torsdag, juli 20, 2006

Madeira juli 2006


Nokre gonger må ein berre godta sin stand; Å vera turist.
Det vil seia å overgi seg til late dagar under sola, eta gode middagar med vin kvar dag, slenga rundt seg med euro. Alt som høyrer turistlivet til.

Gjekk ut av flyet, blei møtt av ein mild vind og god varme, blei køyrd til "Hotel Tropical" litt utanfor hovudstaden Funchal. Inn på hotellet, og til verdas mest nydelege utsikt frå balkongen.

Vakna neste morgon til lyden av havet. Og forsiktig klirring i knivar og gaflar frå turistar som åt frukost på verandaen under oss.
Her var det ingen discomusikk og grisefestar, nei. Berre rolege turistpar som sat ved kvart sitt bord og kviskra til kvarandre. Dei madeiranske kelnarane gjekk like stille , men effektivt rundt og sørga for at alle hadde det dei trengte.
Me gjekk ned og "para" oss blant dei andre, som typiske turistar gjer (altså satte oss ved eit bord for oss sjølve og kviskra medan me åt frukosten).

Madeira er ei portugisisk vulkanøy eit stykke utanfor Marokko. Kjent for Madeiravin. Sånn før me kom.
Det er varmt så langt sør. Men bris frå havet gjer klimaet mildt. Øya har ingen sandstrender. Berre steinar og steile vulkanklipper.
Hotellet vårt er bygd som eit terassehus nedover ei slik klippe. Garantert balkong og skikkeleg havutsikt på alle romma. Litt nedanfor balkongen vår var det basseng. Trappa vidare ned ein liten bar. Og til slutt trappa heilt ned til sjøen. Litt mykje bølger og straum, litt fisk å sjå viss ein leigde snorkelutstyr.
Drog på utflukter til Funchal, hovudstaden. Overalt bratte fjell og djupe dalar, laga av vulkanar. Tunnellar og bruer gjer det mogleg å koma raskt gjennom og over.
Opp i gondol. Og ned i ein merkeleg farkost. Ein trekasse som segla i full fart nedover brusteinane, gjennom dei smale, bratte gatene.

Litt dyrt var det. 25 euro. Men artig.

Nede i byen; Marknader. Frukta såg innbydande ut. Fekk prøvesmaka. Og kjøpte eit kilo. Det kosta svimlande 20 euro. Me blei sikkert lurt. Men kunne samstundes utføra ei viktig turisthandling; Å gremma seg litt over prisar og slikt.
Innimellom turistane, fekk me eit lite innblikk i lokal kultur. Ei mengde med menn som stod og såg på nokon som spelte kort. Mogleg det var høg innsats i kortspelet som skapte slik interesse.

Ned til havna. Ny middag. Og eit par paraplydrinkar til forrett. Og koma opp i ein typisk mislykka turistsituasjon som; "lukkeleg-par-sit-ved-bordet-med-kvar-sin-paraplydrink-og-tar-bilete-med-sjølvutløysar-utan-å-ha-sjekka-vinkelen-først".
Ut i båt saman med andre turistar for å sjå på delfinar og kval. Og DER var det jammen eit par kvalar.


Så leiga bil for å sjå meir av øya. Opp til eit av dei høgaste fjella. Over 1800 meter over havet. Går nokre hundre meter langs ein godt utbygd sti som kunne ført oss langt bortover fjella. Nedanfor på begge sider var det stupbratt og langt, langt ned til ein byrjinga på ein sovande vulkan.


Vidare til nordsida av øya. Som er meir grøn og frodig. Mindre befolka. Nærast klaustrofobiske, høge, bratte fjell ned mot sjøen overalt. Som har veldig smale vegar enkelte stader. Sjølv for ein vestlending.

Og som skapte temmeleg spanande situasjonar for oss og leigebilen.

Det var ikkje det. Folk på Madeira var avslappa både i trafikken og elles.
Men etter ei veke med sol, sjø og mengdevis med middagar og vin. Så var det på tide å avslutta.
Er du ute etter ei avslappa veke. Dersom det ikkje er viktig å få sand mellom tærne. Dersom du vil oppdaga hav, fjell, skog, god mat og vin på ein gong. Så er Madeira rette staden.

Ingen kommentarer: