
Drog sørover til det Indre Austland i jula. Til Akershus og Hedmark. Der gamle, amerikanske bilar står rundt kvart hushjørne.

Til juleselskap med ribbe og kaffe. Og lune menneske. Som fortalte om jul i gamle dagar. Då alt var slit og arbeid. Då det største som kunne henda var å få eit par beksømstøvlar i julegåve. Så glad at han sov med støvlane på om natta.
-Me skjønar ikkje kor godt me har det i dag, sa ein av dei. Og kikka ut på bakken som ikkje var dekka av snø.
Dette er menneske som kan den edle kunsten å småsnakka;
-Nå, har du fått i deg mye god julemat i helga?
-Joda, det har da blitt noe, ja.
-Kanskje litt for mye av det gode?
-Joda, det har vel blitt litt mye, også, ja...
og så vidare...

Og ingen stader er julenissen meir ekte enn på Austlandet.Det er som å gjenoppliva alle åra med Snekker Andersen. Men dagen etter då ein onkel kom innom og spurte om julenissen hadde kome, svara fireåringen tørt;
-Ja, det var deg, det.
Ingenting er som før.

Naturen består i stor grad av skog. Innimellom ei og anna gammal hustuft frå eit småbruk i hine hårde dagar.

Nokre halvvegs frosne småbekkar. Store kornåkrar som ventar på ny kornsesong. Store, flotte gardsbruk. Med bønder som berre jobbar og jobbar.

I motsetnad til oss turistar som berre gjekk korte turar før me åt meir julemat.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar