lørdag, januar 20, 2007

Nytt år mellom opera, techno og tiggarar

Me gjekk inn i det nye året i hovudstaden denne gong. Ville flotta oss litt og sjekka inn på Hotel Plaza. I 26. etasje.
Ville oppleva litt kultur. Drog til Munchmuseet.
Stengt.
Kan du tenkja deg. Omtrent alt var stengt den siste dagen i det nye året, fordi det var søndag. Nokre turistar rista skuffa i den låste døra.
Men operaen var klar til å ta imot folk. Med Mozart sin historie om den romerske keisaren Titus. På veg til operaen støtte me stadig på narkomane med pappkrus. Ein av dei såg ut til å ha sete på det same fortauet heile dagen i kulda. Eller kanskje dei veksla på å sitja på forskjellige postar.
I operaen blei me servert champagne.
Ut av operaen støtte stivpynta publikumarar frå Oslos Beste Vestkant på ein gjeng ungdommar som strauma ut av ein buss. Frå bussen dundra det siste nytt innan techno. Ungdommane skråla og sprang bort til ein vegg for å pissa.
Me gjekk inn på ein italiensk restaurant. Kjende lukta av middelhav og livsnytelse.
Skunda oss til slutt tilbake til hotellet. Opp på rommet i 26. Høgt heva over alt bråket der nede. Såg klokka segla mot eit nytt år. Og på rakettane som eksploderte under oss.
Og så var det nye året der.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Haha... vett du... Bjørn Erik og meg va og på Titus på nyttårsaftå, så løye:) Tror kje det e store faren for at det skjer igjen, då. han va kje akkrat overbevist...
kat

Halvard Mikal Sæbø sa...

Hm...
Har ikkje oppdaga denne meldinga før nå.
Men det du skriv er jo...spooky...
Hadde sverga på at eg ville ha gjenkjent Bjørn Erik i det selskapet. Han peikar seg jo ut på mange måtar i visse miljø. Og operamiljøet er definitivt eit av dei.
Lev elles vel der nede.