mandag, august 03, 2015

6. Elbil på langtur - Siste dag mot mål


(Oppdatert 30.8.2015)

Me vakna til eit blikkstille Seljordvatn, stille medturistar og fullada elbil. Selma Sjøorm var ikkje å sjå ute på vatnet. Men Seljord Camping er idyllisk og fin. Femåringen var overlukkeleg over at det var ein leikeplass der. Hadde me avsatt meir tid, kunne me tatt ein tur ut på vatnet i ein slik trøbåt som låg ved kai. Men me ville helst koma oss "heim til ho mor". Så me åt frukosten, pakka og gjorde oss klare.


Eg byrja å bli modig i forhold til batteri og lading. Ved Notodden antyda rekkeviddemålaren seks mils rekkevidde, medan det skulle vera to mil til Kongsberg. "Hah" tenkte eg og sigla forbi hurtigladaren i Notodden. Og byrja klatringa oppover ein stigning. Klatring oppover, ja. Seks mil vart raskt redusert. For første gong på turen viste rekkeviddemålaren kortare rekkevidde enn avstanden til ladaren. Eg kjende pulsen slå. Radioen summa. Sonen sat som vanleg lukkeleg og uvitande med iPaden der bak. Eg kikka stadig på rekkeviddemålaren. Så inntraff det fysiske prinsippet om "what goes up must come down" igjen. Det gjekk nedover. Eg var ytterst forsiktig med fartspedalen. Utnytta regenering og "sigling" for alt det var verdt. Forbruksnåla bevega seg nestan aldri opp på forbruk på vegen nedover. Og rekkeviddemålaren byrja å tikka oppover igjen.


Framme ved Grønn Kontakt sin hurtigladar i Kongsberg vart eg først usikker. Den reagerte ikkje på ladebrikken min. Eg trykka den inntil fleire gonger, men ingenting skjedde. Så gjekk det opp for meg. Ladinga er jo gratis! Ooøøøøyy! Ein Leaf-eigar kom bort til den andre ladekabelen og klødde seg i hovudet. Eg gjorde han merksam på forholdet, og han blei minst like glad. Det kom ingen andre elbilistar til, så eg topplada til hundre prosent.



Sonen min åt ei fiskekake frå kjøleboksen og fekk ein is (!) i kiosken. Til dessert (!) kjøpte me ei korg med bringebær. Så leika me litt Spiderman og Venom igjen på plassen, medan me venta på at ladinga skulle bli ferdig. ("Blo blææ blo blææ blo blææ").


Ein (fossil)bilist kom bortom (midt i eit "blo blææ") og spurte litt om elbilen vår. Eg anbefalte han på det sterkaste å kjøpa ein elbil, som den elbilambassadør eg er. Ja, han hadde tenkt på å kjøpa ein slik hybrid, svarte han (det seier nestan alle fossilbilistar som lurer på å konvertera). -Ja, men den har veldig liten elektrisk rekkevidde. Det er berre å skifta heilt, med ein gong. Og elektrisk langtur er heller ingen problem, sa eg.
Planen var vidare å hurtiglada ved Sandvika. Men det hadde byrja å bli ettermiddag. Klokka var halv tre. Og eg ville helst unngå ettermiddagsrushet i Oslo (sjølv om me muligens kunne unngå den ved hjelp av kollektivfeltet). Til Fortum sin hurtigladar på Berger var det omlag ti mil frå Kongsberg. Det burde jo gå. Veret var varmt. Begge ville me heim. Og frå Berger var det i tilfelle strake vegen til heimen.
Me drog av stad med fullt batteri. Køyrde forbi Sandvika. Trafikken tetna til og vart meir aggressiv. På innsida sigla ein og annan elbil forbi i kollektivfeltet. Eg haldt meg i midten. Det viktigaste var ikkje å koma seg fortast mogleg fram, men å bruka minst mogleg straum. Farten framfor meg haldt seg i 60 og 70. Det var heilt greitt. Det som òg er kjekt, er at ein ved å køyra i midterste felt, slepp å skifta felt i det heile inn og ut av Oslo. Bilen sigla stødig i midten, medan resten av trafikken stressa rundt oss.
Me var snart framme. Dette skulle vera finalen. Paraderunden der me skulle koma i mål med fanfarar,  laurbærkrans, heder og ære. Ho mor skulle ta imot oss og seia at "jøss, så flinke de er, tenk å køyra elbil frå aust til vest og tilbake igjen" og eg skulle svara at "ja, det er ingen problem. Elbil er tingen å ha på langtur. Det er hermed bevist".....
Men rekkeviddemålaren var ikkje heilt enig. Den gjekk nedover. Og nedover. Rundt oss på alle kantar var det hurtigladarar og sakteladarar. Likevel gjekk bilen berre framover på e6, i midterste felt. Det er noko med at når det har blitt langt på dag og eg først har bestemt meg, så klarer eg ikkje å svinga av. Eg må berre visa at eg skal klara dette. Og navigasjons-appen seier jo at me skal til Berger. Igjen viste målaren kortare rekkevidde enn distansen. Ladeikonet hadde byrja å blinka for lenge sidan. Og nå var det alvor. Den siste streken blinka. Det var under ti kilometer rekkevidde. Åtte, sju... Det gjekk litt nedover i terrenget. Det hjalp litt. Men så gjekk det opp. Opp og opp. Fem kilometer, fire, tre, to... Og som den stuten eg var, så klarte eg ikkje å køyra så sakte, heller. Var berre heilt låst på å halda fram. Det var tre kilometer igjen til Berger. Men det var ingen batteristrekar igjen på skjermen. Og rekkeviddemålaren sa at eg hadde igjen ei rekkevidde på.....null! Eg hadde ingenting igjen. Og terrenget gjekk framleis oppover eit godt stykke. Og eg, idioten køyrde i 80-90....

I panikk svinga eg brått av mot Skedsmokorset. Eg kom meg inn til kjøpesenteret der. Det er to sakteladarar ein eller to kilometer unna derfrå. Eg kunne vel muligens koma meg fem kilometer framover i såkalla "skilpaddemodus" (nødkøyring på siste batterirest). Men ein gong før hadde eg erfart at ingen av dei to ladarane virka. Og eg våga nestan ikkje å rikka bilen. Sat som forsteina. Det var første gong eg hadde opplevd så liten rekkevidde. Ti mil klarte den altså ikkje. Det skuffa meg litt. Veret var jo varmt. Kanskje det skuldast at den var opplasta på langtur. At det hadde gått litt for fort mot slutten. Men nå var det godt å ha erfaring med nødløysingar. Ein vinter før hadde eg brukt den. På baksida av dette kjøpesenteret var det nemleg nokre motorvarmeboksar og parkeringsplassar reservert for Skeidar. Ein slik hadde eg fått lov til å bruka ein gong før, då nøden òg var stor. Eg køyrde forsiktig bak senteret. Fann ein boks. Ville ladinga starta når det var nestan tomt? Eg satte i ladaren.....Den velsigna "lade-vosj-lyden" kom. Bilen summa svolten og nøgd. Me sprang rundt og fekk spurt ein tilsett ved Skeidar om det var greitt. Det var heilt greitt, sa ho.

(Sett i ettertid, og dersom eg hadde lest meir nøye om andre sine "skilpaddeerfaringar" på elbilforum.no, så  kunne eg sannsynlegvis ha køyrt det siste stykket til Berger. Andre sine erfaringar viser at bilen som regel har fire kilometer til når den står på null, og i tillegg fem-seks kilometer i noko saktare "skilpaddemodus" innan den eventuelt er heilt tom.)

Men femåringen var slett ikkje nøgd. -Skal me lada nå igjen, spurte han. -Sjå, der er det ein leikebutikk, svarte eg. -Kan eg få ein slik, spurte han. Det var ein Spiderman-leike som kunne festast til armen og som kunne skyta ut eit nett. Den kosta 300 kroner. -Ja, det er heilt greitt, sa eg.
Me gjekk tilbake. Femåringen skaut omkring seg med Spiderman-leiken sin. Ladinga tok si tid, sidan batteriet nestan var tomt. Eg venta til det var tre strekar og omlag to mils rekkevidde.

Så fann me fram til Fortum-ladaren på Berger. Den hadde ei feilmelding og reagerte ikkje på noko trykking av knappar. Det stod ein sakteladar like ved sida som var ledig, men me var lite lysten på å stå der i fleire timar. Neste var ein ny Fortum-Kiwi hurtigladar, ein kilometer unna. Der stod ein Tesla som såg ut til å lada. Men det stod det ei feilmelding på ladeskjermen om at ladinga på Teslaen var avbroten. "Pokker, Fortum! Dette er for dårleg," tenkte eg. Siste moglegheit var endå ein Fortum-Kiwi-hurtigladar på Kløfta, åtte kilometer unna. Den hadde eg hatt ymse erfaringar med tidlegare. Den kunne slå seg av og måtte restartast fleire gonger sist eg brukte den. Då me kom fram, var det ingen andre elbilistar der. Eg kobla til, og det såg greitt ut. Nå først kjende eg kor varmt det var. Og me gjekk i stillongs og fjellantrekk. -Eg vil vera Spiderman som kan fly, sa femåringen. -Jada, sa eg, løfta han opp og "flaug" rundt omkring på parkeringsplassen, medan sveitten rann.
Ladinga gjekk bra utan avbrot. Det var trettifem kilometer heim. Eg trødde fartspedalen ned ut på motorvegen. For første gong på turen satte eg på aircondition. Susa av garde. Kjende den gode, kjølege lufta. Me svinga til slutt opp den velkjende grusvegen opp til huset. Klokka var blitt halv seks. Der sat ho mor og venta på trappa. -Jøss, så flinke de har vore, sa ho. -Tenk å køyra elektrisk heile den lange vegen. -Ja, dette var ingen problem, sa eg. -Elbil er tingen.

Ingen kommentarer: