Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg

fredag, august 09, 2024

Oslo by ein morgon i august


 Framleis i feriemodus kom eit ærend om å dra til Oslo, denne forunderlege by, ein tidleg morgon i august. Då ærendet var gjort unna, kom valet: Dra rett heim igjen, eller bli litt til i byen?

Eg tok bussen frå Sagene tilbake mot Jernbanetorget. Dei andre busspassasjerane var stille og såg alvorleg ned i mobiltelefonar eller lytta med glasaktige auge til noko i øyreproppane sine. Denne fjerne, reserverte og rolege stemninga som ein finn i bussar i Oslo. Den passa meg fint. Eg såg ut på skiftande bygningar og folk. Ein hage segla forbi. Det var sikkert ting å sjå i denne bydelen viss eg stoppa litt. Men kroppen blei inntil vidare sitjande i bussen.

Eg vandra langs Jernbanetorget, bort frå Oslo S. Gjekk innom ein kiosk og kjøpte ein kaffe, satte meg på ein benk i skuggen av nokre eiketre. Byrja å skrive på ein tekst. Det lukta katteskit eller noko under benken. Gamle murbygningar. Raude og gule. Det var framleis ganske tidleg på dagen, sånn feriemessig. Pulsen i byen var roleg og litt avventande. Det hadde kome eit litt kjøleg drag i lufta. Eit lite varsel om haust. Men bortanfor eiketrea byrja sola å steike mot asfalten. Skugge og kjøleg luft passa meg best. Nokre blå trikkar dunka dovent forbi. Ein flokk med ungdomar trilla koffertane sine bortover fortauet. Ei dame i gul refleksvest leia dei framover. Kvinner i ulike aldrar sykla forbi i flagrande kjolar. Brått stod det fire bein frå ein diger hest rett framfor benken min. Eg myste opp. Ei politikvinne oppå hesten kikka ned på meg. Ho ville sikkert sjekke litt kven eg var for ein. «Hei», sa eg. Ho smilte venleg og lot hesten skritte vidare på harde brusteinar. Ein mann satte seg ved benken min. «Hei», sa han. «Hei», svarte eg. Så sa me ikkje meir. Sat på kvar vår kant av benken. Han såg i telefonen. Det same gjorde eg, medan eg skreiv vidare på teksten min.

Eg kunne ha stoppa der. Men ei historie tar eigentleg aldri slutt. Og eg må vedgå at det var fleire lag i denne historia. For eg hadde òg kontakta eldstesonen. Eg tenkte fyrst at han var alt for travel denne tida. Men så sendte eg ei melding likevel. Ikkje så dumt. Han kunne avsetje ein halvtime til lunsj. Og eg kunne i mellomtida vente ved å sitje på ein benk, kikke på bylivet og skrive ein tekst. 

Endå ein mann, han var truleg kameraten til han ved sida av meg, kom bort til benken. Dei to helsa varmt og snakka fort og engasjert. Eg trur det var på arabisk. Det oppstod eit brått, kulturelt taktskifte. Sola varma meir. Gatene blei fylt med fleire menneske. Ein ambulanse hylte forbi. To brannbiler hylte den andre vegen. Sånn kvardagsleg hyling i ein relativt stor by, som hadde vakna for alvor. Dei to ved benken snakka energisk og venleg. Han ved sida reiste seg, lot kameraten få setje seg på benken og blei sjølv ståande. Av respekt satte han seg ikkje i midten, for nær meg. Av same type respekt reiste eg meg så dei to fekk ha benken i fred, sa «ha det bra» til dei og fekk eit «ha det bra» tilbake. Så lot eg beina byrje vandringa mot Deichman. Eg gjekk opp i tredje etasje og satte meg på ein mjuk stol med panoramautsikt mot hamna. Skreiv vidare på teksten. To andre menn sat i området, like i nærleiken av kvarandre. Utan at eg var heilt sikker, såg det ut som at han eine hadde ein muslimsk kufi på hovudet, og han andre ein jødisk kipa. Dei sat ein meter frå kvarandre. Han eine litt bak. Begge fredeleg opptatt med å lese i kvar si bok. Det ga meg eit lite håp. Kanskje det er det som skal til. Å sørge for gode nok rammer for fredeleg sameksistens. Som på Deichman.

Eg traff aldri eldstesonen den dagen. Han hadde oppgitt ei adresse til ein lunsjkafè, eg plotta den inn i Google Maps og byrja å gå. Men av ein eller annan grunn var ikkje Google Maps og eg samstemte akkurat då. Eg sveitta i veg, mellom trafikk og hektisk bystøy, sola steika, lunsjvarmt, langt forbi Grünerløkka, heilt feil veg, innan det berre var å avlyse avtalen med ein lett oppgitt eldsteson. Men det er eigentleg ei anna historie.


mandag, juli 03, 2023

Eit møte med Steve Hackett

Gråhåra gubbar ventar på konsert

Eg trur det var i 1977, då eg som trettenåring endeleg fann LP-plata "Spectral Mornings" av Steve Hackett. Det var på den tida me berre hadde èin tv-kanal. Den som stort sett kringkasta allsong for ekstra gamle pensjonistar og basketballresultat frå slitne gymsalar. Brått ein kveld fann denne tv-kanalen det for godt å vise ein konsert med Steve Hackett. Som eksploderte som ein oase i ei trøytt 70-tals stove. I eit hus på ei vestlandsøy med berre grusvegar. Eg tenkte at den plata måtte eg berre få tak i. Men ingen på øya hadde høyrt om verken Hackett eller Genesis. Ikkje var det noko plateforretning der heller, for den del. Familien måtte dra på bilferie ut i Europa for å klare det. I ei plateforretning i Edinburgh stod ho glødande og venta på at eg skulle plukke ho opp.
Det var nærare femti år seinare at eg litt tilfeldig oppdaga at same Hackett skulle ha konsert i Oslo. Nærare femti år seinare har dessutan kropp og hovud endra seg. Ting går ein del seinare. Det har blitt mindre spontanitet, kan me seie. Om eg skal koste på meg ein billett? Njaa, kanskje det er best å spare dei kronene. Truleg har eg det altfor travelt med andre ting på konsertdagen. Og så er eg så sliten for tida. Kanskje best å kvile. Hmjaaa.
-Det er ikkje kvar dag du får sjå og høyre Hackett, sa ein over snittet musikkinteressert bonusson. Han hadde allereie tinga billett.
Og det er enkelte gonger at vanvitet berre tar meg. At eg tar steget over dørstokken. Og tingar ein billett.

16. mai, utpå kvelden sat eg på toget inn til byen. Eg kjende meg sliten. Hadde jobba mykje den dagen. Var dette så lurt, tenkte eg, medan eg såg ut på gamle bygningar inn mot Oslo. Lengta etter sofaen heime og ikkje eit heseblesande Oslo.

Byen var kveldsvarm. Eg gjekk med ein tung sekk med diverse klede, rusta for eventuelt uvær til returen. Sånn for å vera heilt sikker.
Ved konsertlokalet hadde eg alliert meg med både eldsteson og bonusson. For å vera i trygge hender.
Eg tinga øl til oss alle, då me gjekk inn lokalet.
Så braka det laus frå ein endå eldre (han må vel ha passert 70?), men uforskamma, svart og langhåra Hackett.
Han framførte eit sett med eigne låtar, som «Every Day» frå akkurat den plata som eg kjøpte i Edinburgh den gongen. Det kom ein pause og tid til meir øl. Eg kjende at formen var stigande. Ikkje så dumt dette, nei. Det andre settet var for det meste frå Genesis og Foxtrot. Gitaren til Hackett klang framleis som eit stort, himmelsk symfoniorkester.

Eg såg rundt meg. Innimellom enkelte unge, nyfikne andlet var det tydeleg kven som var publikum. Det var befriande å sjå ei mengd med gråhåra gubbar som hadde den same opplevinga, og dei same minnene frå då dei var trettenåringar.
Me stod der forente, alle saman, og song med på «Suppers Ready» («A flower?»).

torsdag, juli 05, 2018

Soga bak ein elbilpressekonferanse - med far og son (8)

Glis frå Byton utstilt i Oslo

Å vere ein elbilbloggar ved sida av full jobb kan vere utfordrande. Men stimulerande når ein får invitasjonar til store pressekonferansar, som då den kinesiske elbilen Byton blei presentert i Oslo. Og ekstra fint at det skjedde i starten av sommarferien då tida med eitt var romslegare.
Så var det andre utfordringar. Kona var ute på reise. Så sonen på åtte måtte bli med. Ein konferanse der eg måtte handtere direktesending med mobiltelefon frå eine handa. Fotografering av elbil med andre. Og passe på åtteåringen med tredje.
Men det var berre å prøve å dra avstad ein solfylt fredags føremiddag.

Klar for avreise med vårt eige, elektriske glis.

Fyrst med eigen elbil til togstasjonen. Så toget til Oslo. Sonen synes det alltid er like spanande å kikke ut togvindauget medan verda rasar forbi.


Ein liten spasertur frå Nasjonalteateret og ned til Aker Brygge. Turistar rundt oss i alle variantar. Dunkande musikk frå glade Pride-deltakarar. Ei romkvinne ville selgja blad til oss. Åtteåringen stoppa og ville overtale meg til å kjøpe. Han har alltid omsorg for dei som treng det. -Nei, me har ikkje tid, svarte eg. -Eg synes det er synd at det er slik, sa han. Ut langs Aker Brygge. Romkvinner blei bytta ut med lyseblå Lacoste-skjorter. Eller noko slikt. Som nippa bedageleg til kvitvin langs bryggekanten. Så. Der stod elbilen Byton og smilte brei og sjølvtilfreds. Me fekk ordna akkrediteringsmerke til oss begge. Åtteåringen og eg var offisielt journalistar på oppdrag. Eg knipsa i veg. Åtteåringen fekk prøva seg med litt direktesending med mobiltelefonen. Han fekk dessutan lov til å sitja litt i bilen, og ropte begeistra ut mot den enormt svære skjermen inni bilen.



-Sjå, ropte han. -Der er Teslabjørn! -Kan eg få snakke med han?
Som son til ein elbilfrelst, er joYoutube-stjerna Teslabjørn ein helt for denne åtteåringen. Me gjekk bort og helsa på ein lett stressa Bjørn. -Du har jo ein Model X, sa åtteåringen. -Ja, det stemmer, sa Bjørn. -Det er urettferdig at du har det og ikkje me, sa åtteåringen. -Jaja, sa eg.
Så byrja pressekonferansen. Den store styrkeprøven for sonen. Rommet var fullstappa med norske og utanlandske journalistar. Ein direktør prata i veg på engelsk. Eg prøvde å halde telefonen så roleg som mogleg under direktefilminga. Direktøren prata. Journalistar spurte. Eg smatt inn med eit par spørsmål. Direktøren prata endå meir. Det gjekk ti minutt. Det gjekk femten. Det gjekk tjue. Sonen byrja å puste tungt bak meg. -Dette er kjedeleg, kviskra han. Eg nikka lett og filma vidare. Det gjekk tjuefem minutt. Ein liten peikefinger prikka lett på ryggen min. Det gjekk tretti minutt. Så var konferansen ferdig. -Dette var ikkje morosamt, sa den vesle. -Kan me gå nå? -Nei, me må vera litt til, sa eg. For det var ein ny konferanse. Kelnarar gjekk rundt og serverte små rettar. Men sonen har nøtteallergi, visste ikkje kva dei serverte og takka høfleg nei til smilande servitørar. Eg prøvde å snakke med nokre Byton-typar, men måtte samstundes halde eit auge med junior.
Så var pressekonferanse to i gong. Eg filma igjen. Fleire prata. Nye spørsmål.
Så skjedde det som måtte skje. -Pappa, kviskra han. -Pappa, eg må på do. Ein liten svak augneblink tenkte eg at han kunne finne fram sjølv, eller få hjelp av nokre servitørar. For ikkje kunne eg ta direktefilminga med meg på do. Men så tok eg meg saman, avbraut direktesendinga og byrja å leite saman med han. Smilande servitørar viste vegen. Han fekk gjort sitt. Tilbake til konferansen. Og i gong med direktesending igjen.

Det tok ein slutt. Tredje runde med konferanse takka eg nei til. Ein smilande pressekontakt helsa og spurte åtteåringen om det hadde vore kjekt. -Ja, kjempefint, svarte han. -Eg likte den skjermen.
Me gjekk tilbake langs solfylte Aker Brygge. Lyseblå Lacoste nippa framleis til kvitvin. -Har du lyst til å ete her ved sjøen, spurte eg. -Nei, eg vil på McDonalds, svarte han. Så gjekk me til McDonalds. Det var klar for beløninga hans. Happy Meal til han. Lukkeleg over at konferansen var ferdig og at resten av tida var hans. Eg heiv fram datamaskinen og publiserte litt bilete frå arrangementet.


Inn på ein datavareforretning der han fekk prøvd seg på litt spel med Xbox.


Inn på ein leikeforretning der han plukka ut ein liten miniatyr bmx-sykkel. Me gjekk forbi innhengninga til Pride på Karl Johan. Åtteåringen dansa til rytmene. Ein svær bamse hang over ei gate. -Ta bilete, sa åtteåringen. Så eg tok eit bilete.
Så var det toget heim. Så til elbilen som stod og venta. Og til huset ved skogen som òg stod og venta i dirrande kveldsvarme. -Takk for turen, sa eg. -Takk i like måte, svarte han.


Meir om elbil i Lektrisk.