fredag, august 09, 2024

Oslo by ein morgon i august


 Framleis i feriemodus kom eit ærend om å dra til Oslo, denne forunderlege by, ein tidleg morgon i august. Då ærendet var gjort unna, kom valet: Dra rett heim igjen, eller bli litt til i byen?

Eg tok bussen frå Sagene tilbake mot Jernbanetorget. Dei andre busspassasjerane var stille og såg alvorleg ned i mobiltelefonar eller lytta med glasaktige auge til noko i øyreproppane sine. Denne fjerne, reserverte og rolege stemninga som ein finn i bussar i Oslo. Den passa meg fint. Eg såg ut på skiftande bygningar og folk. Ein hage segla forbi. Det var sikkert ting å sjå i denne bydelen viss eg stoppa litt. Men kroppen blei inntil vidare sitjande i bussen.

Eg vandra langs Jernbanetorget, bort frå Oslo S. Gjekk innom ein kiosk og kjøpte ein kaffe, satte meg på ein benk i skuggen av nokre eiketre. Byrja å skrive på ein tekst. Det lukta katteskit eller noko under benken. Gamle murbygningar. Raude og gule. Det var framleis ganske tidleg på dagen, sånn feriemessig. Pulsen i byen var roleg og litt avventande. Det hadde kome eit litt kjøleg drag i lufta. Eit lite varsel om haust. Men bortanfor eiketrea byrja sola å steike mot asfalten. Skugge og kjøleg luft passa meg best. Nokre blå trikkar dunka dovent forbi. Ein flokk med ungdomar trilla koffertane sine bortover fortauet. Ei dame i gul refleksvest leia dei framover. Kvinner i ulike aldrar sykla forbi i flagrande kjolar. Brått stod det fire bein frå ein diger hest rett framfor benken min. Eg myste opp. Ei politikvinne oppå hesten kikka ned på meg. Ho ville sikkert sjekke litt kven eg var for ein. «Hei», sa eg. Ho smilte venleg og lot hesten skritte vidare på harde brusteinar. Ein mann satte seg ved benken min. «Hei», sa han. «Hei», svarte eg. Så sa me ikkje meir. Sat på kvar vår kant av benken. Han såg i telefonen. Det same gjorde eg, medan eg skreiv vidare på teksten min.

Eg kunne ha stoppa der. Men ei historie tar eigentleg aldri slutt. Og eg må vedgå at det var fleire lag i denne historia. For eg hadde òg kontakta eldstesonen. Eg tenkte fyrst at han var alt for travel denne tida. Men så sendte eg ei melding likevel. Ikkje så dumt. Han kunne avsetje ein halvtime til lunsj. Og eg kunne i mellomtida vente ved å sitje på ein benk, kikke på bylivet og skrive ein tekst. 

Endå ein mann, han var truleg kameraten til han ved sida av meg, kom bort til benken. Dei to helsa varmt og snakka fort og engasjert. Eg trur det var på arabisk. Det oppstod eit brått, kulturelt taktskifte. Sola varma meir. Gatene blei fylt med fleire menneske. Ein ambulanse hylte forbi. To brannbiler hylte den andre vegen. Sånn kvardagsleg hyling i ein relativt stor by, som hadde vakna for alvor. Dei to ved benken snakka energisk og venleg. Han ved sida reiste seg, lot kameraten få setje seg på benken og blei sjølv ståande. Av respekt satte han seg ikkje i midten, for nær meg. Av same type respekt reiste eg meg så dei to fekk ha benken i fred, sa «ha det bra» til dei og fekk eit «ha det bra» tilbake. Så lot eg beina byrje vandringa mot Deichman. Eg gjekk opp i tredje etasje og satte meg på ein mjuk stol med panoramautsikt mot hamna. Skreiv vidare på teksten. To andre menn sat i området, like i nærleiken av kvarandre. Utan at eg var heilt sikker, såg det ut som at han eine hadde ein muslimsk kufi på hovudet, og han andre ein jødisk kipa. Dei sat ein meter frå kvarandre. Han eine litt bak. Begge fredeleg opptatt med å lese i kvar si bok. Det ga meg eit lite håp. Kanskje det er det som skal til. Å sørge for gode nok rammer for fredeleg sameksistens. Som på Deichman.

Eg traff aldri eldstesonen den dagen. Han hadde oppgitt ei adresse til ein lunsjkafè, eg plotta den inn i Google Maps og byrja å gå. Men av ein eller annan grunn var ikkje Google Maps og eg samstemte akkurat då. Eg sveitta i veg, mellom trafikk og hektisk bystøy, sola steika, lunsjvarmt, langt forbi Grünerløkka, heilt feil veg, innan det berre var å avlyse avtalen med ein lett oppgitt eldsteson. Men det er eigentleg ei anna historie.


1 kommentar:

Anonym sa...

Så kjekt å lese. Du skriver så flott nynorsk!👍😀