mandag, august 12, 2024

Eksistensielle problem på hytta


 Det gjekk mot slutten av ferien. Hadde endeleg kome meg til hytta, den som ligg inst i den inste Trautskogen. Ei lita, gammal tømmerhytte med det mest nødvendige. Det har alltid undra meg korleis opplafting av nokre tømmerstokkar skal bety så mykje, mellom ute og inne, kulde og varme, vått og tørt. Og korleis ho likevel lokkar deg ut til det som er ute.

Eg vakna om morgonen til lyden av nokre sauebjeller i det fjerne og vind i trekronene. Ingen annan, menneskeskapt lyd kunne høyrast. I Trautskogen er det naturleg nok mykje skog på alle kantar. Folk er det ikkje så mange av, men det finst teikn etter dei. Eit og anna vekkgøymd småbruk. Litt hytter. Ein grusveg. Sauer og nokre kviger beitar fritt om sommaren. Elles er det fint lite som minner om sivilisasjon. Det er mogleg det er ei romantisk førestelling, men det kjennest godt å ikkje høyre folk, sånn av og til.

Sola varma slik ho kan gjere i Trautskogen i august. Eg la meg på benken ute på verandaen. La meg til under skuggen av ei stor furu. Eg likar meg i skuggen. Eg låg på benken og såg opp. Denne furua hadde fått vekse fritt utan for mykje trengsel. Dermed greidde ho å halde på dei fleste greinene. Og ga god skugge.


Hm. Det var kanskje litt kjøleg. Og litt hardt. Eg gjekk inn og fann eit saueskinn, eit teppe og ei pute. Eg høyrde sauebjeller i det fjerne og la meg på saueskinnet. Det kom truleg frå nokre artsfrender i New Zealand. Og hadde til slutt funne vegen heilt til Trautskogen.
Eg låg på saueskinnet, høyrde sauebjeller, såg opp på furua og drakk litt kaffe.
Den kaffen var blitt kald. Eg reiste meg opp, kasta skvetten borti ein busk og skjenka i ny. La meg tilbake, høyrde, såg, drakk kaffe.
Jordkloden snurra som vanleg rundt. Slik at sola etter ei tid skein rett på meg, utan at furua ga skugge. Det blei veldig varmt. Eg tok vekk teppet. Nei, framleis for varmt. Eg reiste meg opp og flytta benken. La meg ned igjen. Men jordkloden haldt berre fram med å snurre. Og snart var det like mykje sol igjen. Eg reiste meg på nytt og flytta puta og meg sjølv over på andre sida av benken, slik at eg nå såg opp i ei bjørk. Fin den òg. Sola varma beina, medan overkroppen låg kjøleg og nøgd i skuggen. Frå furua.
Men jordkloden snurra vidare. Og så var sola der igjen. Og denne gongen var det ikkje meir skugge å oppdrive på verandaen.


Ja, slik haldt eg nå på med mine eksistensielle hytteproblem. Det var ein av mine siste feriedagar. Kanskje det er på tide å jobbe igjen.

Lyst til å lese meir? Les gjerne òg:
Om køyretyet som blei brukt på denne turen,
Ein eldre reisetekst om hytta,
endå ein eldre reisetekst, ein sykkeltur langs same leia...

Ingen kommentarer: