lørdag, september 03, 2016

Far og son på nytt elbiloppdrag - med sykkel


Untitled



Så var me på veg igjen, på eit nytt oppdrag med vår "Family-business"; Denne gong ei tilstelning arrangert av blant andre elbilprodusenten Tesla, som skulle opna verdas største superladestasjon på Nebbenes. Dette måtte sjølvsagt dekkast i nyhendebloggen Lektrisk. Men korleis få det til, ein travel kvardag?
Jobben min (den eg får inntekt av) var ferdig på ettermiddagen. Det einaste transportmiddelet mitt var ein sykkel. Kona måtte ha elbilen til henting av born, køyring til kulturskule og diverse. Dermed låg det an til eit oppdrag på skikkeleg lågbudsjett. Eg lasta sekken med kamera og mac og sykla i veg frå Eidsvoll.
Sykkelen rulla langs susande kornåkrar medan sola skein. Trilla nedover ein humpete, skogkledd og stille dal. Eg tenkte undervegs at det er jo utruleg mykje meir ein får opplevd når ein syklar til eit slikt oppdrag, enn om ein køyrer bil.
Eg måtte ha hjelp igjen. Det er ein fordel å vera fleire når ein prøver å ta bilete, snakka med folk og samstundes gjerne vil filma alt direkte frå mobiltelefonen. Eldstesonen som bur i Oslo sa ja til å hjelpa. Han kom med tog til Eidsvoll Verk og hadde med sykkel han òg. 

Ved landevegen møtte eg han. Og me trødde i veg.
Etter ei mil var me framme ved Nebbenes og gjorde oss klare til ståket. 
Ei mil på sykkel i solsteiken fører jo til litt svetting. Og eg hadde ikkje med meg noko skift. Hadde ikkje tenkt så langt. Eg satsa på at ingen merka noko til perspirasjonen og preika i veg med den eine og andre. Sonen filma direkte med mobilkameraet mitt. I ein og ein halv time haldt han tolmodig på. Me kikka innimellom på mobilskjermen. Hadde me nokon direkte sjåarar? Ja, opptil seks stykke var det. Bra det.

Utpå kvelden avslutta me og vende heimover. Sola hadde gått ned, men temperaturen var framleis fin. Sonen ville bli med og overnatta hos oss. Han er ein spreking og skauv den gamle knarken av ein far framover når han syntes det gjekk for sakte. To mil på sykkel kjendest uansett i beina då me var framme. Og meir miljøvennleg enn dette kunne det ikkje bli; Å dekka eit elbilarrangement ved hjelp av to syklar.


onsdag, august 03, 2016

Bamse, son (6) og far på fire mils sykkeltur i austlandske skogar - og forsøk på direktekringkasting



Vatn og sjokoladepause. Og ein ekstra klem til tolmodige Bamse.


Oppdatert: 

5.8.: Slik gjekk turen.
8.8.: Fleire bilete og videoar.

Det var ein ide eg hadde hatt lenge; å kunna sykla omlag fire mil gjennom skogen, frå huset i Frilset sør for Eidsvoll til hytta i Trautskogen i Nord Odal. Og det saman med sonen på seks år og Bamse. Eg har sykla denne ruta åleine fleire gonger. Og det burde kunna gå med sonen òg, med ekstra tid og overnatting i telt på vegen. Han brukar ein "påhengssykkel" som er festa bakpå min sykkel. Og i tillegg har me ei gammal barnesykkelvogn der me kunne få plass til bagasje.
Det siste transportmiddelet var litt gammalt og slitent. Eine dekket var punktert og full i hol. Eg lappa etter beste evne, men framleis lakk det litt. Siste dagen før avreise kjøpte eg ein ny slange.
Me hadde ein liten prøvetur dagen før. Og eg merka at det var veldig tungt med alle doningane i oppoverbakkane. Endå tyngre skulle det bli med all bagasjen på plass. Girwiren til framgiret på sykkelen var gåent. Vanlegvis brukte eg ikkje det giret, men nå kunne det bli nødvendig. Så det vart innkjøp av ny wire òg.
Me hadde pakka og førebudd oss i lang tid. Sonen var utolmodig. Så eg tenkte eg kunne fiksa slange og girwire på vegen, viss eg fann det nødvendig.

Ein annan ting eg hadde veldig lyst til, var å kringkasta dette direkte til eit enormt stort publikum her i Reisetankar. både med bilete via Bambuser og kartposisjon i Glympse. Så eg leita etter ei festeanordning til sykkelhjelm og mobiltelefon. Men det var ikkje lett å finna. Det beste eg fann, var ei lommegreie for telefonen til å ha rundt kroppen. Denne festa og teipa eg rundt hjelmen...og akkurat det gjekk til helsike. Dei fleste direktevideoane viste nokre rotete greier der eg fikla og streva med å leggja telefonen inn i lomma. I tillegg vart det ein femti minuttars video som viste grøftekantane langs riksvegen.

Så var det tryggleiken. Kona var på tur i England. så ho kunne ikkje hjelpa oss viss det vart naud. Så dermed kontakta eg nokre vener om å vera "tryggleikskontaktar" og halda eit auge med oss via all direktekringkastinga på reisebloggen. Det var ikkje eigentleg den store risikoen. Ruta er godt trafikkert med syklistar og fotgjengarar. Og på fleire av skogsvegane kan ein køyra fram med bil. Det er meir kjensla av å gå inn i det ukjente, ut av tryggleikssona vår, men framleis vita at nokon følgjer med.

Alt klart til tur.

Så var me endeleg klare for tur. Bamse, sonen og eg. Ein siste sjekk ved busskuret på Frilset, og så ut på vegen.
-Juhuuu, ropte seksåringen der bak. Han trødde ivrig i veg på påhengssykkelen sin. Det var lova overskya på dagen og regn på ettermiddagen. Men sola skein.
Dei første oppoverbakkane merka eg at det vart tungt. Eg pusta og peste. -Du må hjelpa og trø, ropte eg til han bak. -Jada, sa han, og trødde litt. Men i dei brattaste bakkane ved Styri (det var merkeleg kor bratt desse bakkane hadde blitt) fann eg ut at det berre var å hoppa av og trilla. -Du må gå litt, sa eg til seksåringen. -Elles blir det for tungt. Han hoppa motvillig av og spaserte på sida. Det var uansett temmeleg tungt å trilla alt saman oppover òg. Men det gjekk.
Etter omlag femten kilometer, eit stykke langs Østsidavegen mot Minnesund tok me ein pause i ei busslomme. Me åt nokre bananer, kvikklunsj og drakk litt vatn. Det er utruleg kor godt slikt er på ein sykkeltur.

Første pause.

Så vidare. Endeleg tok me inn på den mest spanande del av turen; inn på skogsvegen. Ein god del av denne ruta er del av Rondanestien og Pilgrimsstien mot Trondheim. Det knitra i hjula på grusvegen. Fuglane sang. Ein liten bekk klukka på sida. Bamse sat i sekken min og kikka bak på seksåringen. Bamse var nok den mest stille og tolmodige av oss alle. Ny pause, plukka bringebær, eta sjokolade, drikka vatn og kjøla beina nedi bekken.
Eg såg opp. Det skya til. -Eg trur me må dra vidare før det regnar. -Skal me bada, spurte seksåringen. -Ja, kanskje det, svarte eg. Me skulle til Nord Fløyta, eit fint skogsvatn der det er lagt til rette med badestrand, bord og benker. Me sleit oss oppover dei siste bakkane. Så flata det litt meir ut. Juhuuu, ropte seksåringen kvar gong det gjekk litt nedover. -Nå syklar me downhill!

Nord Fløyta.

Framme ved Nord Fløyta vassa me litt uti vatnet. Det var ikkje lov å setje opp telt inne på plassen, så me fann ein stad litt utanfor i eit skogholt. Sidan det var meldt masse regn ville eg ha med ein større tarp til å ha over det gamle tunnellteltet. Men eg hadde pakka feil. Den store tarpen var ikkje med, berre ein liten og to friluftshengekøyer som me ikkje trengte. Eg danderte så godt eg kunne.

Ein tarp må til som ekstra tak når det regnar som verst. Denne var eigentleg litt for liten, og blei supplert med ei friluftshengekøye.

Kveldsmaten tok me nede i fjæresteinane. Stekte pølser frå stormkjøkkenet og gummibjørnar til dessert. Eg kokte meg litt kaffe. Togg litt på kaffegruten, slik ein gjer ute i villmarka. Det kima i nokre bjeller, og nysgjerrige sauer kikka på oss. Seksåringen syntes dei såg skumle ut.

Kveldsmat i fjæresteinane.

Seksåringen hadde sitt eige kamera og knipsa i veg. Tok ei rekke nærbilete av ræva mi medan eg ordna telt og kveldsmat, og fleire nærbilete av mitt slitne, gamle froskeandlet. Han lo høgt då han såg på bileta. -Du ser gammal og rar ut, sa han. Han sprang omkring. Fann endå fleire av sine eigne, kreative vinklingar i forhold til mine keisame vaksenbilete.





Alle foto: Seksåringen

Det mørkna. På tide å leggja oss til i teltet. Seksåringen fekk lov å liggje i soveposen med ipad. Eg fekk lov å kikka i telefonen. Berre at det var ikkje så mykje å sjå. På denne staden var det ikkje noko mobilnett og ikkje noko mobildekning i det heile tatt. Me fekk ikkje sendt nokon beroligande meldingar til kone og tryggleikskontaktar. Det er rart med det; kor avhengige me har gjort oss av mobilnett og kontakt. Og kor utrygt det kan kjennast å vera utan. Me låg heilt isolerte og åleine i denne verda. Vel, ikkje heilt åleine. Nokre tyske ungdommar hadde installert seg litt bortanfor. Og sauene vandra omkring. Det sang i bjellene deira. -Uff, sa seksåringen. Eg fortalte ei lita historie om dei snille sauene. -Ja, nå er det betre, sa seksåringen. Dei tyske ungdommane hylte i yr ungdomsglede der borte. I klangen frå skogen kunne det høyrast ut som om det var skogshuldra som hylte. -Åh, kva var det, sa seksåringen. -Berre dei tyske turistane, sa eg, og håpte at eg hadde rett.
Utpå natta høyrde eg dei første regndropane. Så kom det meir. Og endå meir. Eg satsa på at tarpen over teltet gjorde jobben sin. Madrassane hadde for lite luft. Og skogbotnen under oss var i overkant skeiv. Ryggen min verka. Og eg høyrde på regnet.
Men tarpen gjorde jobben. Teltet var meir eller mindre tørt på morgonen. Me låg i teltet og høyrde endå meir på regnet. Bamse låg tolmodig på ryggen og såg opp i taket. Me ordna oss litt frukost. Brødskive med makrell i tomat.

Bamse låg tolmodig og venta på at noko skulle skje. Foto: Seksåringen

Veret letta. Me gjorde oss klare til å dra vidare. Seksåringen ville ned og vassa i vatnet litt. Eg såg bort på utstyret. Det eine hjulet på sykkelvogna var heilt flatt. Eg pumpa i luft. Og lufta berre seig ut igjen. På tide å ta fram den nye slangen og skifta...pokker. Eg hadde gløymt å pakka den slangen og girwiren. Det låg igjen heime. Fram med lappesaker. Ikkje søren om eg fekk den slangen tett. Ny lapp. Og endå ein ny. Slangen var morken og hadde fullt med lappar frå før. Seksåringen kom tilbake frå vatnet der han hadde vassa. Han gret. -Me må be om hjelp. Nokon må køyre oss! -Nei då, sa eg stolt. -Dette går bra. -Eg frys, sa han. Eg såg bort på han. -Men du er jo dyvåt! Eg fann fram nye klede til han. Tok på han litt ekstra. Over oss trua det med å koma meir regn. Tilbake til sykkelslangen. Eg tok den med ned til vatnet for å sjekka om det framleis var lekkasje. Nei, nå såg det jammen tett ut.

Kanskje på tide å skifta denne slangen.

Fort alt på plass. Og av garde. -Juhuu, ropte seksåringen då det gjekk litt nedover.
Oppe på ein høgde stod ein trestatue av eit lite troll. Eg håpte i alle fall at det var ein trestatue. Seksåringen krevde at me stoppa så han fekk tatt eit bilete.

Eit tretroll må knipsast...

...og slik blei resultatet.

Eg hadde bestemt meg for å endre kursen. I staden for å ta ein lang, lang oppoverbakke i retning Ottsjøen, drog me rett fram mot Lysjøen og så vidare mot fylkesvegen som kom opp frå e6 mot Trautskogen. Då kunne me sykla heile vegen på skogs og bilvegar, og unngå smale stiar med den store sykkelvogna.
Me sleit oss opp ein bakke og kunne endeleg få kontakt med verda. Det tikka inn med meldingar frå dei som lurte på korleis det gjekk. Ein kamerat hadde til og med tatt ein tur med bilen for å sjå etter oss. Men han var ved Ottsjøen slik eg hadde meldt tidlegare, og etter kvart var me begge utan mobilnett igjen, og ute av stand til å finna kvarandre. Eg sjekka hjulet på sykkelvogna. Ein del luft hadde gått ut igjen. Eg pumpa i og håpte på det beste. Dessutan hadde eg mista ein pose med klede til seksåringen. Men regneklede og anna viktig var på plass. Eg sikra bagasjen betre.
Me passerte eit idyllisk hytteområde, ei seter og Lysjøen. Og fann eit skilt om at vegen vidare var stengt. -Det gjeld sikkert berre for bilar, sa eg og fortsatte. Så trilla og sleit me oss oppover igjen. -Du må gå av.  -Eg er sliten, sa han. -Me burde ikkje dratt på denne turen med sykkel. Oppe på toppen var vegen stengt av eit lass med steinar. Eg sleit sykkelvogna forbi. Nede i dalen kunne me høyra anleggsarbeid. Seksåringen fekk nærast panikk og trudde at me ville hamne i fengsel fordi me ikkje hadde lov til å vera der. Me trilla nedover medan den slitne seksåringen gret. Jo. Anleggsmaskinar dreiv og utbetra vegen. Sikkert til eit hyttefelt. Me måtte ut på ein gjørmete anleggsveg. -Å, nei!! Gjørme, ropte seksåringen og gret endå høgare. Det var dråpen. Men heldigvis hadde han støvlar på. Ein anleggsmaskin stoppa arbeidet då me passerte. Men anleggsarbeidaren vinka venleg til oss.
Så var me nede ved fylkesvegen, ein trafikkert grusveg som leia oss dei siste kilometrane til hytta. Seksåringen klaga ved kvar einaste vesle oppoverbakke. Eg likte det heller ikkje, kjende blodsmak i munnen og var redd for at låra mine skulle knekka kva tid som helst.
Så kom me til den siste nedoverbakken til hytta. Me susa nedover. -Åiåiåi, juhuuuu, ropte seksåringen. -Dette er skikkeleg downhill!
Den siste bakken opp til hytta lot eg sykkel vera sykkel og sykkelvogn vera sykkelvogn. Eg orka ikkje trilla noko av det ein meter til. Me spaserte opp til den velsigna hytta som venta på oss. Sola skein opp. Me låste opp døra og snusa inn den luksusen som ei hytte kan gi etter ein slik tur.
Eg såg på seksåringen. -Du har vore flink, sa eg. -Tenk så mykje som du har gått og sykla. Det er ikkje mange seksåringar som klarer det. -Nei, sa han og sprang lukkeleg omkring og leika på den velkjende hytteverandaen.
Til slutt tok eg fram mobiltelefonen til litt avsluttande direktefilming. Berre så det i alle fall skulle bli litt vellukka direktekringkasting av turen.

Dagen etter tok me ein tur frå hytta til nærbutikken. Det blei ein ganske lang tur det òg, og temmeleg tungt i bakkane tilbake mot hytta. Men guten der bak småsang og trødde heile vegen. Me var blitt meir samstemte, som èin maskin på eit vis. Det kjendest godt.

(Og eit par dagar seinare, etter ein liten biltur på deler av ruta fann eg til og med igjen posen med barneklede. Takk til dei som hengte den opp på eit vegskilt.)

Ruta blei omlag slik: 
-Frilset - RV177, Nesvegen - Styri,
-vidare langs RV177, Østsidavegen mot Minnesund,
-så tok me av ved Habberstadvangvegen,
-så til skogs oppover til Nord Fløyta og overnatting,
-i staden for å dra mot Ottsjøen, tok me til Lysjøen,
-vidare til FV 228 som går opp frå E6, mot Trautskogen
-Og til hytta i Trautskogen.


For dei som har ei særskilt interesse for grøftekantane langs RV 177, kan de her sjå ein 50 minuttars video av emnet.


På ein høgde, dagen etter overnatting fekk me endeleg mobilkontakt igjen og kunne kringkasta litt.

Den aller siste direktevideoen frå endemålet, hytta er litt meir presentabel.

Glympse har forhåpentlegvis gitt litt direkteinformasjon om kor me var, undervegs på turen.

Google er ikkje heilt oppdatert på karta sine, og ikkje klar over at det er skogsveg heilt fram. Men turen gjekk i alle fall denne vegen.

...og fortsatte her.


lørdag, juli 23, 2016

Vestover


Så bar det vestover igjen. Den årlege sommarturen til Halsnøy. Med fly til Stord denne gong. Enkelt og raskt. Ganske rimeleg òg (kvifor har me ikkje tenkt på det før?). Men den eine kofferten klarte dei å rota vekk på Gardermoen. Den tok seg ein svipp til Split i Kroatia. Og innan me hadde kome tilbake igjen, var den framleis ikkje å oppdriva (Godt gjort, Gardermoen!). 
Og tida me hadde avsett til turen viste seg å vera i knappaste laget. Innan nokre dagar skulle me treffa vener og kjente. Berre på ein liten tur til Sæbøvik traff eg opptil fleire vener frå barndom og ungdomstid. Og alle utbraut at "jøss, det var lenge sidan". Det er i slike stunder ein oppdagar kva som ein gong har vore. Og det var fine slektningar, kaffi og kaker, åttiårsmarkering, og søskenbarntreff, selskap, mange i familie og slekt, meir kaffi, gode kaker, vaflar, gode middagar, og smil og prat, og mange gjorde dagane velluka ved å stå på, medan me haldt oss meir i bakgrunnen og tok egoistisk for oss av gode kaker og gode middagar. Og innimellom måtte me som er vant til stille austlandsskogar stikka av ein liten tur for å koma sterkare tilbake.
Men den blå sjøen som omkransa øya og alle ferjeturane var like blå som før. Og alle var glade og nøgde innan me returnerte...sjølv om kofferten framleis var borte.

fredag, juli 08, 2016

Direktesendt elbiltur til fjells


Ved Lifjell, aust for Øyer.


Fredag 8.7. drog familien på ein liten elbiltur frå Eidsvoll til fjellstroka ved Øyer nord for Lillehammer.
Me; kona, sonen vår på seks og eg skulle vitja ei venninne med dotter på tre på hytta deira for helga. Og samstundes fekk eg testa litt forskjellig i forhold til elbilferie.
Det var første gong kona var med på ein litt lenger ferietur med elbil. I fjor drog sonen og eg heilt til Vestlandet med den vesle elbilen. Så me to hadde noko meir erfaring.

Helgeturen til Øyer blei derimot ikkje ein veldig utfordrande tur, sånn elbilmessig. Avstanden var på omlag femten mil. Elbilen, ein Citroen C-Zero har ei rekkevidde på omlag ti mil og det er godt med hurtigladarar oppover.
Men dette blei særleg ei testing av nettbasert kringkasting. Turen blei kringkasta her på reisebloggen med mobilkamera via Bambuser. I tillegg blei posisjonen vår kringkasta via Glympse.
Så dermed kunne ein følgja oss oppover E6 og under ladepausar gjennom bilete, småprating, og på kart. Dersom dette fungerte bra, kunne det bli aktuelt å gjera noko liknande på meir utfordrande turar seinare.

Ei lita utfordring som eg oppdaga med slik direktesending er irriterande knirkelydar som forplantar seg til mobiltelefonen. Ei anna viktigare utfordring, er at direktesendinga fell ut av og til, særleg når me køyrer inn i tunnelar. Dermed må me starta ei ny sending og eventuelle sjåarar må gjenoppretta nettsida. Bambuser fungerer elles ikkje i nettlesarar som Safari, så vidt eg kan sjå, men bra i Chrome. Og så må me finna ei ordning slik at det fungerer på smarttelefonar og nettbrett. Glympse sin kartposisjon såg ut til å fungera bra.


Men nok om det.
Turen starta eit stykke sør for Eidsvoll i fint, vekslande solskinn. Inn på motorvegen på E6 ved Minnesund la me oss bak ein trailer og "putra" i 80-90 for å spara straum. Då trailaren svinga av, gjekk det noko fortare med oss. Eg klarer ikkje heilt å synleggjera meg som ei "sinke" i trafikken når fartsgrensa er 110.
GPS-en viste oss vegen til Grønn Kontakt sin hurtigladar på Hamar. I tillegg er det mange sakteladarar på kjøpesenteret der. Så me tok den vanlege halvtimen med hurtiglading og blei ståande ein time ekstra på saktelading.

På ein bilferie er det alltid kimar til familiekonfliktar som det er greitt for oss å testa ut. Ei kime er jo sjølve elbilen, og det potensielt usikre med lading. Dessutan sparer me på aircondition nettopp på grunn av rekkevidda. Men kona var glad og imponert over kor lett det var med ladinga. Dessutan var det fint med pausar, syntes ho. Ei anna kime til konflikt er min iver etter å testa ut slike tekniske ting som direktesendingar og liknande. Dermed må me jo tenkja litt meir over kva me seier i bilen. Men det gjekk òg bra (trur eg).
Den viktigaste kimen til konflikt på ein ferietur er vel korleis ein skal bruka pengar. Generelt er det vel slik at kvinner gjerne vil bruka ein del, medan menn vil spara (eg trur i alle fall at all forsking viser det). For min del har eg satt alle sparefunksjonar på hundre prosent, fordi me sparer til ein Tesla Model 3. Kona derimot, vil gjerne at me skal unna oss litt meir i slike ferietider, og kjenner ei kløe berre eg seier ordet "spara" med min skarre-r.
Så då me stod og lada utanfor kjøpesenteret, var det i gong.
-Eg er svolten, sa ho.
Eg kjende at det murra i venstre bakbein.
-Kan me ikkje berre kjøpa oss noko mat her inne, spurte ho.
-Men me har jo med oss mat. Kan me ikkje berre skjæra oss ei brødskive, spurte eg.
Ho pusta. -Nei, eg har lyst på noko anna.
-Jaja, berre dra de, sa eg.
Ho løsna lukkeleg bilbeltet og tok ut sonen vår. Litt seinare kom dei tilbake med hamburgarar og påmmfri.
-Skal du ha noko, spurte ho.
-Nei, svarte eg.

 

Ut på vegen igjen, forbi Brumundal.
-Oi sjå, der står ein Tesla Model X, ropte eg, då me passerte ein Tesla-forretning.
Vegen var fengslande trygg med rekkverk til motgåande køyrebane. Me passerte Lillehammer. Sola skein. Så var me på Øyer og fann fram til Fortum sin hurtigladar ved Kiwi. Meir handling.
Me romstrerte oss fram til vegen opp til hytta. Det var ein bratt, sju kilometers veg rett til fjells. Venninna som venta ved hytta køyrer ein liten Toyota som kan slita litt oppover denne bratte vegen. Men elbilen vår freste oppover utan problem. Me priste elmotoren og den fine utsikten nedover dalen
(alt me hadde sagt på turen, var samstundes blitt kringkasta på bloggen).




Vel framme til hytta blei me ynskt velkomen av venninne med dotter. Eg skrudde av kringkastinga for denne gong. Me satte oss i solveggen med ein øl. Ungane sprang lukkelege omkring. Me kikka oss rundt. Lukta på fjellet kunne minna litt om Finnmark. Utover dalen kunne me sjå ei mengd med hytter ved Hafjell. Mange av dei svære som palass. Som ein diger by. Hytta til venninna var derimot spartansk, gammal og fin. Utan straum. Me måtte finna andre løysingar for lading av elbil og mobiltelefonar.



Neste dag skulle me på utflukt. Til Hunderfossen Familiepark. Det kosta ein tusenlapp, og eg ville helst spara den. -Spar-ra, herma kona mi. Men det var råd. For ei anna venninne hadde spandert på oss dei billettane.
Utanfor inngangen såg eg meg omkring. Det skulle vera ein ladeplass her. Som var gratis. -Kan me ikkje berre gå inn med ein gong, sa kona. -Eg vil berre finna den ladeplassen, svarte eg. -Ein elbil som står parkert utan å lada er bortkasta.
Eg leita og leita på den svære parkeringsplassen. Til slutt fekk eg spurt meg fram til hotellet lenger nede. Plugga i elbilen. Gratis. Juhu!
Inne på Hunderfossen sprang ungane til små leikeapparat som dei like godt kunne ha funne på ein (gratis) parkeringsplass. Inn i eit slott og sjå på gamle eventyrfigurar. Minstejenta blei redd og gret.


Me hoppa i bassenget. Men veret veksla mellom overskya, sol og regn, og det blei kaldt.
I alle fall: Me hadde tatt med oss nistemat (sparte litt der). Og der var det noko som eg òg likte: Små, elektriske bilar som sonen og eg kunna køyra i.


Og nokre hoppande froskar. Og nokre hurramegrundt-karusellar. Eigentleg var det jo berre å ta for seg av flest mogleg aktivitetar når billettane var spanderte. Ungane var overmette av inntrykk. Lo og gret om ein annan. Det var vanskeleg å halda dei innan rekkevidde i folkemengda medan dei pilte av stad til nye aktivitetar.
Me kom oss ut. Eg gjekk ned til elbilen som var fullada (juhu).

Dagen etter køyrde me innover fjellet. Plaska litt i eit kaldt fjellvatn. Landskapet var flatt og ganske skoglaust. Det ga moglegheiter for overblikk og å pusta litt meir. Minna litt om Finnmark. Men overalt var det hytter. Og folk bak kvar ei tue. Nestan som i ein by.


Mette av fjelluft, god hyttemat og godt samvær pakka me saman. Elbilen lada ved hjelp av motorbremsen nedover den bratte fjellvegen. Fekk to ekstra strekar på batterimålaren (juhu). Venninna køyrde rett heim i fossilbilen sin. Me stansa ved hurtigladaren. Som var opptatt. Vidare til Lillehammer. Plugga i Grønn Kontakt. Rett ved sida hadde Fortum to ladestolpar. Ein annan stad stod det to parkeringsplassar med sakteladarar. Alt såg ut til å vera forholdsvis ledig, sjølv om det var søndags ettermiddag og mykje trafikk.
Ein lang kø med bilar snirkla forbi. Det var ein slik drive in McDonalds der. -Eg er svolten, sa kona. -Skal du h...-nei, sa eg.
Nedover mot Hamar. Kona og sonen mumsa lukkeleg på fastfood i bilen. Ho lurte eit par påmmfri i munnen min medan eg køyrde. Inn til den same Grønn Kontakt-ladaren på Hamar. Kjøpesenteret var stengt. Eg satte meg ved eit bord og skar meg eit par brødskiver medan bilen lada.
Så siste etappen. Passerte hurtigladaren på Espa. Det skulle gå bra.
-Det går bra å køyra forbi hurtigladaren til Fortum/Kiwi òg, sa eg då me kom til Minnesund.
-Nei, kan me ikkje lada her for å vera sikre, sa kona.
-Nei då, me treng litt spenning til slutt, sa eg diktatorisk.
Det var ein del av erfaringa eg ville ta med meg; korleis bilen reagerte på å ha lite igjen på batteriet. Då me hadde fem kilometer igjen til huset, stod det på null. Det er alltid ei spesielle kjensle; å leva i eit slags nullpunkt der bilen køyrer vidare. På null. Inn på grusvegen mot huset lyste skilpadde-ikonet på dashbordet opp. Teiknet på at absolutt siste rest er igjen på batteriet. Men så var me framme. Det gjekk bra.

(Fleire, noko langdryge direktesendte videoklipp kan sjåast på Bambuser.)




søndag, juli 03, 2016

Sykkelhengar i sol og regn




Me drog ut på den lengste turen så langt med installasjonen vår, seksåringen og eg. Ein ekstra barnesykkel som blir festa i min sykkel. Det låg an til ei mil på landevegen i variert ver, frå sol til styrtregn. På med klamme regnklede. Og refleksvestar for å gjere oss mest mogleg synlege i trafikken.

Seksåringen har etter kvart blitt vant til doningen. Men det har gått i korte turar på grusvegen nær heimen.

Så nå var det ut på landevegen. Sola steikte den eine augneblinken. Den neste ausa det ned. Bilistane såg at det var ein liten kar bak meg, og tok det roleg i forbikøyringane. Og seksåringen trødde ivrig i veg. Var reine hjelpemotoren der bak. Og han smånynna og sang heile vegen.
På vegen møtte me ein annan syklist med eit barn i ei sykkelvogn. Me helste smilande til kvarandre.
Framme ved Eidsvoll bar det inn på biblioteket. Kikke i nokre barnebøker. Låna nokre filmar og ei lydbok (Kjartan Fløgstad; Grense Jakobselv). Setja oss i kafèen med is, vaflar og kaffe. Lesa litt i spanande blad som står i hylla.
Ute skein sola. Me hadde håp og gjekk ut. Men der styrta det ned igjen. Så på med klamme regnklede, refleksvestar og trø i veg. Seksåringen nynna og sang heile vegen heim.



tirsdag, juni 28, 2016

Elektrisk "family business"


Me har byrja på nokre slags familie-forretnings-turar. Familien "kultur, elbil og journalistikk", eller noko slikt. Ikkje at me har tent noko på det så langt. Men kanskje på sikt? 
Kona deltok med biletkunst på Finnskogutstillingen i Grue i vinter, og tok med minstemann på seks år, ei venninne med barn og meg. Det blei ikkje noko biletsal, men eit av bileta vart nå blant dei mest likte i ei publikumskåring. Og artig å vandra omkring og sjå på diverse kunst i den mystiske Finnskogen. På seinsommaren deltek ho på ei ny kunstutstilling; "Kunst elva rundt" i Drammen.

På veg til utstilling i Finnskogen.

Frå utstillinga. Eitt av kona sine bilete heilt til venstre.

Det er ein ide me har; Å kombinera tur og rekreasjon med kunstnarlege hobbyar som kanskje kan utvikla seg til noko meir. Samstundes er me noko spente på korleis det skal gå å ha med barn med sine behov. Under kunstutstillinga i Finnskogen blei det mi oppgåva å fanga inn overtrøytte, hylande ungar som sprang langs kunstveggane.
Men minstemannen vår er ein svært sosial gut. Og det sjarmerer jo mange. Det er berre at det kan ta vel av, enkelte gonger.

Så nå, på byrjinga av sommarferien var det klart for eit av mine prosjekt; Å dekka lanseringa av ein ny elbil, som eg skulle skriva om i elbilbloggen. Heile familien satte seg på toget for å ta del. Kona skulle hjelpa med fotografering. I Oslo møtte me eldstesonen min som skulle hjelpa med å kringkasta hendinga direkte. Minstemann på seks år skulle...gjera minst mogleg ugagn.
Han var den mest spente av oss alle. Han sat på toget og såg ut på alt som rasa forbi. "Åi, sjå på det", utbraut han, medan andletet var klistra til togvindauget.

Vel framme på Fornebu braka det laus. Ein kul, sportsleg elbil blei avduka "Åååååii" utbraut minstemann då teppet blei dratt av. Fanfarar blei spelne.  Talar blei haldne av personar frå både inn og utland. Kona knipsa bilete.  Eldstesonen kringkasta direkte. Eg intervjua folk. Sjefen for heile arrangementet var lettare stressa. Han hadde jobba i fleire dagar med å gjera klar denne forestillinga, men tok seg tid til å helsa på oss. "God dag", sa han og handhelste på minstemann. "Eg heiter Jan Petter." "Nei, du heiter "Aleksander", sa minstemann. "Å, gjer eg det", sa sjefen litt forvirra. Eg såg nervøst ned på den vesle. Han hadde blitt farleg fort husvarm i dette lokalet. "Men kan de ikkje spela musikk av a-ha", spurte han. "Musikk av a-ha", svarte sjefen.  "Nei, nei" skaut eg inn. "Du har sikkert nok å tenkja på i dag.". "Men har de brus, då" spurte den vesle rakkaren. "Ja, brus, ja", svarte sjefen og gjekk mot bardisken. "Solo", ropte han.


På plassen utanfor serverte dei grillpølser. Minstemann åt med god appetitt. Eldstesonen og kona fekk seg litt champagne. Glade menneske prata på alle moglege språk. Den nye elbilen fekk stå i fred for små barnehender. For på baksida hadde han oppdaga ein leikeplass. Den vart nok redninga.
Innan ein sliten "Family-business" gjeng kunne setja seg på toget heim. Mette av pølser, champagne og elbil.
Ved sida av oss på toget sat ein liten gut. Etter to minutt hadde den vesle sonen vår innleia kontakt. Dei satte seg med eit spel på ein iphone og småpludra heilt til me var framme.



tirsdag, august 11, 2015

Ny påhengssykkel


Me har kjøpt oss ny sykkel. Grøn og fin struttar den saman med dei andre i "sykkelgarasjen". Kjøpte den på Biltema. 800 kr. kosta den. Og den har hengt seg på min sykkel. Det er altså ein slik "påhengssykkel", eller ein slik som ein festar til ein annan, slik at det blir ein slags tandem.
Det er nemleg litt utfordrande å dra på sykkeltur med femåringen. Han har lært seg å sykla utan støttehjul. Men det går nå i rykk og napp, og det er ikkje sikkert at me når fram til målet. Velta og fått skrubbsår har han òg. Men han byrjar å bli for stor til å sitja i ei sykkelvogn. Dermed såg det bra ut med ein slik påhengssykkel.
Så me prøvde. Satte han oppå, byrja å sykla litt. Det gjekk ikkje bra. Han satte i eit skrik og ville hoppa av. Kjende seg utrygg og trudde han kom til å velta. Å hoppa av ein slik sykkel i fart er jo farleg. Så me venta ein månad.
Ny prøve. Me lirka og lura med lovnad om "premie". Først stod sykkelen heilt i ro. Han satte seg skeptisk oppå. Så trilla me forsiktig. Så satte eg meg oppå sykkelen min og trilla, medan femåringen grynta uroleg der bak, så sykla eg....og der gjekk det endeleg bra. -Juhuu, sa han då me sykla innover mot blåbærskogen.


søndag, august 09, 2015

Berre blåbær


Sommar og ferie er på hell. Sola skein og kjernefamilien drog ut i blåbærskogen. Det susa i furutrea. Femåringen åt og åt så truten blei, ja sjølvsagt blå. Bærspannet fylte seg opp.
Det var ikkje den lengste turen. Og den tok ikkje så veldig lang tid. Det var berre ein liten...blåbærtur.

tirsdag, august 04, 2015

7. Elbil på langtur - Erfaringar: Går det an med liten elbil på ein lang tur, med barn?


(Dette er siste og sjuande kapittel i soga om ein lang ferietur med ein liten elbil. Historia startar lenger nede i bloggen, frå kap. 1.)

Så korleis er det å køyra ein liten elbil på langtur, med barn?

-Sjølv om det i kapitla lenger nede er omtale av enkelte utfordringar, vil eg påstå at det eigentleg ikkje er noko særleg problem. Det gjeld berre å ta det med ro, stansa/lade ofte nok og planlegga ekstra godt.

Tur over RV 7, Hardangervidda. Retur over E134, Haukeli.


-Nokre strekningar, som mellom Geilo og Eidfjord på RV7, og mellom Røldal og Notodden på E134 er det førebels ingen hurtigladarar og smått med sakteladarar. Så då er det lurt å kontakta overnattings, serverings og rekreasjonsstader og spørja om lov til å lada der. Alle som eg kontakta var positive. Og dei får jo dermed blide kundar som samstundes nyttar seg av det som er å tilby der. I tilfelle må ein godta at det kan ta nokre timar å vera der.

-Når det gjeld hurtigladarar, så kjem det vel straks ein frå Grønn Kontakt på Åmot. Og i følje dei, satsar dei òg på å få opp hurtigladarar på Haukeligrend og i Seljord. Så allereie neste sommar kan ein muligens hurtiglada heile vegen.

-Ein bør berekna minst ei overnatting mellom aust og vest (sjølv om eg trur det kunne gått greitt å køyra utan overnatting over RV7, dersom ein reiste utan barn). I tilfelle er det aller best å overnatta på camping. Der er det god plass for barn, mykje å gjera, og ofte andre barn å treffa. Eg har eigentleg ikkje vore ein slik campingturist, men fekk ei lita openbaring på denne turen. Ein teltplass med straum kostar berre rundt 200 kroner. 

-Ta med alle typar ladekablar, som type 2, forlengingskablar og liknande.

-Andre ting som er kjekt å ta med: Ice-nett modem dersom ein treng stabilt internett (eg gløymde å ta med tilkobling til sigarettennar-uttaket) og kupèvarmar til teltet (det var ganske kaldt oppå fjellet). Ein tarp er fint å ha som ekstra vern over teltet i tilfelle det blir regn, og som ekstra plass å sitja under (særleg for meg som hadde så lite telt).
-Eg plasserte mest mogleg av den tunge bagasjen nede ved beinplassane. I det vesle bagasjerommet, som til vanleg ikkje er sikra på nokon måte, festa eg ein stropp over kjøleboksen, ladekablar og anna, og satte den fast i dei to isofix-festa.

-Navigering: Eg brukar iPhone. Så det enklaste var å bruka appen "LadeNå!" som verkar å vera ganske godt oppdatert. Derfrå kan ein klikke på aktuell ladestasjon som ein skal køyra til, så "kjørehenvisning". Deretter kjem ein til Apple sitt kart som oppgir kor langt det er å køyra. Og derfrå kan ein klikke på "apper" og så velje den navigeringsappen ein vil. Her brukar eg Navigon, som dermed raskt  set opp ei rute heilt fram til ladestasjonen. Eit anna tips er å ikkje bruka karttenesta "Here". Denne viste ofte 2-3 mil kortare avstand enn dei andre karttenestene.

-For all del: Lad heller ein gong for mykje, og ikkje ta unødige sjangsar med rekkevidden. Eg haldt i alle fall på å brenna meg på slutten av turen min.
Men dersom ein skulle vera ille ute og målaren står på null, så har ein som regel omlag ei mil til å gå på, innan det er heilt tomt.

-Neste gong vil eg planleggja å vitja fleire rekreasjonsstader som legg til rette for barn, og undersøka om eg samstundes kan avtala lading på slike stader. Kanskje eg òg vil leggja inn endå fleire overnattingar på turen, slik at sjølve turen byr på endå fleire opplevingar. Det er jo mykje å sjå og gjera på vegen. På vår tur blei det kanskje i overkant mykje leiking på tomme parkeringsplassar.

-Kva dette har kosta, får eg koma tilbake til, når rekninga for hurtigladinga kjem. Noko gjer turen rimeleg. Det er ingen bompengar å betala. Og nokre stader har ladinga vore gratis. På den andre sida er fleire stans som regel meir kostbart, enn om ein skulle velja å køyra 40-50 mil utan særleg stans. Og eg synest framleis at ein pris på kroner 2,50 per minutt er i overkant for hurtiglading, og isolert sett dyrare med min elbil, enn å fylla diesel. Og det trur eg er eit dårleg konkurranseelement viss hurtigladeoperatørane vil satsa på at langvegsfarande skal køyra elbil og ikkje fossilbil i framtida.

-Elles opplevde eg å stort sett koma til "dekka bord" når det skulle ladast. Hurtigladarane var stort sett ledige, og det var sjeldan andre elbilar å sjå på ladestasjonane. Dei gongene det var nokon der, var det hyggelege møte og ikkje noko nemneverdig forseinking som stressa meg. Det kan sjølvsagt endra seg når det blir endå fleire elbilar og kanskje fleire langvegsfarande elbilar. Samstundes er det å håpa at talet på ladestasjonar òg aukar. Det bør særleg opprettast fleire ladepunkt på kvar stasjon. Og hurtigladarar bør supplerast med eit større antal flexi eller sakteladarar, slik at dei som har hurtiglada opp til 80 prosent, til slutt kan topplada på desse, og slik sleppa andre til hurtigladinga. 

-Noko av det mest kritiske, er når ladarar ikkje virkar. Eg opplevde det ein gong på flexiladaren til Grønn Kontakt i Odda (det skuldast i følje Grønn Kontakt ein øydelagt sikring som dei straks utbetra)  og at ein annan elbilist måtte avbryta ladinga halvvegs på eine hurtigladaren i Røldal. Men eg lurer ein del på ladarane til Fortum. Eg har altså erfart at hurtigladaren på Kløfta for nokre månader sidan måtte passast på og restartast fleire gonger. På denne turen erfarte eg at det i Sokna stod ein elbil på Kiwi/Fortum som hadde fått ladinga si avbroten, på Berger stod ladaren uverksam og med ei feilmelding og på Kiwi/Fortum på Frogner stod ein bil med avbroten lading. Og dette gjer meg bekymra i forhold til framtidig bruk av Fortum sitt tilbod.

-Men turen elles? Kva meinte sonen min på fem år? På spørsmål sa han at han heller ville reisa med Forden neste år, og at det hadde vore for mykje lading. Han er ein type som ikkje likar overgangar og avbrot. Så av og til blei det slik at han protesterte mot å stansa for å lada, og så protesterte mot å avbryta leiken for å dra vidare. Men han var samd i at det var fint å stansa ein del for å leika. Så ein bør kanskje ikkje vera redd for leik på ein slik tur. Rolla som Venom er å tilrå. Det er kanskje òg å tilrå å stansa på meir barnevennlege stader. Og når ein først er der, kan ein kanskje bli der noko lenger, og altså bruka endå meir tid på sjølve turen.

-Og eg? Etter at me kjøpte elbil, vil eg aldri meir kjøpa ein fossilbil. Etter denne turen, vil eg aldri meir dra på ferietur med ein fossilbil. Viss eg får avgjera. Langtur med elbil passar meg godt. Å stresskøyra for å nå fortast mogleg fram til eit mål langt der framme, har aldri vore min greie. Som elbilturist blir det fleire stans, meir å sjå og mange likesinna elbilistar og andre hyggjelege menneske å prata med. Det kjekkaste var å finna ut at, ja, det går faktisk an.
Når det gjeld rekkeviddeangsten, kan ein stort sett unngå den med meir erfaring, svinga av vegen og lada heller ein gong for mykje enn for lite, planlegga godt, og gjera avtale med folk der ein ikkje finn offisiell lading på vegen.


mandag, august 03, 2015

6. Elbil på langtur - Siste dag mot mål


(Oppdatert 30.8.2015)

Me vakna til eit blikkstille Seljordvatn, stille medturistar og fullada elbil. Selma Sjøorm var ikkje å sjå ute på vatnet. Men Seljord Camping er idyllisk og fin. Femåringen var overlukkeleg over at det var ein leikeplass der. Hadde me avsatt meir tid, kunne me tatt ein tur ut på vatnet i ein slik trøbåt som låg ved kai. Men me ville helst koma oss "heim til ho mor". Så me åt frukosten, pakka og gjorde oss klare.


Eg byrja å bli modig i forhold til batteri og lading. Ved Notodden antyda rekkeviddemålaren seks mils rekkevidde, medan det skulle vera to mil til Kongsberg. "Hah" tenkte eg og sigla forbi hurtigladaren i Notodden. Og byrja klatringa oppover ein stigning. Klatring oppover, ja. Seks mil vart raskt redusert. For første gong på turen viste rekkeviddemålaren kortare rekkevidde enn avstanden til ladaren. Eg kjende pulsen slå. Radioen summa. Sonen sat som vanleg lukkeleg og uvitande med iPaden der bak. Eg kikka stadig på rekkeviddemålaren. Så inntraff det fysiske prinsippet om "what goes up must come down" igjen. Det gjekk nedover. Eg var ytterst forsiktig med fartspedalen. Utnytta regenering og "sigling" for alt det var verdt. Forbruksnåla bevega seg nestan aldri opp på forbruk på vegen nedover. Og rekkeviddemålaren byrja å tikka oppover igjen.


Framme ved Grønn Kontakt sin hurtigladar i Kongsberg vart eg først usikker. Den reagerte ikkje på ladebrikken min. Eg trykka den inntil fleire gonger, men ingenting skjedde. Så gjekk det opp for meg. Ladinga er jo gratis! Ooøøøøyy! Ein Leaf-eigar kom bort til den andre ladekabelen og klødde seg i hovudet. Eg gjorde han merksam på forholdet, og han blei minst like glad. Det kom ingen andre elbilistar til, så eg topplada til hundre prosent.



Sonen min åt ei fiskekake frå kjøleboksen og fekk ein is (!) i kiosken. Til dessert (!) kjøpte me ei korg med bringebær. Så leika me litt Spiderman og Venom igjen på plassen, medan me venta på at ladinga skulle bli ferdig. ("Blo blææ blo blææ blo blææ").


Ein (fossil)bilist kom bortom (midt i eit "blo blææ") og spurte litt om elbilen vår. Eg anbefalte han på det sterkaste å kjøpa ein elbil, som den elbilambassadør eg er. Ja, han hadde tenkt på å kjøpa ein slik hybrid, svarte han (det seier nestan alle fossilbilistar som lurer på å konvertera). -Ja, men den har veldig liten elektrisk rekkevidde. Det er berre å skifta heilt, med ein gong. Og elektrisk langtur er heller ingen problem, sa eg.
Planen var vidare å hurtiglada ved Sandvika. Men det hadde byrja å bli ettermiddag. Klokka var halv tre. Og eg ville helst unngå ettermiddagsrushet i Oslo (sjølv om me muligens kunne unngå den ved hjelp av kollektivfeltet). Til Fortum sin hurtigladar på Berger var det omlag ti mil frå Kongsberg. Det burde jo gå. Veret var varmt. Begge ville me heim. Og frå Berger var det i tilfelle strake vegen til heimen.
Me drog av stad med fullt batteri. Køyrde forbi Sandvika. Trafikken tetna til og vart meir aggressiv. På innsida sigla ein og annan elbil forbi i kollektivfeltet. Eg haldt meg i midten. Det viktigaste var ikkje å koma seg fortast mogleg fram, men å bruka minst mogleg straum. Farten framfor meg haldt seg i 60 og 70. Det var heilt greitt. Det som òg er kjekt, er at ein ved å køyra i midterste felt, slepp å skifta felt i det heile inn og ut av Oslo. Bilen sigla stødig i midten, medan resten av trafikken stressa rundt oss.
Me var snart framme. Dette skulle vera finalen. Paraderunden der me skulle koma i mål med fanfarar,  laurbærkrans, heder og ære. Ho mor skulle ta imot oss og seia at "jøss, så flinke de er, tenk å køyra elbil frå aust til vest og tilbake igjen" og eg skulle svara at "ja, det er ingen problem. Elbil er tingen å ha på langtur. Det er hermed bevist".....
Men rekkeviddemålaren var ikkje heilt enig. Den gjekk nedover. Og nedover. Rundt oss på alle kantar var det hurtigladarar og sakteladarar. Likevel gjekk bilen berre framover på e6, i midterste felt. Det er noko med at når det har blitt langt på dag og eg først har bestemt meg, så klarer eg ikkje å svinga av. Eg må berre visa at eg skal klara dette. Og navigasjons-appen seier jo at me skal til Berger. Igjen viste målaren kortare rekkevidde enn distansen. Ladeikonet hadde byrja å blinka for lenge sidan. Og nå var det alvor. Den siste streken blinka. Det var under ti kilometer rekkevidde. Åtte, sju... Det gjekk litt nedover i terrenget. Det hjalp litt. Men så gjekk det opp. Opp og opp. Fem kilometer, fire, tre, to... Og som den stuten eg var, så klarte eg ikkje å køyra så sakte, heller. Var berre heilt låst på å halda fram. Det var tre kilometer igjen til Berger. Men det var ingen batteristrekar igjen på skjermen. Og rekkeviddemålaren sa at eg hadde igjen ei rekkevidde på.....null! Eg hadde ingenting igjen. Og terrenget gjekk framleis oppover eit godt stykke. Og eg, idioten køyrde i 80-90....

I panikk svinga eg brått av mot Skedsmokorset. Eg kom meg inn til kjøpesenteret der. Det er to sakteladarar ein eller to kilometer unna derfrå. Eg kunne vel muligens koma meg fem kilometer framover i såkalla "skilpaddemodus" (nødkøyring på siste batterirest). Men ein gong før hadde eg erfart at ingen av dei to ladarane virka. Og eg våga nestan ikkje å rikka bilen. Sat som forsteina. Det var første gong eg hadde opplevd så liten rekkevidde. Ti mil klarte den altså ikkje. Det skuffa meg litt. Veret var jo varmt. Kanskje det skuldast at den var opplasta på langtur. At det hadde gått litt for fort mot slutten. Men nå var det godt å ha erfaring med nødløysingar. Ein vinter før hadde eg brukt den. På baksida av dette kjøpesenteret var det nemleg nokre motorvarmeboksar og parkeringsplassar reservert for Skeidar. Ein slik hadde eg fått lov til å bruka ein gong før, då nøden òg var stor. Eg køyrde forsiktig bak senteret. Fann ein boks. Ville ladinga starta når det var nestan tomt? Eg satte i ladaren.....Den velsigna "lade-vosj-lyden" kom. Bilen summa svolten og nøgd. Me sprang rundt og fekk spurt ein tilsett ved Skeidar om det var greitt. Det var heilt greitt, sa ho.

(Sett i ettertid, og dersom eg hadde lest meir nøye om andre sine "skilpaddeerfaringar" på elbilforum.no, så  kunne eg sannsynlegvis ha køyrt det siste stykket til Berger. Andre sine erfaringar viser at bilen som regel har fire kilometer til når den står på null, og i tillegg fem-seks kilometer i noko saktare "skilpaddemodus" innan den eventuelt er heilt tom.)

Men femåringen var slett ikkje nøgd. -Skal me lada nå igjen, spurte han. -Sjå, der er det ein leikebutikk, svarte eg. -Kan eg få ein slik, spurte han. Det var ein Spiderman-leike som kunne festast til armen og som kunne skyta ut eit nett. Den kosta 300 kroner. -Ja, det er heilt greitt, sa eg.
Me gjekk tilbake. Femåringen skaut omkring seg med Spiderman-leiken sin. Ladinga tok si tid, sidan batteriet nestan var tomt. Eg venta til det var tre strekar og omlag to mils rekkevidde.

Så fann me fram til Fortum-ladaren på Berger. Den hadde ei feilmelding og reagerte ikkje på noko trykking av knappar. Det stod ein sakteladar like ved sida som var ledig, men me var lite lysten på å stå der i fleire timar. Neste var ein ny Fortum-Kiwi hurtigladar, ein kilometer unna. Der stod ein Tesla som såg ut til å lada. Men det stod det ei feilmelding på ladeskjermen om at ladinga på Teslaen var avbroten. "Pokker, Fortum! Dette er for dårleg," tenkte eg. Siste moglegheit var endå ein Fortum-Kiwi-hurtigladar på Kløfta, åtte kilometer unna. Den hadde eg hatt ymse erfaringar med tidlegare. Den kunne slå seg av og måtte restartast fleire gonger sist eg brukte den. Då me kom fram, var det ingen andre elbilistar der. Eg kobla til, og det såg greitt ut. Nå først kjende eg kor varmt det var. Og me gjekk i stillongs og fjellantrekk. -Eg vil vera Spiderman som kan fly, sa femåringen. -Jada, sa eg, løfta han opp og "flaug" rundt omkring på parkeringsplassen, medan sveitten rann.
Ladinga gjekk bra utan avbrot. Det var trettifem kilometer heim. Eg trødde fartspedalen ned ut på motorvegen. For første gong på turen satte eg på aircondition. Susa av garde. Kjende den gode, kjølege lufta. Me svinga til slutt opp den velkjende grusvegen opp til huset. Klokka var blitt halv seks. Der sat ho mor og venta på trappa. -Jøss, så flinke de har vore, sa ho. -Tenk å køyra elektrisk heile den lange vegen. -Ja, dette var ingen problem, sa eg. -Elbil er tingen.

søndag, august 02, 2015

5. Elbil på langtur - Avreisa tilbake igjen


Så var det på tide å venda nasen austover igjen. Bilen var pakka igjen, og reisa starta søndagen klokka halv elleve om føremiddagen. Farmor hadde i ein alder av 80 kjøpt seg ny iPad og skulle følja oss på reisa via appen "Find my friend" i tillegg til direktesendingar frå Bambuser.


Me dukka ned i den undersjøiske tunnellen igjen, blei spytta ut på fastlandet og susa av garde i ei blanding av sol og regn.
Med fullada batteri såg det ut til å vera meir enn nok straum. Så me køyrde galant forbi hurtigladaren i Rosendal.
Vestlandet er jo full av spektakulære fossar. Så denne gongen ville eg ta meg tid til eit nærsyn med i alle fall ein av dei; Furebergfossen i nærleiken av Mauranger.
-Har du lyst til å stoppa litt og sjå på denne fossen, spurte eg bak til femåringen.
-Nei, svara han. Han hadde hovudet nede i iPaden og var ikkje så interessert i noko avbrekk. Men det var jo eit typisk, dumt vaksenspørsmål. For bilen var jo allereie stansa og eg på veg ut. Og når han først fekk koma nærare, var han henrykt over nærleiken og over å få "dusja" litt.


Litt lenger inne skimta eg Bondhusbreen, ei tunge av den svære Folgefonna.
-Har du lyst til å dra opp og sjå på den isbreen, spurte eg.
-Nei, svarte han. Denne gong tok eg omsyn, plukka fram telefonen og tok eit kjapt turist-avstandsbilete av breen ut av bilvindauget.
Bondhusbreen kan skimtast så vidt der oppe ein stad.

Så bar det inn i den lange Folgefonntunnelen igjen. Ut av holet og til Odda, hurtiglading og litt leiking ved Odda Vitensenter. Denne gong hadde eg planlagt turen over Haukeli. Eg hadde berekna omlag tre mil til neste hurtiglading i Røldal og at 80 prosent med batteri skulle vera meir enn nok. Me køyrde forbi nye, spektakulære fossefall, susa oppover svingete, bratte vegar, rasa kjekt forbi ein bubil i eit krabbefelt og så kikka eg litt på rekkeviddemålaren og utbraut eit lite "....ææh, åi!" 15 km rekkevidde....og nestan 15 kilometer igjen til Røldal! Men som me alle veit, "what goes up, must come down (a-ha, ha, ha)". Røldal ligg jo nede i terrenget, så resten av turen var berre å lada/regenerera seg nedover den bratte vegen, godt med straum igjen og svinga inn til ein ny Grønn Kontakt.
Der var det jammen litt kø. To VW Golf. Sjølv om dei brukar ein annan type ladekontakt, måtte bilen min venta til den andre var ferdig på grunn av kapasiteten til ladaren. Den tida blei igjen brukt til elbilprat og utveksling av erfaringar. Han eine var òg på langtur. Men han hadde for sikkerhets skuld med seg både bubil og kone som backup. Han andre måtte avbryta ladinga halvvegs på grunn av ein feil. Det var første gong eg observerte ein feil på ein hurtigladar hos Grønn Kontakt. Men på skjermen lova dei at feilen var registrert og at den skulle ordnast snarast.
Då den kombinerte elbil og bubilsjåføren var ferdig, starta ladinga automatisk i bilen min. Etter omlag ein halv time og 80 prosent batterikapasitet flytta eg over til flexiladaren som stod ved sida, for å lada sakte til batteriet var fullt. Og ENDELEG kunne eg stolt ta i bruk den nykjøpte "type 2 til type 1"-ladekabelen min.
Spiderman var òg imponert over den nye ladekabelen min.

Den mest utfordrande delen av køyreturen venta; klatringa oppover mot Haukelifjell og ein noko usikker avtale om lading på eit hotell. Så eg ville for å vera så sikker som mogleg lada heilt opp til hundre prosent. Bilen min tar berre 16 ah saktelading, så det tok ei tid. Den brukte me på næraste kafè. Sonen min fekk seg ein ny is. På kafèen traff me på nokre halsnøybuar. Dei hadde berre bestemt seg for å dra dit nasen peika og sola skein, i motsetnad til min nøye planlagte tur.
Det regna ein del. Så denne gong tok eg det med ro. Og rekkeviddemålaren svarte med oppmuntrande  tilbakemeldingar. Det var meir enn nok på batteriet då me svinga inn til Haukeli Hotell og Restaurant, ved Haukeligrend. Ein travel, men smilande innehavar tok imot oss. Han hadde slett ikkje gløymt avtalen vår over epost og hadde gjort klar ein kabel til ein stikkontakt. Han viste vegen og bilen stod igjen og lada. Takknemleg over slik service, bestilte eg god mat i restauranten. Fjellburger til femåringen og lammeskank til meg.

Denne ladinga kom til å ta tid. Faktisk tre og ein halv time innan batteriet var lada heilt opp. Så me undersøkte kvar einaste krik og krok av Haukeligrend. Me gjekk tur oppover ein skogsveg, kikka litt på elva og såg på spanande salsboder. Femåringen fekk auge på ei Spiderman-lue. Den kosta berre hundre kroner og eg var i det lune hjørnet. Og femåringen hadde fått dagens høgdepunkt på turen.

Over plassen var det ei samisk salsbod. Ja, kor samisk den var, kan kanskje diskuterast. Det var ei salig blanding av diverse turistfeller. Men Stàllu dukka i alle fall opp igjen. Og blei avbilda saman med Spiderman.
Den siste timen blei brukt til leik. Noko måtte me jo gjera. Femåringen var Spiderman. Sjølvsagt. Og eg var ein skummel og ekkel type som heiter Venom. Når Venom snakkar, seier han berre "blo blææ blo blææ blo blææ". Me dreiv rundt på plassen og "småsloss" med slag og spark. Eg skaut haka fram, stakk tunga ut og sa "blo blææ blo blææ blo blææ". Nokre utanlandske turistar stirra forskrekka på meg og den vesle karen i i finlandshette/spidermanlue.

Endeleg, klokka halv ni om kvelden kunne me avslutta leiken. Bilen var lada ferdig. Det var omlag ni mil til Seljord. Sola skein. Det gjekk mykje nedoverbakke. Bil og batteri var i godlune. Og turen gjekk utan stans til Seljord Camping. Innehavarane spurte litt om det var ein god ide å oppretta nokre elbilladarar til forbifarande på campingplassen. -Ja, det er ein veldig god ide, svarte eg, som den elbilambassadøren eg er. Uansett hadde dei stikkontaktar over alt. Bilen blei satt til lading over natta. Teltet blei satt opp med utsikt til Seljordvatnet. Me putta ein kupèvarmar inn i teltet og haldt kveldskulda ute, åt litt kveldsmat og sovna seint, men godt.