lørdag, juli 08, 2006

Mareritt og minner vest i havet - Utsira juli 2006

Å reisa på ferie til Utsira var ingen lek før i tida. Då Sirafjord la ut frå kai i Haugesund, visste me at marerittet var i gang. Båten var ein ombygd lastebåt. Motoren romla og brølte nede i lasterommet. Familien vår hadde klart å okkupera mest mogleg plass på dei største benkene. Ungane måtte eta appelsiner med nokre svært beiske tablettar inni. Eit kraftig dopmiddel mot spysjuke før i tida. Så blei me kommanderte til å leggja oss ned på benkane for å sova.
Det var sjølvsagt umogleg.
Motoren brølte endå meir då den gjekk ut mot havet. Så byrja båten å rulla. Meir og meir frå side til side. Baugen gjekk oppover og oppover. Innan den brått stupa nedover igjen mot ei uendeleg avgrunne.
Så kom dei fyrste lydane. Frå folk som ikkje hadde tatt reisesjuketablettar. Så den forferdelege lukta. Ei blanding av diverse oppgulpa middagar blanda med lukta av olje.
Og alt me ungar kunne gjera, var å klamra oss til benkane, medan frådande bølger kasta båten omkring. Og innhaldet frå revna papirposar flaut overalt på lasteromsgolvet.
Det føltes som om halve livet vårt forsvann i berre ein slik tur.
Då me endeleg kom i land på den steinete øya vest i havet, sjangla me, fullstendig neddopa og utslitte oppover den smale vegen.

Det er ikkje difor det har tatt så lang tid før eg kom tilbake til øya. Trur det er 13 år sidan sist. Det har vel meir med at eg nå bur så veldig langt borte. At det blir eit tiltak å ta avstikkaren rett vest.

Så når turen blei tatt igjen, vart minnene veldig sterke. Over å sjå steinknausane igjen. Som ligg der dei alltid har vore.

Dei fleste husa held seg merkeleg godt etter så mange år i storm og solnedgangar.
Døde og levande står som alltid tett samanknytte i eit så lite samfunn.
Noregs første, kvinnelege ordførar (1926) vaktar utover livet på øya. Ser litt mistenkeleg på endringane. Konstaterer at to store vindmøller er plassert i aust. At skog er planta.
Og gamle Sirafjord er for lengst borte. Nå er det ein hypermoderne båt som drar til øya på rekordtid utan å la seg merka noko særleg av bølger.
Så spyposane ombord kan dei vel strengt tatt pakka bort.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Åhhh, det minner meg om å ta lokalen fra Båtsfjord til Vadsø når jeg skulle på sommerferie til Golnes. sekstitallet har befordret mange sånne minner for oss som vokste opp i utkanstrøk den gang. Fortsatt fin ferie :O)

Halvard Mikal Sæbø sa...

Hei, Faradiba.
Nord og sør har nok meir til felles ein det ein skulle tru.
Takk skal du ha.