mandag, august 05, 2024

Plassen ved havet


 På ein tur i vest er det så mykje ein gjerne skulle hatt tid til, så mange stader ein gjerne skulle dratt innom. Som regel rekk ein berre litt av noko, innan plikter kallar ein tilbake mot aust. Før den årlege vestlandsturen tenkjer eg gjerne at eigentleg er det meir enn nok å gjere i aust. Når eg så har kome i vest, skulle eg gjerne gjort meir der.

Fjortenåringen var som alltid med. Han hadde i alle fall sine ynskje, og fungerer som ein god rettleiar når mitt fokus svirrar her og der. Blant anna ynskte han å ta ein tur til Utsira. Denne vesle øya som ligg langt uti havet. Ei øy der veret kan skifte brått mellom storm og stille, kald tåke og varm sol. Øya med slekt på alle kantar. Ei barndomsøy der me vitja ei bestemor og andre slekter kvar sommar for mange, mange år sidan. No er bestemora borte. Ting har endra seg og mine vitjingar har vore sjeldne. Men eit par dagar denne sommaren skulle me klare.

Fjortenåringen frå det indre austland blei litt svimmel under den timelange båtturen ut i frisk havbris. Men han la seg ned på benken og stod han fint av. Det såg ut til at me var heldige med veret. Øya bada i sol. Bilen køyrde på land, opp langs ein smal veg som neppe var tiltenkt biltrafikk då den blei bygd. Inn langs eit steingjerde og fram til eit gammalt, kvitt hus med gamle minne. Dei fleste husa på Utsira er kvite og av gammal årgang. Dei er som regel bygd litt nede i terrenget, i le bak eit berg, verna mot kraftige vindar. Lukta av lyng og hav slo mot oss då me opna bildøra. Nakne bergrabbar låg omkring der dei alltid har lege. Nokre sauer breka i det fjerne.

Eit viktig ynskje frå den unge sonen var å få fiske. Han hadde ennå ikkje opplevd gleda ved å kjenne det nappe i ei fiskestong. Me gjekk utover gamle, smale og attgrodde stiar mellom bergknausar, sauemøkk og myr. Kom fram til eit barndoms berg ved sjøen. Sola glitra i vatnet. Havdønningane slo roleg, men ujamnt mot berget. -Ver forsiktig. Her er det sterk straum, sa eg til austlandsguten. Me stod i berre shorts og kasta uti slukane. Åh, det var lenge sidan. Sola og varmen tilsa at det ikkje skulle bli noko særleg med fisk. Men dønningane lova noko anna. Med eitt rykka det til hos sonen. Han ropte ut, sveiva inn. I enden hang ein fin lyr. Han jubla då fisken var trygt på land. 

Etter tre lyrar og litt solbrente skuldre, vandra me tilbake. Bade var det neste ynskjet hans. Me kom ned til ei lita vik. Sjøen var rolegare der. Men åtvaringar frå barndomen tilsa at me skulle vere forsiktige. Det opne havet stod rett inn. Og havet skal ein passe seg for, sa dei vaksne før i tida. Dessutan kunne det vere kaldt så langt ute. Me såg ut. Vatnet var klart som glas. Det er ikkje lenger sjølvsagt desse dagar. Ein tett tareskog duva i dønningane. Me prøvde oss forsiktig ned til vasskanten. Ei stor kløft i berget gjorde det mogleg å kome ut i vatnet. Det var djupt utpå der. Tareskogen måtte stå fleire meter, trudde me. Mørkt og spanande. Noko ukjent der nede. Nestan skummelt. Me skauv kroppane uti. Nei, ikkje så kaldt. Friskt. Sjøen kjendest rein og salt. Me fornemma at vatnet var… ja, levande. Dønningane leika svakt rundt oss. Taren kila under beina. Me kom oss opp på berget igjen. Lot sola tørke kroppane. Kjende eit litt kjøleg drag. Me pusta ut. Det var som å bli fødd på ny. Eller, som ein ekstatisk vaksendåp. Utan at eg har noko erfaring med det. Men noko slikt. Dette var sjølve Plassen. Plassen vår. Oasen vår. Ein stad som stod i ein perfekt harmoni med oss. Dette eine punktet i universet som var eitt med oss. Sjølve Nirvana.

Ja. Det var nå berre ei lita ferieoppleving denne sommaren.



Ingen kommentarer: