ikkje lange vegen. Men straks ein kryssar grensa, der vegmerkinga er kvit i staden for gul, og ein ser reklameplakatar langs grøftene, så har ein dratt inn i noko ukjent.

Mor, far og fjortenåring var på veg. Me stoppa ved supermarknaden i Charlottenberg. Det er ikkje godt å seie om det er billegare å handle mat der i desse dagar. Av gammal vane gjorde me det uansett, saman med alle andre nordmenn som er like vanestyrte. Supermarknaden der er svær, og har så mykje å velje i. Så ulikt keisame, norske matforretningar.

Så drog me lenger innover i det ukjente. Det skulle ikkje bli så lang køyretur, men lang nok. Vegen veksla mellom tofelts og firefelts. Eg syntes ikkje den organiseringa var nokon god ide. Straks det gjekk over til firefelts, akselererte eg for å kome meg forbi treige campingbilar. Og ga ekstra på for å køyre forbi flest mogleg før det gjekk over i tofelts veg igjen. Det blei noko stressande og ustabilt over heile greia. Eg roa ned då me kom mot Vänern, ein innsjø som er så stor at vasshorisonten møter himmelen i det fjerne. Større enn Mjøsa, med andre ord. Berre ved å reise over til Sverige oppdagar me at alt er større enn oss sjølve.

Me hadde tinga ei lita hytte på ein campingplass ved Kristinehamn. Det var ein kafeteria på campingplassen, ein minigolfbane, ein tennisbane, kort veg til ei lita strand ved innsjøen, gangavstand til eit bassenganlegg med sklier og slikt. Og menneska snakka svensk (naturleg nok). Alt i alt nok til å gi feriekjensle til både gamle og unge.

Men Kristinehamn var ikkje den heilt store plassen. Og campingplassen var som campingplassar flest. Det var avgrensa med matrettar på kafeteriaen. Om kveldane var det musikkunderhaldning i eit partytelt der. Eg låg på senga i den vesle hytta og høyrde ein overivrig og ustødig bassist. Ein slik som vil meir enn ein bassist eigentleg bør ville. Repertoaret var kjent. "Meet me in Stockholm Bay". "Have you ever seen the rain". "Oh, Lord, won`t you buy me, a Mercedes Benz." Det svenske publikumet song med, kunne eg høyre. Det kunne likegodt ha vore i kva som helst lita bygd i Noreg. Det er noko med musikksmaken i dei skandinaviske distrikta. Overalt er det slike band som aldri døyr ut. Det regna litt utanfor den vesle hytta. Me kjeda oss litt. Kva skulle me elles finne på desse dagane? Dei hadde eit Picasso-monument som dei var tydeleg stolte over. Picasso hadde sjølv aldri vore i Kristinehamn. Han hadde berre laga ein liten modell som etterpå blei satt opp i større format, leia av den norske kunstnaren Carl Nesjar. 


Det var nok til at det trakk turistar, og at Kristinehamn plasserte seg på kartet. Ein "Picasso-restaurant" like ved drog nytte av det heile. Me såg på monumentet, tok bilete og åt kvar vår dyre rekesalat på restauranten. Men så? Turen var ikkje meir planlagt enn at me måtte improvisere litt undervegs. Kva skulle me sjå på i dag? Kanskje eit slott? Google Maps peika ut Ørebro slott, omlag ti mil lenger inn i landet.

Straks me nærma oss Ørebro, merka me det. Ein større, svensk by var det me trengte. Me kom inn til sentrum og klarte å finne ein parkeringsplass. Bysentrum var gammal, høgreist og ærverdig. Slottet var stort og imponerande med ei vollgrav rundt. Det dokumenterte at svensk historie er mektigare enn norske husmannsplassar. 

Pulsen gjekk raskare i byen. Det var meir å sjå. Artig kunst rundt omkring. Ein gammal statue på ein høg sokkel var for sommaren kledd i kjole og maske. Det var sikkert ein grunn til det, som me ikkje fann bryet med å finne ut av. Det var i alle fall ei blanding av nytt og gammalt der. Artig. Langs vollgrava stod ein svær firkant med forskjellige høgtalarar.




Inne i slottet var det utstillingar. Og det var der me fekk den store opplevinga. Aquanauts var ein menneskeliknande art som levde i nokre bortgøymde vatn i Sverige. To søstre på 1800-talet vart ein dag brått borte. Forsvinninga blei knytt til at søstrene skal ha kome i kontakt med Aquanauts. To kjolar var utstilt og skal ha tilhøyrd dei to. Ein hovudskalle med eit slags skjell skal vera ein dokumentasjon på eksistensen til Aquanauts. Statuar og bilete av menneskeliknande kroppar dekka av skjell stod oppstilt rundt omkring, akkompagnert av lyssetting og musikk. Ein film med bilete frå 1800-talet skal vise møtet mellom søstrene og dette mystiske folket. 


Ein av statuane sat stille og såg på filmen. Fjortenåringen satte seg litt ved sida. Me blei forført inn i eit anna univers. 


Kva var sant og ikkje sant? At det skal ha eksistert ein mytisk art i svenske vatn med det vitskaplege namnet Homo Aquatis, rista me av oss som ikkje anna enn ein myte. Me sleit oss ut av den hypnotiske stemninga då me kom ut i borggarden på slottet. Men kva var det med den hovudskallen? Blei det verkeleg funne ein deformert hovudskalle ein gong? Og var nokre av dei bileta historiske og korrekte? Kanskje deler av historia var sann? Som forsvinninga til dei to søstrene?

Kona og eg var framleis som i transe då me snakka om utstillinga. Me var begge begeistra over stemninga, kombinasjon av historie, lyssetting og ikkje minst musikken. Den var komponert av ein som heiter Lasse Sander. Men eg fann ingenting av han på nett, ikkje på Youtube, ikkje på Apple Music, ikkje på Spotify, ikkje ein gong på SoundCloud. Musikken til akkurat denne utstillinga kunne eg heller ikkje finne. Det var noko mystisk med heile greia.

Fjortenåringen var ikkje like begeistra. Han ville berre dra tilbake. Me satte oss i teslaen og byrja å køyre. Eit kraftig skylag la seg over det flate landskapet langs motorvegen. Lyn flerra over himmelen. Det opna seg eit kraftig regnfall. Trafikken senka farten, medan regnet hamra på bilrutene.  

Vel, så vidt me skjøna, og med alle atterhald, kom me fram til at alt var oppdikta. Ingenting av dette skal ha eksistert eller ha noko originalt opphav, verken Aquanauts, filmklipp eller dei to søstrene. Det gjorde oss ikkje mindre begeistra. Ivrig diskuterte me evna til historieforteljing, korleis dei klarte å skape ei stemning og å forføre publikum inn i ei mytisk verd.

Det lyste opp dagen etter til sol og varme på campingplassen. På tide å vende heim. Me måtte ta omsyn til fjortenåringen og legge inn litt meir futt og fart. Det blei tid til å køyre gocart. Og me la vegen om Sunne Sommarland med badesklier, plasking og litt soling blant svenske og norske familiar. Så opp til Tesla superlading og ein is i Torsby. Vestover i det austlege, med aude skogar, kryssing av ei grense og inn i det velkjende, med gul vegmerking.

søndag, august 14, 2022

Fjell, elbilcamping og attgrodde øystiar


Frukost etter overnatting i bilen, ved Ståvatn på Haukeli

Det var på tide å vende nasen vestover igjen. Det har blitt ein fast del av programmet. Til Halsnøy, gamle vener, slekt, sonen sine besteforeldre, til sjø, skog og fjell. I juli var teslaen pakka igjen, far og son hadde satt seg til rette ein sein ettermiddag i juli.

Me hadde passert Oslo, då sonen sa han var svolten. Han sjekka kartet på Tesla-skjermen. Burger King i Notodden. Greitt. Det blei fyrste stopp. Vidare hadde me eit mål om å ta det roleg. Stoppe når me fann det for godt. Neste stopp kom dermed like etter; stavkyrkja i Edland. Imponerande bygning sett utanfrå. Me var der seint på ettermiddag/kveld, så kyrkja var stengt. Den hadde ei historie å fortelje, men me var for seine, og brukte ikkje tida på å finne ut så mykje. Så me haldt fram. Starta stigninga mot fjells.

Fyrste "stoppe for å sjå": Stavkyrkja i Edland

Det blei den vanlege superladinga av teslaen i Åmot. Seint på kvelden var det lite trafikk og godt med ladeplassar. Vidare oppover. Eg hadde peika meg ut ein stad å fricampe og overnatte, ved Ståvatn på Haukeli. Me parkerte fyrst ved sida av ein svensk bubilturist. Sonen spratt oppover fjellet. Ville opp og få oversikt. Eg prusta etter.

Rask fjelltur på Haukeli om kvelden, før overnatting

Så var det endeleg å gjere seg klar til overnatting. Eg flytta bilen over på den gamle sidevegen, nærare vatnet, litt bort frå trafikken. Bakseta blei lagt ned. Ei luftmadrass som er tilpassa teslaen blei lagt ut. Teslaen blei stilt inn på "camper mode" og ga oss passeleg temperatur og frisk luft heile natta. Velsigna greier det der.

Å vakne i elbilen, og sjå opp gjennom glastaket, er slett ikkje verst...

Me var ganske utkvilte, då me slo opp augo og såg skyene der oppe, gjennom glastaket. På sida låg eit blikkstille Ståvatn.

...heller ikkje å ta frukosten ved Ståvatn på Haukeli 

Det er noko eige å vera på fjellet. Det er eit eige univers, med lukt av lyng og lyd av natur som er litt annleis. Det meinte me å fornemma medan me togg på kvar vår grove brødskive utanfor bilen. Samstundes som me filtrerte bort lyden av tungtrafikk på vegen bortanfor. Kvaliteten på den vesle sidevegen der me hadde parkert var så som så. Det var så vidt den låge teslaen kom seg heilskinna forbi høge steinar og djupe spor. Men det gjekk. Inn på hovudvegen, rett til bilkø framfor eine tunellen. Eg trur det er siste året nå at dei skal reparere desse tunellane. Ei fransk kvinne i køen tok ut ein hund frå bakdøra på bilen sin. Ho smilte orsakande til oss og blinka to gonger med ti fingrar. Tjue minutt til kolonna skulle køyre, altså. Eg ga henne tommel opp. Kolonna snegla seg etter kvart langs den smale vegen ved sida av tunellen. Så bar det nedover. Inn i nokre lange, fine tunellar ved Åkrafjorden. Ferja frå Skånevik til Utåker. Inn i siste tunell til Halsnøy. 
  
Fiskefestival, vikingskip og Kaptein Sabeltann på Halsnøy

Der var det fiskefestival. Ein tradisjon som har halde seg så lenge eg kan hugse. Fullt av folk på kaien ein laurdags føremiddag. Eit barneteater sprang omkring blant folka for å ha framsyning av Kaptein Sabeltann. "Der kjeme han", ljoma det frå ei barnestemme og ut av litt dårlege høgtalarar. Og der kom han jammen, frå eit moderne vikingskip. Ungane stilte seg opp. "Kaptein Sabeltann! Er ein farleg mann...", spraka det ut av høgtalarane på ekte Halsnøy-skarre-r-ar.

Å dra vestover slik kvar sommar gir ulike kjensler. Sonen seier han gjerne kunne budd der fast. For han er Halsnøy synonymt med sommarsol, bading, mjølkekaker og anna god mat frå besteforeldra. Han tenkjer kanskje at det er slik heile året. For meg kan det innebere å treffe gamle kjente utanfor butikken. Brått den eine, like etter den andre. Det vekker minner. Samstundes, når eg er borte det meste av året, blir det mykje eg ikkje får tatt del i. Og når eg drar igjen etter kort tid, får eg ikkje tatt del i det som skjer vidare.
Men det er jo kjekt å møte folk på tur til Tofteåsen. "E da deg du, Halvard Mikal?" Folk på øya er dei einaste som brukar begge førenamna mine. Eg blir glad for at folk hugsar meg, og brydd når eg sjølv slit med å hugse dei eg møter på skogsstien. Folk har blitt eldre. Men eg gløymer at eg har blitt endå eldre.

Nylaga utkikspunkt ved Tofteåsen

På Vestlandet skryt dei gjerne over alle variantar av natur ein kan møte på. Som å padle i ein nyinnkjøpt kajakk på stille sjø. Ta ein tur til skogs og sjå utover åsen. Og å dra opp til fjells.


Frå kajakk på sjøen...

Med undersjøisk tunell er det ei smal sak å køyre ein tur til Valen og gå opp til snaufjellet, Norefjell, kjenne ein sterk vind og eit brått, kaldt klimaskifte, og sjå endå lenger ut i horisonten.

...til fjells, i området Norefjell ovanfor Valen

Å fortelje om ein slik ferietur blir til eit postkort, der ein viser små glimt av noko postkortvakkert. Men det er greit. For slike små glimt er gjerne vakre.



 

tirsdag, august 02, 2022

Elektrisk danmarksferie

Små strender nedanfor Pøt Strandby

Meir detaljar om erfaringa med å køyre Tesla i Danmark, kan lesast i bloggen Lektrisk.

Danmark var eit av dei fyrste landa nordmenn ferierte i, då dei tok seg råd til å dra utanlands, og det næraste dei kom til "Syden". Den gong brumma dei i veg med fullpakka folkevogner og ungar utan tryggleikssele. Etter kvart, medan oljefondet og norske lommebøker blei tjukkare, vart omgrepet "Syden" meir og meir tøyeleg. Å reise til Danmark er kanskje ikkje lenger det mest oppsiktsvekkande. Men Danmark ligg nå framleis der og lokkar. Å reise dit inneber å oppleve noko annleis. Å kome litt nærare det sentrale Europa og minne oss om at me framleis bur ein stad i utkanten. Og nå er det stadig fleire nordmenn med nye elbilar som lar seg lokke. Blant andre oss: Ein tolvåring, ein tjueåring, kone og mann i ein Tesla.

 Vår tur var av det enkle slaget. Rett på DFDS-ferja frå Oslo til København. Ferja kasta loss ein ettermiddag fyrste sommarferiedag, med lovnad om at me skulle vere utkvilte til bilkøyring i det flate landet neste føremiddag.
I båten måtte me vente ei stund innan ein enkel lugar med køyesenger og ingen utsikt var klar. Vel, det var på ein måte litt utsikt viss me slo på tv-en og ein kanal som viste eit kamera si filming av sjøen utanfor båten. Me trykka litt rastlaust på telefonar som ikkje lenger hadde mobildekning. Fekk ikkje heilt til å koble oss til båten sin wifi. Fann ut at me burde gjort det før båten la frå kai. Kona var reiseguide og hadde ordna alt. Blant anna buffet (på austlandsk uttalt med trykk på forstavinga) i restauranten. Me gjekk i flokk forbi ein bar. Høglytt skravling velta ut frå baren. Dei fleste menneske blir høglytte straks dei sit i ein bar, utan å merke det sjølv. Ein legg vel mest merke til det når ein beveger seg på utsida av baren. DFDS står visstnok for "Drita Før DrøbakSundet". Å reise med barn gjer lyden av høglytt "dritabarskravling" litt ubehageleg, så me skunda oss forbi, inn til restauranten, til kveldsmaten. Å reise med danskebåten og ete frå ein buffet kan elles vere ei utfordring dersom nokon har matallergi. Merking av allergenar er ikkje slik me er vante til. På ein lapp kan det stå "nuts", og berre det. På andre lappar ingenting. Så det gjeld å passe på.

På morgonen skein det opp. Me gjekk til den same restauranten for å ete frukost. Ei flat landstripe ute i horisonten viste at me nærma oss.

Over Storebæltsbroen på autopilot, i ein Tesla. Foto: Mikael

Så køyrde me i land i København ein føremiddag. Lufta var varm og himmelen grå. By, veg og trafikk kjendest framand og litt spanande. Tre år tidlegare hadde me klart å skaffe oss ein Tesla. Eg er over snittet interessert i elektrisk transport. Og skulle me klare å reise over lengre avstandar, måtte det bli ein Tesla. Det var til ein tur som denne at ein slik bil var tiltenkt. Endeleg, etter koronastenging og andre hindringar, kunne bilen utnyttast til det den var god for. Teslaen har autopilot som assisterer bilførar og gjer køyringa noko mindre trøyttande. Den kobla seg inn på snorrette motorvegar og fartsgrenser på 130 km/t. Me skulle vestover, over lange bruer, til Jylland og Pøt Strandby, søraust på fastlandet. Trafikken var derimot ganske tett. Stadig måtte bilen bremse ned for opphoping av køyrety. Men hei, det var ferie. Det gjaldt å tenkje positivt. Ut på sidene låg flate kornåkrar, kvite vindmøller surra roleg, skylaget sprakk opp og viste ein lyseblå himmel.

Fint tilrettelagt Tesla superladestasjon i Middelfart.

Me svinga av til ein Tesla superladar i Middelfart, like før den siste brua og fastlandet. Desse superladarane over heile Europa er endå ein grunn til at me valde Tesla. Eg plugga i, strekte på beina. Kjende den varme, danske sommarbrisen som hjalp mot det litt øre køyrehovudet. Yngste son var lukkeleg. Like oppi høgget såg han Burger King. Den hamburgerkjeda hadde plassert seg ved dei fleste av Tesla sine superladestasjonar. Tjueåringen som er vegetarianer, var ikkje like imponert. Og me andre skulle etter kvart bli noko lei av Burger King. Men den dagen gjorde det godt å få ein matpause, innan bilen var ferdig opplada.

Til slutt over på småvegar, og siste strekka ut til austkysten og Pøt Strandby.

Framme ved feriehuset i Pøt Strandby.

Denne staden såg ut til å vera ein slags ferielandsby inndelt med gater, hekkar og feriehus. Dette blei basen vår i ei veke. Her og der kunne me gå gjennom små lommer med eik og anna lauvskog på ein sti ned mot stranda. Kanskje me hadde slik skog i Noreg for tusen år sidan? Det kjendest i alle fall som at det var noko historisk, i den skogen. 


Strendene nedanfor Pøt Strandby var små. Nokre danskar ropte til oss at me dessutan måtte passe oss for brennmaneter. Det var ein del av dei, som me måtte navigere utanom. Nokre kilometer lenger sør fann me lengre sandstrender, ved Kirkholm og Juelsminde. Veret hadde vore noko vekslande i starten, men sola varma godt då den endeleg kom. Det vart mogleg å bade mellom dovne dønningar og brennmaneter, og koble av på den mjuke, varme sanda.

Eksempel på dansk sand, gammal, norsk, solbrun hand og gammal norsk bok (Hølmebakk).

Historisk var det òg i Glud, nokre få kilometer lenger inn, der me fann ein landhandel og eit museum som viste tradisjonelle danske gardar og hus, laga i karakteristisk bindingsverk og stråtak. Det viste blant anna at desto fattigare ein var, desto lågare var det under taket.

Frå Glud Museum

På museet orsaka ei dame seg over at dei berre hadde brosjyre på dansk, ikkje engelsk. -Dansk er bra, svarte me. Og var glade for at ho såg ut til å forstå kva me sa. Blant unge danskar var det verre. Ein ung gut ved kassen på landhandelen såg nestan panisk ut og slo straks over på engelsk då me spurde etter bæreposar. Mat var forresten ikkje noko billegare i Danmark, heller dyrare. Det er gjerne ei forestilling me har, at alt er billegare i utlandet. Den tida er nok forbi. Men maten var annleis og kontinental, med kvitt brød og fine ostar. For ikkje å snakke om vinen! Det bugna av billege, edle flasker. Det kjendest (bokstaveleg talt) berusande å berre plukke ut nokre raudvinsflasker til 20-30 kroner stk. frå ei vanleg butikkhylle. Kanskje bør me berre ha det vinmonopolet vårt, for å kunne kjenne på ei slik glede når me er utanlands.

Eit hovudmål på turen var Legoland. Dette er den skandinaviske varianten av Mekka. Alle må dit ein gong i barndomen. Og det hasta å dra for yngstemann, før han blei for gammal. Det hadde blitt større sidan sist, då eg sjølv som ung gut var der på bilferie ein gong på syttitalet. Nå hadde det utvikla seg til eit tivoli. Yngstemann trivdest uansett best i fartsfulle berg og dalbanar. Eg fekk tatt eit bilete av miniatyrutgåva av Bryggen i Bergen, med hurtigbåtane Tedno og Sunnhordland. Den var i alle fall som før.


Eit anna viktig mål på programmet var å dra over grensa til Tyskland og køyre på autobahn utan fartsgrense. Teslaen var klar til utfordringa. Men noko meir enn 160 km/t blei det ikkje i den tette trafikken. Og det blei berre ein liten svipp til Schleswig, handle litt endå billegare vin, kikke på domkyrkja, som opprinneleg er dansk og over tusen år gammal.

Schleswig domkyrkje

Grensa mellom Danmark og Tyskland er framleis historisk brokete. På danske trafikkskilt fortel dei kor langt det er til "Flensborg", den nå tyske byen Flensburg.

Det fine med eit fritidshus, er å kunne dra ut på små utflukter. Me kikka på endå meir dansk, tradisjonell arkitektur, ein historisk miniby, Madsbyparken ved Fredericia.

Madsbyparken, Fredericia

Me kryssa ein skogkledd dal, som nestan kunne minne om eit landskap i Noreg og kom fram til Jelling, ein svær vikinggravhaug, Jellingsteinane med runeinnskrift og Jelling kirke.

Jelling kirke

Me tenkjer gjerne på vikingtid som noko særeigent norsk, men blei her minna om at det store maktsenteret var i Danmark.

Tesla superladestasjon ved Køge utanfor København.

Èi veke i Danmark var passeleg. Me køyrde tilbake mot København, superlada (delvis ved hjelp av solcellepanel på taket på ladestasjonen) ved Køge og køyrde til sist ombord på ferja til Oslo. Det vart tid til bading i eit innandørs basseng. Alle ferjer med respekt for seg sjølv må jo ha det. Siste rest av shopping vart unnagjort, innan det var laurdagskveld.
I den eine baren stemte ein trubadur opp med kassegitar, amerikansk populærmusikk frå sektstitalet og dårleg songanlegg. Me foreldre tenkte at dette kunne utarte, så me sendte dei yngste ned i lugaren og prøvde å finne ein rolegare stad, til berre litt vaksen-åleine-kvalitets-tid. På den andre staden kom det jaggu endå ein trubadur, med same type musikk og songanlegg. Folk sat ved borda og skravla, medan ein haug med ungar sprang mellom borda. Jaja, tenkte me. Slik er det vel her. Så det var berre å invitere opp eigne born og sjå på livet ei stund.
Då me hadde lagt oss i den vesle lugaren, kunne me høyre den eine trubaduren mellom etasjane, i eit par timar til. Det høyrdest ut til at konserten blei ein suksess.



Meir detaljar om erfaringa med å køyre Tesla i Danmark, kan lesast i bloggen Lektrisk.