Så var det klart. Bilen nestan ferdig pakka. Seint på kvelden. Men har eg hugsa på alt? Sikkert ikkje.
Kjenner meg som ein passe nervøs Heyerdahl, som skal ut i det ukjente. Heyerdahl drog ut i ein balsaflåte. Eg og sonen min på fem år skal på langtur med elbil. Frå Eidsvoll i aust og til Halsnøy i Sunnhordland, i vest.
Ein elbil som min, ein Citroen C-Zero har ikkje allverdens rekkevidde. 10-12 mil på sommaren. Men det er bratte stigningar oppover fjellet. Og sikkert ein del kaldare. Og alt det drar ned på rekkevidden.
På ettermiddagen kom eg på at eg trong noko meir. Alt for seint å koma på det. Ein ekstra ladekabel. Ein såkalla "type 2 til type 1". EU krev at type 2 skal bli standard. Og enkelte ladestasjonar passar berre til den. Men korleis skal ein få tak i ein slik kabel, kjapt? Eg leita omkring på internett. Fann firmaet "Grønne Mil". Det var berre å betala i nettbanken og ta ein tur til lageret deira på Dal, så var det i orden.
Teltet vart sjekka i dag. Det vart kjøpt i den pure ungdomstida mi, på ein festival i Uskedal på åttitalet. Og lenge sidan det sist var brukt. Og...ja, det lukta noko innestengt. Eg opna det opp, vaska det og lufta det. Kjøpte ein såkalla "tarp", ein ekstra duk til å ha over teltet for å halda evt. regn borte. Men kor var det blitt av teltpluggane? Avgårde igjen på ein sportsforretning og kjøpa det. Og samstundes sjekka den nye ladekabelen på senteret på Råholt. Ja, den fungerte bra.
Så var det å pakka igjen. Pakka og pakka. Stuva i veg i den vesle elbilen. Men har eg hugsa alt? Sikkert ikkje.
(Og korleis denne turen gjekk, kan du lesa i dei neste kapitla, oppover i bloggen. Diverse videoar kan sjåast i https://bambuser.com/channel/skogstankar.)

3 kommentarer:
Hvordan får turen? :-)
Hei, Svingen!
Ja, det vart litt vanskeleg å oppdatera kjapt. Men nå er første del av turen publisert.
Hei,
og takk for en spennende reiseskildring! Jeg la ut en link på http://elbilferie.blogspot.no/
Takk for tipset!
Legg inn en kommentar