søndag, august 02, 2015

5. Elbil på langtur - Avreisa tilbake igjen


Så var det på tide å venda nasen austover igjen. Bilen var pakka igjen, og reisa starta søndagen klokka halv elleve om føremiddagen. Farmor hadde i ein alder av 80 kjøpt seg ny iPad og skulle følja oss på reisa via appen "Find my friend" i tillegg til direktesendingar frå Bambuser.


Me dukka ned i den undersjøiske tunnellen igjen, blei spytta ut på fastlandet og susa av garde i ei blanding av sol og regn.
Med fullada batteri såg det ut til å vera meir enn nok straum. Så me køyrde galant forbi hurtigladaren i Rosendal.
Vestlandet er jo full av spektakulære fossar. Så denne gongen ville eg ta meg tid til eit nærsyn med i alle fall ein av dei; Furebergfossen i nærleiken av Mauranger.
-Har du lyst til å stoppa litt og sjå på denne fossen, spurte eg bak til femåringen.
-Nei, svara han. Han hadde hovudet nede i iPaden og var ikkje så interessert i noko avbrekk. Men det var jo eit typisk, dumt vaksenspørsmål. For bilen var jo allereie stansa og eg på veg ut. Og når han først fekk koma nærare, var han henrykt over nærleiken og over å få "dusja" litt.


Litt lenger inne skimta eg Bondhusbreen, ei tunge av den svære Folgefonna.
-Har du lyst til å dra opp og sjå på den isbreen, spurte eg.
-Nei, svarte han. Denne gong tok eg omsyn, plukka fram telefonen og tok eit kjapt turist-avstandsbilete av breen ut av bilvindauget.
Bondhusbreen kan skimtast så vidt der oppe ein stad.

Så bar det inn i den lange Folgefonntunnelen igjen. Ut av holet og til Odda, hurtiglading og litt leiking ved Odda Vitensenter. Denne gong hadde eg planlagt turen over Haukeli. Eg hadde berekna omlag tre mil til neste hurtiglading i Røldal og at 80 prosent med batteri skulle vera meir enn nok. Me køyrde forbi nye, spektakulære fossefall, susa oppover svingete, bratte vegar, rasa kjekt forbi ein bubil i eit krabbefelt og så kikka eg litt på rekkeviddemålaren og utbraut eit lite "....ææh, åi!" 15 km rekkevidde....og nestan 15 kilometer igjen til Røldal! Men som me alle veit, "what goes up, must come down (a-ha, ha, ha)". Røldal ligg jo nede i terrenget, så resten av turen var berre å lada/regenerera seg nedover den bratte vegen, godt med straum igjen og svinga inn til ein ny Grønn Kontakt.
Der var det jammen litt kø. To VW Golf. Sjølv om dei brukar ein annan type ladekontakt, måtte bilen min venta til den andre var ferdig på grunn av kapasiteten til ladaren. Den tida blei igjen brukt til elbilprat og utveksling av erfaringar. Han eine var òg på langtur. Men han hadde for sikkerhets skuld med seg både bubil og kone som backup. Han andre måtte avbryta ladinga halvvegs på grunn av ein feil. Det var første gong eg observerte ein feil på ein hurtigladar hos Grønn Kontakt. Men på skjermen lova dei at feilen var registrert og at den skulle ordnast snarast.
Då den kombinerte elbil og bubilsjåføren var ferdig, starta ladinga automatisk i bilen min. Etter omlag ein halv time og 80 prosent batterikapasitet flytta eg over til flexiladaren som stod ved sida, for å lada sakte til batteriet var fullt. Og ENDELEG kunne eg stolt ta i bruk den nykjøpte "type 2 til type 1"-ladekabelen min.
Spiderman var òg imponert over den nye ladekabelen min.

Den mest utfordrande delen av køyreturen venta; klatringa oppover mot Haukelifjell og ein noko usikker avtale om lading på eit hotell. Så eg ville for å vera så sikker som mogleg lada heilt opp til hundre prosent. Bilen min tar berre 16 ah saktelading, så det tok ei tid. Den brukte me på næraste kafè. Sonen min fekk seg ein ny is. På kafèen traff me på nokre halsnøybuar. Dei hadde berre bestemt seg for å dra dit nasen peika og sola skein, i motsetnad til min nøye planlagte tur.
Det regna ein del. Så denne gong tok eg det med ro. Og rekkeviddemålaren svarte med oppmuntrande  tilbakemeldingar. Det var meir enn nok på batteriet då me svinga inn til Haukeli Hotell og Restaurant, ved Haukeligrend. Ein travel, men smilande innehavar tok imot oss. Han hadde slett ikkje gløymt avtalen vår over epost og hadde gjort klar ein kabel til ein stikkontakt. Han viste vegen og bilen stod igjen og lada. Takknemleg over slik service, bestilte eg god mat i restauranten. Fjellburger til femåringen og lammeskank til meg.

Denne ladinga kom til å ta tid. Faktisk tre og ein halv time innan batteriet var lada heilt opp. Så me undersøkte kvar einaste krik og krok av Haukeligrend. Me gjekk tur oppover ein skogsveg, kikka litt på elva og såg på spanande salsboder. Femåringen fekk auge på ei Spiderman-lue. Den kosta berre hundre kroner og eg var i det lune hjørnet. Og femåringen hadde fått dagens høgdepunkt på turen.

Over plassen var det ei samisk salsbod. Ja, kor samisk den var, kan kanskje diskuterast. Det var ei salig blanding av diverse turistfeller. Men Stàllu dukka i alle fall opp igjen. Og blei avbilda saman med Spiderman.
Den siste timen blei brukt til leik. Noko måtte me jo gjera. Femåringen var Spiderman. Sjølvsagt. Og eg var ein skummel og ekkel type som heiter Venom. Når Venom snakkar, seier han berre "blo blææ blo blææ blo blææ". Me dreiv rundt på plassen og "småsloss" med slag og spark. Eg skaut haka fram, stakk tunga ut og sa "blo blææ blo blææ blo blææ". Nokre utanlandske turistar stirra forskrekka på meg og den vesle karen i i finlandshette/spidermanlue.

Endeleg, klokka halv ni om kvelden kunne me avslutta leiken. Bilen var lada ferdig. Det var omlag ni mil til Seljord. Sola skein. Det gjekk mykje nedoverbakke. Bil og batteri var i godlune. Og turen gjekk utan stans til Seljord Camping. Innehavarane spurte litt om det var ein god ide å oppretta nokre elbilladarar til forbifarande på campingplassen. -Ja, det er ein veldig god ide, svarte eg, som den elbilambassadøren eg er. Uansett hadde dei stikkontaktar over alt. Bilen blei satt til lading over natta. Teltet blei satt opp med utsikt til Seljordvatnet. Me putta ein kupèvarmar inn i teltet og haldt kveldskulda ute, åt litt kveldsmat og sovna seint, men godt.

Ingen kommentarer: