søndag, april 16, 2023

På tur med ein son

 


Det var ein dag i februar det tikka inn ei melding.
-Skitur til Vikerfjell på laurdag?
Meldinga kom frå ein son på litt over tretti, til ein far på snart seksti. Ein son som framleis er i sin beste, fysiske form og full av pepp, til ein far som har byrja å tvila på det same om seg sjølv, og som har blitt meir engsteleg med åra.
-Høyrest kjekt ut, svarte eg. Men poengterte at det er lenge sidan eg har gjort noko slikt. Faktisk stod fjellskia mine ubrukte i garasjen sidan dei blei kjøpt i Finnmark for mange, mange år sidan. Og beina mine? Korleis skulle dei klare ein lenger fjelltur desse dagar?
-Ingen problem, svarte sonen med sin smittande optimisme. -Det blir ingen svær tur. Mest for å kome over tregrensa.


Så bar det i veg i bilen til Oslo ein solfylt, kald laurdag, leite seg fram til rett gate i storbyen, helse på ein strålande opplagt son med sekk og ski og stavar som peika i alle retningar i bygata, og kaste alt utstyret inn i bilen. Køyre vidare vestover, så nordover, til me stoppa ved Nes i Ådal, superlade bilen litt og ta ein kaffe på ei kro. Nokre pensjonistar sat og såg på eit skirenn på tv. Så køyre oppover, retning fjellet. Sonen var ivrig på å kome i gong. Eg tok nokre forsiktige stavtak. Var uroa over at eg hadde gløymd å ta med skismøring. Det kom kanskje til å bli bakglatt oppover. -Ingen problem, sa sonen og susa bortover.


Det tok ikkje lang tid før han stoppa opp. -Eg trur me går ut av løypa og tar strak retning gjennom skogen her, sa han. -Kvifor det, spurte eg betenkt. -Det blir ei meir spanande utfordring, svarte han.
Så byrja me å traske gjennom djupsnøen. Inn gjennom skog og kratt. Han hadde med seg nokre feller til å ha under skia. Det gjorde det lettare å gå. Det byrja å gå oppover. Bratt oppover. Så nedover igjen. Opp og ned. Det hadde blitt ettermiddag. Me hadde kome i gong litt seinare enn planlagt. 
Han leda an med sikre tak eit stykke framme. Eg traska eit stykke bak. Beina mine verka å klare seg bra. Men eg byrja å bli ein smule engsteleg. Ville me ikkje bruke opp kreftene når me skulle traske gjennom denne laussnøen i skogen? Gå bratt oppover berre for å måtte renne ned igjen frå ein haug. Kor mange slike haugar måtte me forsere før me kom til sjølve fjellet som me skulle opp på? Skog og haugar gjorde at eg ikkje hadde oversikt. Kva om eg knakk beina i ei ur? Og det ikkje var mobildekning? Og visste han eigentleg kor me var? 
-Det er berre å grave seg ei snøhule viss det skulle bli nødvendig, sa han der framme.
-Njaa, svarte eg.
Det blei brattare. Eg fekk eit inntrykk av at me hadde byrja på sjølve stigninga mot fjellet, utan at eg kunne sjå så mykje av det ennå. Det gjekk opp og opp. Eg løfta den eine skia og den andre i den djupe snøen. Opp og opp. Skogen blei tynnare. Og der, der kunne eg skimte snaufjellet, medan sola var på veg til å gå ned bakom. Me traska vidare. Kva tid skulle denne skogen ta slutt? Ville me nokon gong kome oss over tregrensa? Me kom endeleg til eit skuterspor. Det gjorde skigåinga lettare. Men skogen var der framleis. Opp og opp. Ut av skuterløypa og inn i laussnøen igjen. Det byrja å bli litt stor avstand mellom han der framme og meg der bak. Stega hans hadde blitt litt meir utålmodige. Eg gjekk som eg gjekk. 

Skogen tynna endeleg ut. -Eg kunne tenkt meg å dra opp der, sa han og peika. -Der? Er det ikkje veldig bratt der? Kva med å ta den vegen? Eg såg mot ein litt slakare, ikkje fullt så høg topp. -Nei, på den andre toppen kan me sjå både mot aust og vest, sa han sjølvsikkert. -Det blir kjekkare.
Han var allereie i veg før eg rakk å svare. Og med eitt kom me til ei skiløype. Den opna seg som ein autostrada. Brei og fin. Sikkert den løypa me hadde forlate langt der nede. Toppen til sonen vart med eitt meir overkomeleg. Det aller siste stykket tok eg av skia. Sparka skiskoa inn i den harde skaren opp til toppen og til ein varde.


Det bles kaldt og hardt der oppe. Eg såg for meg at me kunne fryse til nokre isstatuar der. Eg tok nokre ekstra bilete og videosnuttar med mobilen. Fingrane vart straks blåfrosne. Men eg hadde jo gjort slikt før, ein gong for lenge sidan. Då eg var like gammal som sonen er nå. Tok på meg ein ekstra genser under vindanorakken. Sikra skia så godt eg kunne så dei ikkje skulle bli tatt av vinden og forsvinne nedover fjellet. Me satte oss i le bak ein knaus. Han baud på varm kakao og ein kvikk lunsj. Han smånynna og såg utover. Eg tenkte på returen. Om det blei bratt. Og mørkt. Om me fann tilbake til bilen. Om beina ville halde siste del.


-Nei, på tide å dra tilbake, sa han.
Skifellene var tatt av. Eg rann med usikre bein på den harde skaren i løypa. Eg prøvde å ploge for å ta det roleg. Men skia beit liksom ikkje i skaren. Eg ramla. Det gjekk litt bortover og litt oppover. Me gjekk langs fjellkammen medan det siste av kveldssola lyste i bakgrunnen. Skia mine var bakglatte. Me hadde bestemt oss for å følgje løypa denne gong. Satsa på at den ville leie oss dit me ville. Det byrja for alvor å gå nedover. Forbi tregrensa. Bratte heng og svingar. Eg prøvde å ploge igjen, men underlaget var like hardt. Det var liksom at hovud og bein nekta å vere med på dette. Kanskje var det stålkantane på dei gamle skia som ikkje var skarpe nok? Kanskje var beina mine for møre? Eller var det hovudet mitt som var fylt av for mange negative tankar? I alle fall ramla eg stadig i svingane. Ein stad hadde sonen venta på meg. Gøymd seg bak nokre tre, og susa brått flirande forbi meg, medan kroppen min svaia som ein danske nedover.


Me kom oss ned til flaten. Kjende oss ganske sikre på kva løype me skulle ta tilbake mot bilen. Skia hadde blitt endå meir bakglatte og beina hadde i alle fall nå blitt temmeleg møre. Eg ynskte å sjå bilen rundt neste sving. Men det var nokre kilometer. Og det mørkna. Opp eit siste, seigt stykke. Så var me der.
Me satte oss inn. Gjorde oss klare til heimreisa.
-Det var fint dette, sa eg. -Spanande å utfordre litt det ein trur er for vanskeleg. Å klare noko ein tviler på at ein skal klare. Godt å vere i eit anna univers, på eit snaufjell.
-Ja, og du var jo flink, sa han. -Du er i overraskande god form, trass alderen.
-Ja, eg er jo det, svarte eg.







Ingen kommentarer: