søndag, august 14, 2022

Fjell, elbilcamping og attgrodde øystiar


Frukost etter overnatting i bilen, ved Ståvatn på Haukeli

Det var på tide å vende nasen vestover igjen. Det har blitt ein fast del av programmet. Til Halsnøy, gamle vener, slekt, sonen sine besteforeldre, til sjø, skog og fjell. I juli var teslaen pakka igjen, far og son hadde satt seg til rette ein sein ettermiddag i juli.

Me hadde passert Oslo, då sonen sa han var svolten. Han sjekka kartet på Tesla-skjermen. Burger King i Notodden. Greitt. Det blei fyrste stopp. Vidare hadde me eit mål om å ta det roleg. Stoppe når me fann det for godt. Neste stopp kom dermed like etter; stavkyrkja i Edland. Imponerande bygning sett utanfrå. Me var der seint på ettermiddag/kveld, så kyrkja var stengt. Den hadde ei historie å fortelje, men me var for seine, og brukte ikkje tida på å finne ut så mykje. Så me haldt fram. Starta stigninga mot fjells.

Fyrste "stoppe for å sjå": Stavkyrkja i Edland

Det blei den vanlege superladinga av teslaen i Åmot. Seint på kvelden var det lite trafikk og godt med ladeplassar. Vidare oppover. Eg hadde peika meg ut ein stad å fricampe og overnatte, ved Ståvatn på Haukeli. Me parkerte fyrst ved sida av ein svensk bubilturist. Sonen spratt oppover fjellet. Ville opp og få oversikt. Eg prusta etter.

Rask fjelltur på Haukeli om kvelden, før overnatting

Så var det endeleg å gjere seg klar til overnatting. Eg flytta bilen over på den gamle sidevegen, nærare vatnet, litt bort frå trafikken. Bakseta blei lagt ned. Ei luftmadrass som er tilpassa teslaen blei lagt ut. Teslaen blei stilt inn på "camper mode" og ga oss passeleg temperatur og frisk luft heile natta. Velsigna greier det der.

Å vakne i elbilen, og sjå opp gjennom glastaket, er slett ikkje verst...

Me var ganske utkvilte, då me slo opp augo og såg skyene der oppe, gjennom glastaket. På sida låg eit blikkstille Ståvatn.

...heller ikkje å ta frukosten ved Ståvatn på Haukeli 

Det er noko eige å vera på fjellet. Det er eit eige univers, med lukt av lyng og lyd av natur som er litt annleis. Det meinte me å fornemma medan me togg på kvar vår grove brødskive utanfor bilen. Samstundes som me filtrerte bort lyden av tungtrafikk på vegen bortanfor. Kvaliteten på den vesle sidevegen der me hadde parkert var så som så. Det var så vidt den låge teslaen kom seg heilskinna forbi høge steinar og djupe spor. Men det gjekk. Inn på hovudvegen, rett til bilkø framfor eine tunellen. Eg trur det er siste året nå at dei skal reparere desse tunellane. Ei fransk kvinne i køen tok ut ein hund frå bakdøra på bilen sin. Ho smilte orsakande til oss og blinka to gonger med ti fingrar. Tjue minutt til kolonna skulle køyre, altså. Eg ga henne tommel opp. Kolonna snegla seg etter kvart langs den smale vegen ved sida av tunellen. Så bar det nedover. Inn i nokre lange, fine tunellar ved Åkrafjorden. Ferja frå Skånevik til Utåker. Inn i siste tunell til Halsnøy. 
  
Fiskefestival, vikingskip og Kaptein Sabeltann på Halsnøy

Der var det fiskefestival. Ein tradisjon som har halde seg så lenge eg kan hugse. Fullt av folk på kaien ein laurdags føremiddag. Eit barneteater sprang omkring blant folka for å ha framsyning av Kaptein Sabeltann. "Der kjeme han", ljoma det frå ei barnestemme og ut av litt dårlege høgtalarar. Og der kom han jammen, frå eit moderne vikingskip. Ungane stilte seg opp. "Kaptein Sabeltann! Er ein farleg mann...", spraka det ut av høgtalarane på ekte Halsnøy-skarre-r-ar.

Å dra vestover slik kvar sommar gir ulike kjensler. Sonen seier han gjerne kunne budd der fast. For han er Halsnøy synonymt med sommarsol, bading, mjølkekaker og anna god mat frå besteforeldra. Han tenkjer kanskje at det er slik heile året. For meg kan det innebere å treffe gamle kjente utanfor butikken. Brått den eine, like etter den andre. Det vekker minner. Samstundes, når eg er borte det meste av året, blir det mykje eg ikkje får tatt del i. Og når eg drar igjen etter kort tid, får eg ikkje tatt del i det som skjer vidare.
Men det er jo kjekt å møte folk på tur til Tofteåsen. "E da deg du, Halvard Mikal?" Folk på øya er dei einaste som brukar begge førenamna mine. Eg blir glad for at folk hugsar meg, og brydd når eg sjølv slit med å hugse dei eg møter på skogsstien. Folk har blitt eldre. Men eg gløymer at eg har blitt endå eldre.

Nylaga utkikspunkt ved Tofteåsen

På Vestlandet skryt dei gjerne over alle variantar av natur ein kan møte på. Som å padle i ein nyinnkjøpt kajakk på stille sjø. Ta ein tur til skogs og sjå utover åsen. Og å dra opp til fjells.


Frå kajakk på sjøen...

Med undersjøisk tunell er det ei smal sak å køyre ein tur til Valen og gå opp til snaufjellet, Norefjell, kjenne ein sterk vind og eit brått, kaldt klimaskifte, og sjå endå lenger ut i horisonten.

...til fjells, i området Norefjell ovanfor Valen

Å fortelje om ein slik ferietur blir til eit postkort, der ein viser små glimt av noko postkortvakkert. Men det er greit. For slike små glimt er gjerne vakre.



 

Ingen kommentarer: